Fysste skoledag

Den fysste dagen på skolen var kjekk, men selvfølgelig så gjorde me ikkje ein einaste skikkelig ting. Sånn er det alltid.

Tok bussen med Iris og Aurore, raste te skolen og venta på vidare instruks. Forlot jentane då de skulle ha ein engelsk-test (me trengte ikkje noko slik :> ). Me kom inn i eit klasserom og skreiv nokon ID-papir, så stokka John, tutor’en vår korta og dela dei ut. Så skulle me leke journalistar og skrive ein presentasjon av personen me fekk. Jon fekk meg (wow, vanskeleg :P) og eg fekk Thomas Frafjord :> Han ville ikkje snakke mykje men eg fekk nå noko utav han.

Eg sa meg frivillig te å starte med å snakke om Thomas. Av ein eller annan grunn så va eg morsom og alle lo :-S Det var litt kjekt sidan eg normalt er veldeg keisam (kjedeleg eller noko, er ingen rev i nynorsk) ;) Resten av presentasjonane var ganske interessante. Når Jon skulle presentere meg sa eg te han at han måtte sei at eg har redigert ein del og brukar AVID. Dét ville han ikkje, men når han hadde presentasjonen sa han det allikevel. Då ble læraren John ganske imponert tihi.

Innrulleringen te skolen var ganske dårleg og me møtte masse problemar, te slutt tok me heller ein rundtur på skolen og eg tok bilder. Alle sammen blei sinte på meg fordi eg tok desse bilda :( Typisk, utakknemlege folk. Eg tok følge med Maxim heim denne dagen også, me skulle se på syklar. Eg syns dei var heller dyre nå ein brukt dårleg sykkel kosta nermare 1000kr. Kunne få nye syklar for 1200. Blei litt lei inni meg då eg såg prisane. På veien fann me også ein russisk butikk (Maxim er russisk) og me gjekk inn. Maxim snakka litt russisk og såg på varane, han lika den butikken godt ;)

Eg fann ein litt raskare veg heim og brukte 1,5 timer heim. Der fekk eg noko á la Lasange, microbølge-varma. Det var veldeg godt. På vegen heim hadde eg fått melding av Lotte, ho trengte hjelp med noko internett-greier. Så ca kl 19 jogga eg ned te Cowley Senter for å møte ho der. Tok ein 13–14 minutt med konstant jogging. Då eg kom ner ropte Lotte på meg, ho satt i ein bil. Verten hennar hadde kjøyrd henne ned fordi dei ikkje syntes nokon skulle gå ute i Cowley på den tia (er ikkje det beste strøket).

Vél heime hos Lotte fiksa eg internettet raskt. Internett-leverandøren kalte det bredbånd men det var kabel-modem med ISDN-fart og fast oppkobling, me blei litt skuffa. Så satt me litt for lenge på internett fordi det var ikkje mykje spennande i lengden. Då klokka var langt over 23-talet fann eg ut at eg burde legge meg. Så eg gjekk, Lotte fulgte meg ut på vegen. Var syk propaganda folka i nabolaget køyrde, skulle tro me var palestinske flykningar i Israel så farleg det var å gå ute. Aurore og Iris la seg rundt 7–8 tia, så dei var daue(sovande) for lenge sia. Ingen vits i å være oppe, så eg la meg rundt kl 0 GMT.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.