Reisen og fysste dag

Etter ein diger dag med fly og vert-familie møte måtte eg skrive ned kva som hadde skjedd, kanskje nokon vil lese det.

Me kjøyrde til flyplassen heile familien, då eg kom på eg hadde gløymd jakka og lua. Så pappa kjøyrde oss fram til flyplassen og me jekk av, så kjøyrde han tilbake for å hente jakka og lua mi :) Me va ein god gjeng som skulle ha igjen momsen på laptopene våre, me venta på tollaren. Då ho kom (såg ikkje mye ut som ein tollar) fortolla ho utan nokon problemar. Heldigvis.

Thomas tok med Golf-settet sitt også, det hadde kosta ein god del så han villa ha att momsen, eit lurt trekk ;) Resten av oppholdet på Stavanger Lufthavn Sola var ikkje særleg interessant.

Etter me hadde hatt det kjekt på flyet ned til København så var det tid for å ha det kjekt på selve flyplassen. Då me kom inn starta eg strakt å snakke dansk, høgt og klart som ein ekte danske (noe vil imidlertid ikkje være enig om kor god dansken min er). Eg fekk snakka litt Dansk med Lotte fordi ho gjorde ikkje stort av dét, mens Jørgen syntas eg var ganske teit og domma meg ut :-S

Etter me hadde gått eit godt stykke så var me med “Gate“en, og flyet byrja og sleppe folk inn. Så eg fant plass vedsia av Audun. Han fortalte meg at det sto i reglane til SAS at me kunne ta 3stk brus. Så når dama kom skulle me kreve dét. Jon tok opp Laptopen og dreiv på me noko, me andre snakka eller gjorde noko i den duren. Fysst fekk me ein til pakke med herleg flymat, tørr og god. Etter kom det kaffe, eg venta på te’en, men den tok jo kjempelang tid. Så når Audun var ferig med kaffen fekk han sannleg te også. Eit lurt trekk av Audun.

Servitøren kom og eg gjorde meg klar: 3 fanta, takk. Men ho hadde ingen fanta, bare ekkel, ekkel cola som eg ikkje drikk (har ikkje drokke cola på nærmare 1 år). Så eg fekk ein eplejus og 2 vann :P Frekt. Audun på sin side likte cola og bestilte 2. Det var dårleg Audun, bare 2?

Vél frame på Heathrow stilte me oss i ein laaang kø. Eg var forbanna over det dårlege systemet i England det var bare teit. Då me hadde stått der i ein 10–15min og kasta dritt på england såg me ein “Singapore: Boarding” skjerm på plassen me gjekk inn. Jon trudde fortsatt at det var rett veg så me fortsatte, men då folka sjekka billetten til Jon ville de ikkje sleppe han inn fordi det var tross alt et fly til Singapore og me hadde ikkje billettar vidare.

Litt tidligare hadde eg tatt fram passet for å gå gjennom “kontrollen” (som var eit fly til Singapore) men eg fann ikkje billetten min. Derfor sprang eg tebake te flyet og heldegvis var ikkje dørane låst enno. Eg snakka på Engelsk til piloten og me fann billettane, så takka eg han på norsk og han svarte på dansk tebake ;) Eg sprang opp korridorane for å ta igjen klassen, men då eg skulle åpne dørene inn til flyplassen var dei stengde. Eg kom meg ikkje ut.

Eg gjekk inn i flyet igjen og spurde kapteinen om han kunne gjøre noko, men han hadde ikkje tilgang. Han skulle imidlertid sei ifra når han var ferig for dagen (uh, der ble jeg litt oppgitt :| ). Eg satt meg ner med Aftenposten utenfor døra for å vente. Tenkte litt på kva som ville skje, om klassen ville køyre te skolen ut’a meg. Uansett var det ikkje noko problem, fordi eg likar å reise og finne utav ting på eigenhand. Det er morro.

Eg trengte ikkje tenke noko meir på dét når ein sikkerhets-ansatt kom og lura på kvifor eg var innafor “Restricted Area”, eg måtte forklare og han slapp meg ut. Då kunne eg springe for å finne resten av klassa. Mens eg sprang lura eg på kor eg hadde jort av lua mi, for eg hadde ho ikkje me meg (ugh, typisk :-S ). Svett fant eg resten av klassa i ein diger kø. Eg måtte sjølvsagt stå langt bak dei, men det gjekk relativt raskt så det gjore ikkje noko. På bussen te Oxford tok eg fram Laptopen så såg me Espen sine CKY teasere. Takk Espen, dei var ein suksess ;) (kanskje litt intern :P)

På skulen skulle vert-familiene hente oss, eg var veldeg spent (sjølv om eg visste eg kom te ein max lav standard) og slett ikkje nervøs slik mange (100%?) av jentane var. Etter ein 9–10 klasse-kamerater var henta lærte eg at folka mine ikkje kom for å hente meg. Så me venta på Taxi og tok han fysst til Kristine-Ýr for og så køyre te “meg”. Huset var faktisk det finaste av de i nabolaget (syntes ég) og det såg rimelig greit ut. Eg kom inn og fekk vite rom, kor badet va osv. Etter “omvisninga” sovna eg kl 3 på senga. Kl 5 blei eg vekka; då var det middag. Eg spiste det tørre greiene saman med Iris (Kinesisk jente eg bur saman med) og me så på noko humor-greier og lo (mens me åt, ja).

Eg fekk ein telefon fra Jørgen og avtalte å møte dei i Cowley Sentrum. Då eg jekk ut av huset sto det ein familie uttafor huset og såg på meg. Det var Aurore og familien hennars, ho skal bo saman med meg i eit år. Eg hadde dessverre ikkje tid te å prate me dei fordi eg hadde eit møte (familien såg veldeg kjekk ut!).

For å gjøre ein lang historie kort så kom eg ner te Cowley Sentrum, fann ikkje Jørgen og Niklas, gjekk på B&Q, kjøpte Engelsk-te-Europa-standard strøm-konverter, gjekk ut, fann folka, så ekorn, fann Lotte og Kristine-Ýr, tok buss til byen. (puste, puste) Så traff me dei andre på McDonalds (eg: “kan me gå ffs!?”), de haddde kjøpt engelske SIM kort. Så gjekk me rundt og såg på livet. Te slutt tok me taxi te Cowley Sentrum, spiste ein hamburger på den lokale kebab-sjappa, tok bussen hjem og la meg i 12–1 tia. (END OF THE DAY! :D )

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.