Vill mandag

Eg starta så fint på søndag; bar med Niklas, Audun og nokon belgiske jentar, heim rundt 1:30. Mandag; ut i 8-tia, heim rundt 05:00(!). Tirsdag; sove til kl 3 på dagen og miste hele skolen. Offameg. Verste er jo faktum at etterpå dro eg på pub med Niklas og Mike(28år gammel engelsk fyr)! :P

Ahh. Jaja, nå har eg sove siden kl 4:30 til kl 15:00, var det vel. Eg har mista heile skuledagen i dag, dessverre. Det er tirsdag og i går var eg fysst på Pub Oxford med Morten, Victoria Maria (som blei meget vennlige med kvarandre :S ), Audun og Jon (seff), Thomas, Sisilie og Ingrid. Maxim var der visst også, men han dro tidleg. Vel, eg antar dei fleste har vært på pub før så eg skal ikkje forklare i detalj korleis dét var – men det var bunnslum i fanta’en min og alle skulle riste den. Offameg.

Litt seinare på kvelden begynte Victoria Maria og klage på at eg ikkje drakk; “adle må jo drikka!”.. Det er slike idiotiske folk som får meg til å ikkje drikke – faktisk. Er rart å tro at det hjelper eigentleg – eg har visst enorm selvtillit og eg er enormt sta, gjør eg fysst eit prinsipp skal du være enormt god for å snu meg. Eg kan ikkje huske at andre enn mamma har klart dét. Men når det gjelder en sånn ting som at eg har bestemt meg for å ikkje drikke (iallfall før eg blir 18, eg bestemmar om eg vil forsette etter dét, om folk er like teite blir valget iallfall enkelt) så kan nok ingen få meg til å skifte meining. :>

Då me kom ut av pub’en (dei stengar kl 23) fekk me “Free entry to Park End”, siden denne klubben normalt kostar litt så gjekk me der. Audun og Jon prøvde å lure folka som tok i jakker med å putte den ene jakka i armen til den andre, dei merka det ganske fort så dei måtte betale for begge jakkene. Sjølv gadd eg ikkje bruke pengar på å få hengt opp jakka. Audun skulle snakke i telefon så me fant ein stille plass – var visst utfor jentetoalettet. Det kom heile tia jenter inn og ut og dei var sikre på kvifor me eigentleg sto der. Vel, me la ikkje merke til det før dei sa det til oss da…

Eg var rask til å starte å danse, mens Thomas, Jon og Audun som eg var med var utroleg treige – som vanleg. Det skjedde ein god del ting men ikkje like interessante som… Ja, akuratt. Eg vil ikkje skrive for mye som andre personar like godt kunne opplevd sjølv. Før skreiv eg omtrent direkte til mamma og pappa, mens no har eg ein litt større lesarmengde. ( wee :D ) Problemet mitt er at det skjer SÅ SINNSJUKT mykje morro (og noko lite morro), at eg kan ikkje skrive alt. Men det er også bra då. Eg må også passe på at overskrivten nesten passar med hovedinnholdet til artikkelen (eg kan heller skrive mange mindre artiklar!)

Då me kom ut ifra Park End kunne ikkje Jon stoppe og le – Audun hadde nemlig funnet seg jente på klubben og Jon fant dette veldig morsomt tydligvis :P Ho var nemlig ganske engelsk i dimensjonane, som betyr litt kraftigare enn normal kropp + ein enorm bakende. Ho hadde visst vært litt hard på godteriet. Audun hadde fått nummeret men han hadde ikkje tenkt å ringe – var underholdning for ein kveld. Hehe, sjukt – kunne aldri holdt på slik eg da. “Me” hadde moro av Audun på veg til Kebab Kid.

Vél inne på Kebab Kid jobba Ralf igjen (naboen til Jon) :D Men han jobber jo alltid der. Eg kjøpte pomfri og ein hamburgar til Audun – tok 5år da, men. Uansett hadde eg ikkje fått “Salt’n’Vinegar” på – så eg holdt boksen fram og sa det, men då miiiiiista eg aaaall pomfrien på salgs-benken! :( Då var den kvelden øydelagt. Eg måtte gå hjem i kalde været, vite at eg hadde brukt pengar på ingenting osv. Det gjekk enno vitsar om Audun då me sto der og såg på Audun spise. Thomas prøva febrilsk å få transport heim.

Plutseleg kommer Ralf og gjer meg ein ny pomfri!!!!! :D:D:D GOOE MANN! ;D Han prøvde og hilse på Jon, men han var for opptatt med Audun :P Me sto der til me var åleine i butikken og Jon fekk sagt hei til Ralf – då starta den forferdelege turen heim. Klokka var 3 då eg gjekk ifra Kebab Kid og starta turen min åleine heim. Det var veldeg kaldt, eg gjekk seint så eg var ikkje heime før 4:30. Ugh.. Eg kan ikkje fortelle kor keisam og drit gåturen var. ARGH, KVIFOR SKAL CYCLE KING ALLTID MANGLE DET /&#/¤(”#) DEKKET MITT!

Å, eg har vel ikkje sagt dét. Jon ville ha sykkelen tilbake – og eg gjekk til Cycle King for å få dekk. Men, nei. “We’ll have it in Wednesday”.. Jada, sikkert. Sist de sa det var det jo løgn – er nok dét denne gongen óg! Dagen var Fredag då eg spurte om det, så eg må bruke buss – æsjisj. Velvel, no må eg faktisk stikke – eg skal være i byen kl 20:00, no er klokka 18:55 – SÅ lang tid tar bussen! :( Hadde eg hatt sykkelen hadde eg dratt 19:40. Jaja, no må eg springe uansett.

Natt til mandag var eg óg ute, då med Audun og Niklas – me var på EuroBar og hadde det kjekt :> Den belgiske jenta som bor hos Niklas var der óg (Marie, ikkje den belgiske kjæresten til Niklas, ho heiter Laurance og bor ca 10 minutt ifrå meg). Siden eg kom seint heim kvelden til mandag var den dagen drit i begynnelsen, eg var veldeg deppa. Eg satt på skolen med pcene heile dagen til kl 7 og snakka med pappa og irc folk. Eg blei veldig deppa av å sitte åleine i rommet der. Men på vegen heim blei eg gladare og gladare, då eg kom heim fysste gangen var eg veeeldig glad. :) Så til pub, glad, så til klubb, glad, så hjem, æsjisj :/ Vel, slå-av-pc

Bare for å avslutte der ingressen avslutta (ingressen er alltid nyare enn sjølve artikkelen, velger eg å putte noko ny informasjon der må eg jo “backe” det opp i artikkelen!). Tirsdag kveld etter eg skreiv denne artikkelen dro eg til byen for å treffe “Oxford Univeristy Computer Society”-folka på LaserQuest ;) Me hadde avtale – etter gjekk eg raskt innom EuroBar for å finne Niklas sittande der og prate med ein mann. Eg meldte meg inn og fant ut at fyren var manager for eit programmeringsfirma. Så me prata litt programmering – så gjekk me til ein annan pub. Han spanderte 3 “Lemonade“s på meg, og dei kostar litt siden det ikkje er alkohol (England er mange plasser meeeget teite på dét, dyrare med brus enn øl – offamegdå).

Han var foressten veldeg imponert av at eg ikkje drakk noko alkohol, spesielt når alle de andre gjør det. Og da mener jeg alle :> Vel, eg er ganske stolt av meg sjølv for å være ærlig, eg syns det er digg å alltid være edru (mao. aldri drikke) og få så mykje respekt på det. Vel, me hadde det iallfall veldeg koseleg, så eg kom ikkje heim før i 2 tia. Men eg var tidsnok på skulen idag sjølv om eg måtte ta bussen. Eg sto faktisk opp kl.6 (skole kl.9, stilte klokka feil osv)! ;D Menmen, det var då interessante kvelder sjølv om eg ikkje skal drive på i samme stil særlig lengre. Eg er inne no – onsdag, torsdag, vår faste pub Jericho kveld skal eg hoppe over til fordel for eit CompSoc møte ;) Også skal eg jo snart treffe Pappa(min mest faste leser(vil eg tro)) og lillebror Falke i London, må roe ned litt ;D Men no var visst klokka halv ett, så eg bør legge meg ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.