Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
- skjalg on Vaflar og loppemarknad
- skjalg on Hussjåing
- Egil on Tri ting i dag
- Odin Hørthe Omdal on Svelor på Fjord1, omatt
- Anonym on Svelor på Fjord1, omatt
- skjalg on Attende i Oslo
- Egil on Attende i Oslo
Monthly Archives: April 2005
Knust bilrute
Ok. Gidd. Kvifor? Kva er vitsen med å knuse den hekkans ruta i bilen? Me er priveligerte som bur i eit så flott land som Noreg er, men likevel skal de gå rundt å knuse ruter? Eg blir litt fortvilt når folk gjer slikt. Eg forstår berre ikkje kvifor dei vil øydeleggje for andre. Oppdatert: Åja, 60kr, ja – det rettferdiggjer jo alt.
IP-telefoni fungerer, ikkje
I dag har me ikkje telefon. Dei tre (3) nummera til huset vårt fungerer ikkje lengre. Om ein skal kome i kontakt med oss no, må ein anten bruke mobil eller mail. Det er NextGenTel sin NextPhone som ikkje fungerer. Etter dei hadde plaga pappa i nærare ein månad, gav han etter. Han meinte det ikkje ville fungere i starten, slik det alltid er med NextGenTel. Må alltid vente nokre månader ekstra pga. ein eller anna feil.
Erobringa av McDonalds-grunnflata
Sola skin, fuglane syng og eg er på veg ned til McDonalds. Dei få metrane blir fort lagt tilbake av bilen til vår kjære russepresident Gøran. Minutter seinere går eg tilbake til skulen med Jon, med ein litt syrlig smak i munnen.
Skolen alle elske
Som dokker sikkert alle vett, har nynorsken te Odin indoktrinert oss negativt og positivt. For ein liden avklaring fysst; her vil det bli beta-nynorsk. Stavangerdialekt me andre ord.
Russedrakta
I år er eg russ. Så eg har russedrakt. Eigentleg ville eg berre vise bilete. Men eg må skrive litt tekst i tillegg. Eg har “Tux”:http://www.isc.tamu.edu/~lewing/linux/ på det eine beinet, malte pingvinen sjølv :) Han er kjempesøt! Det er logoen til “Linux”:http://kernel.org som er OS(operativsystem)-et eg er så glad i. Tux er så søt at eg kan putte han på russedrakta utan å vere rar, sjølv om det ikkje hadde stoppa meg! :D
Månedane før sida
Det er fleire ting eg ville ha skrive på sida her. Men sidan eg ikkje har hatt ho oppe har eg ikkje gjort det. Dei siste månedane har det sjølvsagt skjedd ein heil del. For eksempel no skal eg på salsa, så eg må faktisk gå. NO. (gløymde det nesten, får skrive resten seinare)
Designet på sida
Om nokon lurte så, ja, dette designet er laga til «Stavanger Hovudstyre»
– men dei ville visst ikkje ha det. Så dei har putta opp noko mykje finere på “sidene deira”:http://www.stavangerrussen.no. Hm, når eg tenkjer meg om så er det eigentleg bra at dei valde det andre designet. Takk for at nokon har smak sjølv om eg ikkje har det sjølv! Berre sjå på den logoen deira! Wow, «Photoshop»-skills der ja.
HappyMeal og tur gjennom Auglend
I dag fekk eg to knuter til. Den fyrste fekk eg for å spise ein HappyMeal på under 3 min medan eg leika med leiken. Den var grei nok, ikkje vanskeleg (noko ein ikkje kan seie om melkesjokoladen!) – men Tone klarte han ikkje. Hihi. Eg klaga litt på ho av di ho absolutt skulle «rettferdiggjere» besøket hennar til McDonalds. Men reint indirekte så er det jo ikkje vår feil, russ vil jo take knuter – og når dei av ein eller anna grunn blir satt til å stø båe McDonalds og Coca Cola så er ikkje det vår feil, diverre. Det er ganske surt det der. Same kva,—eg klarte knuta :]
Litt seinere såg eg på at Audun og Oddgeir drakk 1l melk på under 1 min og på at Gaute spiste 6 kinderegg og satt saman leikene på 10 min, dei var alle rett før fristen. Audun klåra ikkje ete HappyMeal på 3 min, medan Maksim prøvde å take sjokoladeknuta – men HAH, klåra det ikkje!
Etter ei stund ville meg, Audun, Pål, Oddgeir og Gaute take knuta der ein skal gå gjennom ein barneskule i storefri. Gaute meinte det var så enkelt. Etter litt vimsing var me med Auglend, og eg skal seie deg – dei ungane blei heilt hysteriske! Dei kasta seg foran beina og forlangte russekort, – min dagsbeholdning på rundt 50 kort blei raskt rivne vekk. Velvel, kven sa dèt var ei enkel knute? Men kjekk var ho, utruleg moro! :D
Å spy i skulegarden i spisefri
Etter 200g sjokolade på 5 min, 1 boks «Frisk» og nærast ein halv liter Bonaqua på nokre få sekund kom store deler av Bonaquaen ut att. Då eg hadde pressa store deler av det ekle «vatnet» ned i halsen kom det ut i ein fin fontene-liknande stråle. Eg traff blant anna Ellen Marie i klassa.
Continue readingSida endelig oppe!
Hei alle saman (eller.. hm, ja. Om nokon leser det i det heile tatt så blir det jo rett å seie «hei» :) ), no har eg fått sida opp. Han er basert på WordPress, så no har eg ungått å skrive mitt eige CMS berre for å ha ei side. Det tyder at eg vil fokusere litt meir på innhald og litt mindre på kode.