Å spy i skulegarden i spisefri

Etter 200g sjokolade på 5 min, 1 boks «Frisk» og nærast ein halv liter Bonaqua på nokre få sekund kom store deler av Bonaquaen ut att. Det er ikkje kjekt å styrte ting, iallfall når ein ikkje skal puste medan ein gjer det. Eg trudde jo at når ein styrtar ting så skal ein ikkje puste – det var jo feil. Då eg hadde pressa store deler av det ekle «vatnet» ned i halsen kom det ut i ein fin fontene-liknande stråle. Eg traff blant anna Ellen Marie i klassa.

Så fekk eg vondt i hjarta, ikkje sånn vondt eg plar å få når eg ser noko som er klisjé – men sånn fysisk vondt. Nokre minutt tidligare hadde eg som sagt fyrt nedpå med sjokolade, det var ekkelt. Eg var nær med å spy fleire gonger i løpet av dei fem minuttane. Det hadde roa seg då eg blåste Bonaquaen ut igjen. Bonaqua er faktisk ikkje særlig godt, det er reint vondt – i tillegg er det Coca Cola som produserer det. Eg lurte på om ein heller kunne bruke Farris (som er litt mindre ekkelt, pluss det er norsk), men neidå, det gjekk ikkje! Det var kanskje ikkje så rart at Bonaquaen kom ut lell. Men tingen var at det berre var litt av Bonaquaen som kom ut, – eg brakk meg av di eg følte eg drukna (eg pusta ikkje), noko av Bonaquaen kom ned. Eg hadde vondt i hjarta, vondt i lungane, vondt i kroppen. Eg satt meg ned med ein benk, ved sidan av syskjenbarnet mitt Rita, spytta litt. Etter ein stund kom resten av Bonaquaen opp, men denne gongen hadde han med seg ei blanding sjokolade og frisk òg.

Så klappa folk. Dei liker visst at folk spyr. Eg likte det eg òg. Eg hadde ikkje vondt lengre. Alt var godt. Var herlig å spy. Eg fekk «sjokolade på fem minutt»-knuta det storefriminuttet, men ikkje Bonaquakorken. Vel, får take den seinare.

2 tankar om “Å spy i skulegarden i spisefri

  1. Odin

    Haha :D Fina vêre osb. Eg likar faktisk Farris no. Synest det er herleg! :D Må seie nynorsken min ikkje er så dårleg her, men er ikkje så lengjesidan april då. Ikkje så dårleg som han er på Oxford-bloggen :p

  2. Teirik

    Hehe, det va ei fine tid dette her, huske dagen som om an va igår :P Fysst sjokkis, så frisk og bonaqua :D du gredde ikkje å holda ting nere, menmen, va ett lite samtaleemne ittepå ;)

    Hihi, e lenge siå nå ja :/ Menmen, grei nynorsk ja, men sko jo bare mangla, va jo tross alt hovedmålet då, imotsetning t i Ox’en ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.