Erobringa av McDonalds-grunnflata

Sola skin, fuglane syng og eg er på veg ned til McDonalds. Dei få metrane blir fort lagt tilbake av bilen til vår kjære russepresident Gøran. Minutter seinere går eg tilbake til skulen med Jon, med ein litt syrlig smak i munnen.

Så var det desse knutene igjen då. I går tok eg ingen, det var litt slappt. Eg var på russekro, hadde det periodevis utruleg moro, medan andre periodar ikkje var like moro. Tenk det, fyrste gong eg har vore på ein festleg samankomst og vist at eg ikkje har hatt det moro. Det har eg ikkje gjort før – eg har vel forsåvidt alltid normalt hatt det moro òg då. I dag blei det moro4. Ja, 4 faktisk. Ein for svett rygg, og ein for vond smak i kjeften.

Eg skal utdjupe for dykk som ikkje kjenner russeknutane, – jo fyrst gjekk me ned til “Obs!”, der dei har rulletrapp. “Me” er altså meg, Jon, Erlend, Gaute og Vidar. “Rulletrapp” er ein trapp med trappesteg på transportband. Denne gjekk me opp og ned 50 gonger, og for dèt fekk me ein knute. Det tok lang tid, det var hardt – og eg var litt paranoid i byrja; eg trudde folk skulle kaste oss vekk av di det står ”STRENGT FORBUDT Å LEKE I RULLETRAPPEN”. Men det skjedde ikkje, og eg kjøpte ein “sandwich”-is som belønning utanom knuta som eg får knytte når eg kjem heim.

Elles, det med vond smak. Ja, det er McDonalds + vond smak, – eg veit dykk alle tenkjer eg har ete ein hamburger på McDonalds. Det ville jo forklare kvifor eg har vond smak i kjeften. Men den vonde smaken plar ikkje vere syrleg. AHA. Nei. Ja. Når sant skal seiast så var det ikkje forferdelig, meg og Jon er einige at det var ein enkel trippelknute. Prøv det alle saman! Om alle gjer det kan me kanskje gå barbeint på McDonalds utan å bli skitne på føtene; Sleik golvet!

Så, no har eg då 8 knuter. :) _Dette innlegget er skrive på skulen. Å HEKKAN, det er skummelt å skrive i Internet Explorer! Bruk ein skikkeleg browser _

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.