HappyMeal og tur gjennom Auglend

I dag fekk eg to knuter til. Den fyrste fekk eg for å spise ein HappyMeal på under 3 min medan eg leika med leiken. Den var grei nok, ikkje vanskeleg (noko ein ikkje kan seie om melkesjokoladen!) – men Tone klarte han ikkje. Hihi. Eg klaga litt på ho av di ho absolutt skulle «rettferdiggjere» besøket hennar til McDonalds. Men reint indirekte så er det jo ikkje vår feil, russ vil jo take knuter – og når dei av ein eller anna grunn blir satt til å stø båe McDonalds og Coca Cola så er ikkje det vår feil, diverre. Det er ganske surt det der. Same kva,—eg klarte knuta :]
Litt seinere såg eg på at Audun og Oddgeir drakk 1l melk på under 1 min og på at Gaute spiste 6 kinderegg og satt saman leikene på 10 min, dei var alle rett før fristen. Audun klåra ikkje ete HappyMeal på 3 min, medan Maksim prøvde å take sjokoladeknuta – men HAH, klåra det ikkje!
Etter ei stund ville meg, Audun, Pål, Oddgeir og Gaute take knuta der ein skal gå gjennom ein barneskule i storefri. Gaute meinte det var så enkelt. Etter litt vimsing var me med Auglend, og eg skal seie deg – dei ungane blei heilt hysteriske! Dei kasta seg foran beina og forlangte russekort, – min dagsbeholdning på rundt 50 kort blei raskt rivne vekk. Velvel, kven sa dèt var ei enkel knute? Men kjekk var ho, utruleg moro! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.