IP-telefoni fungerer, ikkje

I dag har me ikkje telefon. Dei tre (3) nummera til huset vårt fungerer ikkje lengre. Om ein skal kome i kontakt med oss no, må ein anten bruke mobil eller mail. Det er NextGenTel sin NextPhone som ikkje fungerer. Etter dei hadde plaga pappa i nærare ein månad, gav han etter. Han meinte det ikkje ville fungere i starten, slik det alltid er med NextGenTel. Må alltid vente nokre månader ekstra pga. ein eller anna feil.

Så skjedde det same igjen då. No sit me her, utan telefon. Pappa som har heimekontor kan ikkje motta telefonar, og mamma som ikkje har reservert seg mot telefonsal i brønnøysundregisteret må klare seg utan plagsame seljarar i nokre dagar. Sjølv er eg ganske glad for akkurat dét, eg hatar nemleg å take dei hekkans telefonane til mamma. Ekle telefonseljarar med sleske intensjonar. Eg blei heilt rabiat fyrste gong eg blei utsett for addressert telefonreklame, det fyrste eg gjorde var å fyke opp til datamaskina og reservere meg mot ondskapen.

Såleis er det eigentleg greitt at me ikkje har telefon no. Dei få gongane eg tek telefonen blir eg alltid plaga (no veit dykk kvifor eg normalt aldri tek han! Pluss at det aldri ringer folk til meg då sjølvsagt (hadde me hatt telefon no hadde eg oppfordra deg til å ringje meg)). Men det er neppe berre eg som er glad i IP-telefoni; eller snarare mangelen av det. NextGenTel tener nemleg pengar på IP-telefoni. Me har allereie betalt eit par eingongsavgifter, dessutan starta månadsavgifta i dag.

Ein telefonseljar frå NGT satt ein effektiv stoppar for andre telefonseljarar, medan han i same augneblinken klara å sikre NGT fast inntekt. Eg lurte litt på korleis dei kunne selje samtalar så billig (priser), men det er jo opplagt no. Om kundane ikkje kan ringe, men berre betale oppstarts- og månadspris blir det jo ingen tellerskritt. Ingen tellerskritt = ingen utgifter for NGT. Dei har funne det viktige steg 2 mellom steg 1 «idè» og 3 «profitt». Det er faktisk utruleg enkelt. Versego’, eg presenterer deg her ein forretningsmodell som fungerer:

  1. Marknadsføyre IP-telefoni (utan å ha eit fungerande system)
  2. Slappe av…
  3. Profitt!

Tatt i betraktning at me alltid har vore fyrst ute i nabolaget med tøffe ting (modem, ISDN, ADSL) står det no berre attende å sjå kor lang tid det tek før alle har det nye hotte; IP-telefoni. Eg trur NGT har ei lys tid i møte…

Ein tanke om “IP-telefoni fungerer, ikkje

  1. Egil

    Nå har eg ip-telefoni frå Nextgentel, og det fungerar bra, berre eg ikkje nyttar linjå for mye til bitstraumar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>