Knust bilrute

Ok. Gidd. Kvifor? Kva er vitsen med å knuse den hekkans ruta i bilen? Me er priveligerte som bur i eit så flott land som Noreg er, men likevel skal de gå rundt å knuse ruter? Eg blir litt fortvilt når folk gjer slikt. Eg forstår berre ikkje kvifor dei vil øydeleggje for andre.

I dag tidlig kom pappa springande opp til meg. Innbrudd i bilen. Eg trur ikkje dei tok noko. Det er jo ingenting å take i den bilen utanom kassetten min «Evangeliesøstrene» med «Korsets Budskap», men kanskje dei ikkje er heilt inne i den musikken. Same kva, – det hadde skjedd i natt. Bilen sto nederst i innkøyrsla og nokon hadde knust ruta med ei «Mountain Dew»-flakse som hadde ca ½dl vatn i seg. Glasskår over heile nedre del av innkøyrlsa, samt inni bilen. Ruta var altså knust utan grunn.

Ja, kanskje dei ville stele noko. Kan godt hende. Men kvifor skal du stele noko i dette landet? Me har det jo alle bra. Eg har det kjempebra. Eg klarar meg fint utan mykje av det eg har. Det er berre det kommersielle media og den auka kapitaliseringa som har fått folk til å tru at dei er så jævla ulukkelege. Knust rute i Toyotaen. :(Ærlig talt, ein er alltid ulukkeleg i eit kapitalistisk system. Det er slik det fungerer. Korleis? Jo, av di folk alltid vil ha meir, det skal alltid gå oppover. Ting kan ikkje gå bortover, – at ting går bortover i status quo er nesten værre enn nedgangstider.

I mine augne er det egoismen og kapitalismen som har gjort at nokon knuste ruta i bilen min (vel, mamma sin). Heile systemet byggjer på å undertrykkje andre. Ein kan ikkje heile tida få meir og meir, det seier seg jo sjølv. Kor skal alt saman kome frå? Dette falske behovet for materielle ting (og status deretter) fører ikkje med seg anna enn vonde ting. Alt er forgjengelig, det forsvinner, blir øydelagd, eit eller anna skjer. Ekte glede finn ein ikkje i å stele ein radio eller noko frå ein bil. «Ja, men kva med dei som ikkje har mat osb?». Eh, som sagt; me bur i Noreg. Alle, nei, alle kan ha eit godt liv. Det handlar berre om haldningar. Eg trur faktisk at alle i den tredje verda òg kan ha eit godt liv, sjølv om det virker som vesten ikkje trur dei kan ha det godt sidan dei ikkje har bil, tv, datamaskin osb. Eg trur faktisk ganske ofte at dei er meir lukkelege av di dei ikkje er så knytt til det materielle.

Det er berre ein bil, berre ei bilrute. Det er ikkje bilen eg synest synd på – det er ikkje den eg er lei meg for. Er heller ikkje av di eg skar meg i dag då eg prøvde å rydde opp dei 10 000 glasskåra som var overalt. Eg er lei meg av di nokon med vilje vil gjere andre vondt og av di dei ikkje forstår kva som er viktig i livet.

Oppdatert: Eg fann ut at bensinpengane mine er vekk. Det var altså grunnen til innbrotet. Eg har ikkje vore skikkeleg irritert/sint endå, men no blei eg. No har det vore eit objektiv, eit mål – ein tanke bak det heile. For at ein fyr (eg antek det er ein ungdom som har drukke, slike jævelunger eg har gått i klasse med) skal få 60 kr så knuser han ei rute som gjer at:
* Eg må bruke heile morgonen på å rydde opp
* Eg må kjøpe ny rute / få bilen på verkstad
* Eg blir lei meg og synest det er synd me ikkje er lengre i utviklinga

60 kr. Hekkan, ein kan få 60 kr for å stå 1/4 av tida eg brukte i byen å spele fløyte. Nei, men det er ikkje vits å henge seg opp i det. Leserane mine har trass alt moral. Ingen slike bilruteknusande folk som heng her på sidene mine vonar eg.

3 tankar om “Knust bilrute

  1. salve

    Tror nokk heller dette dreier seg om alkoholrus og dårlig dømmekraft. Men det førte jo i alle fall til at du fikk spredd dine mange meiningår om kapitalismen :)

  2. Odin

    Ja, alkohol er heilt sikkert inne i biletet. Men tenkte eg ikkje skulle spamme mine grove forhandsdømminger på folk. Eg skreiv jo det same i oppdateringa. Same kva, det må vere ein grunn til at dei gjer det, – alkohol er ikkje så magisk som alle skal ha det til. Ein er framleis seg sjølv, det er ikkje slik at ein plutseleg får ein anna hjerne og erfaringer. — Det er ein grunnhaldning i botn som indirekte fører til at folk kan gjere slikt. Den haldninga kjem frå det kapitalistiske sekulariserte (viktig stikkord eg ikkje har take med) samfunnet me lever i meiner eg. :)

  3. Tilbakeping: Nei! Låst ute av bilen! - Velmont

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.