Sida endelig oppe!

Hei alle saman (eller.. hm, ja. Om nokon leser det i det heile tatt så blir det jo rett å seie «hei» :) ), no har eg fått sida opp. Han er basert på WordPress, så no har eg ungått å skrive mitt eige CMS berre for å ha ei side. Det tyder at eg vil fokusere litt meir på innhald og litt mindre på kode.

Sida er meint til å ha som ei dagbok, meir eller mindre. Slik at eg kan vite kva eg tenkte og gjorde for lenge sida. Eg hadde ei heimeside (blogg) før, medan eg var i Oxford, og det er vore utruleg moro å lese i den i etterkant. Du kan foreløpig finne ho her. Mange andre las òg den dagboka forresten. Så det eg skriv er i hovudsak til meg sjølv (i byrja iallfall, eg veit ikkje heilt kva folk skal lære av meg – så eg held det til mitt eige prosjekt no).

Elles skriv eg ikkje særleg bra, som du ser. Det er kun nedskribling av tingenes tilstand foreløpig. Eg tenkjer at eg kanskje kan bruke desse sidene til å bli betre å skrive båe reint generelt i tillegg til nynorsk. Så då blir det moro å sjå om eg får skrive noko framover! :)

6 tankar om “Sida endelig oppe!

  1. Odin

    Hmm. Ja. Eg har faktisk brydd meg meir om innhald enn korleis sida er i seg sjølv. Så det er jo bra sidan det var målet :D Wee.

  2. Odin

    Eg liker det slik. Raudt og rosa. Vil ha det slik. Kva anna skulle eg liksom ha? :| BLÅTT!? :O

  3. Odin

    Eg er venstrefløymann og stolt av det!!! :D Dessutan er raudt/rosa så fint… Så eg held det slik… Eg lagar heller design åt andre. Skal du sjå grønt design eg har laga? Sjå på «Teirik sin blogg»:http://teirik.velmont.net. ;)

  4. Egil

    Jaja, men siå di har vært lik så lenge. Mekk G2 eller någet då. Alltid kjekt å se updates på selve siå og, ikkje bare innholdet. Må ikkje stagnera.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.