Månadsarki: mai 2005

Elevrådsrapport

Eg har vore sekretær for elevrådet dette året – i det høve måtte eg skrive ein rapport som sa litt om kva eg har gjort dette året. Tenkte det kunne vere interessant å ha på heimesida :p

Individuell elevrådsrapport, Odin Hørthe Omdal (sekretær)

Dette året har eg vore «tilsett» som sekretær i elevrådet i tillegg til å vere representanten for basa mi. Eg har vore på alle elevrådsmøta utanom eit, tilstades på alle styremøta. Oppgåva mi som sekretær har vore moro, oppgåva har for det meste tydd at eg har mått skrive referat etter kvart elevrådsmøte. Eg har skrive 11 publiserte referat. Sidan eg mista arbeidsboka mi i midten av året er det to referat eg ikkje fekk skrive ned. I starten hadde me hyppige møte, og eg skreiv referata fort og fekk dei ut før neste møte.

I byrja laga eg to versjoner av referata; ein til å skrive ut og ein til internett. Eg synest det er viktig å leggje slik informasjon ut i eit format alle kan lese utan å måtte betale x-antall kroner til Microsoft. Difor har eg skrive referata i HTML-form, slik at alle med ein vevmyser (nettlesar) kan lese dei. Litt seinere dabba elevrådsaktiviteten av, då slutta eg å lage den fine papir-versjonen. Andre periode (vårparten) av året blei det stadig færre elevrådsmøte. Då bruka eg mykje lengre tid på å få ut referata av den enkle grunn at det ikkje var like enkelt å hugse på.

Eg har hatt ein kort ordveksling med rektor angåande bruk av datamaskin på eksamen. Dette har vore ei hjartesak for meg, så eg tok det opp i elevrådet og fekk tilbakemelding frå basisgruppene. Dei var veldig positive. Eg fekk oppgåva med å gå videre med saka. Snakka med rektor om det, han var positiv og ville sjå kva som var mogleg. Det gjekk tydelegvis bra, – me fekk take norskeksamen på data! Eg har fått mange positive tilbakemeldingar om nett den saka. Det er noko elevane har likt godt.

Dette året har eg vore delegat for Hetland på eit Elevorganisasjonsmøte som vara ei helg. Eg skreiv kva som var tatt opp – og presenterte det for elevrådet. EO-møtet var veldig moro, eg drog åleine av di ingen ville/kunne bli med. Eg skulle eigentleg dra som observatør saman med elevrådsleiar Maren – men det var noko som kom i vegen.

Eg ville involvere dei andre i elevrådet så mykje som mogleg; så eg har prøvd å få forskjellige folk til å vere med i komitéar me har laga i elevrådet. Nett dette året har me laga særs mange komitéar istaden for å late elevrådsstyret take alt. Då berre nokre få melde seg til fotokomitéen melde eg meg på, men då det kom fleire forlot eg heller. Komitéane kan ikkje bli for store før dei blir ineffektive. Dessutan hadde eg allereie verv, betre å bruke større deler av elevrådet aktivt.

Av andre styrerelaterte ting har eg vore aktiv på møta me har hatt. Har laga ei skisse på ei elevrådsinformasjonbrosjyre (sjølv om eg ikkje har komt noko videre med ho). Eg var med på tre kristinadslyst elevrekrutteringsdagar, der eg hadde ei eigen gruppe med ungdom. Me laga biletepresentasjonar med tekst. Me hadde det veldig kjekt – eg trur dei fekk eit veldig godt intrykk av Hetland. Er ikkje sikker på om det noko stor relevans til elevrådsarbeid, men eg kjende eg var ein representant frå Hetland meir enn ein privatperson dei dagane. Elles har eg stilt opp som styremedlem i elevrådet for Hetland i Rogalands Avis angåande privatskulesaka.

Elevrådet me har hatt i år har vore særs godt. Iallfall den fyrste perioda av året. Diverre heldt ikkje klimaet heile året, det kan vere slitsomt å ha eit aktivt elevråd. Dessutan ville ein ikkje take for mykje tid frå folk med å ha unødvendige møte. Sjølv om kanskje faste, ukentlige møte hadde vore ein idè – slik me hadde i byrja av året. Ein kan heller berre gå etter 5 min om det ikkje er nokre sakar oppe. Då blir terskelen for å kome med forslag og sakar mykje mindre, sjølv om det å vere elevrådsrepresentant tek meir tid.

Eg har skrytt mykje av elevrådet på Hetland lell, – administrasjonen er særs positiv og me kjenner at me har reell makt. Forslaga me kjem med blir take til opp, og veldig ofte gjort noko med. Ei mogleg forbetring av elevrådet er å ha regler for faste møte – for eksempel at det minimum skal vere eit elevrådsmøte i månaden. Då slepper me ei slik stilleståande periode me har hatt no.

Der trur eg at eg er ferdig. Må levere rapporten no :) Tok litt lengre tid enn eg hadde trudd av di eg var oppe på UiS og hjalp Filip med filmen hans. Han skal levere han imorgon! :-o Same kva, som ei uoffisiell sidenote kan eg seie at elevråd er kult, synd eg ikkje skal fortsetje på Hetland… :)

Bannskap

Sylfest Lomheim frå språkrådet har skrive ein artikkel om bannskap, der han legg spesiell vekt på forholdet mellom geografiske sonar og bannord. Bannord er den delen av språket som er offisielt fordømt, men som likevel har eksistert så lenge me har påvist språk. Han peiker på utviklinga bannorda har hatt og avsluttar med å fortelje at bannskap er eit fagområde innan lingvistikken under språksosiologien.

Me høyrer bannskap daglig, iallfall i den sosiale gruppa der ungdom held til. Ein kort tur på butikken vil ofte avdekkje forskjellige variantar av ”faen”, ”satan” og ”helvete”. Desse orda er særs mykje bruka i Noreg. Likevel er eit av dei heilt klårt mest bruka bannorda i Stavanger ”drit”, om me i det heile tatt kan kalle det for eit bannord. ”Drit” er nemlig eit meir eller mindre akseptert lågstilord for ”avføring”. Ordet er òg veldig vanleg, det naudsynlege tabustempelet bannord helst bør ha er mindre klårt.

Den engelske meiningsslektningen ”shit” er på den andre sida eit veletablert bannord i båe England og USA. Me brukar det faktisk ganske mykje sjølv her i Noreg, på engelsk. No er det forskjellige kulturar i landa, men me har til vane å adoptere trendar og tradisjonar frå USA. ”Drit” kan difor godt vere ei oversetting av ”shit” med all den meining det originale ordet dekkjer. ”Shit” kan beskrive nesten alt; ”Can you take this shit down”, kan ein fint seie om kleda ein har i skåpet utan at det blir rart. Det er blitt nett det same på norsk. Me brukar ”drit” på same måte som ”ting”; på alt me ikkje gidder å tenkje på kva er. Og på alt me ikkje veit kva er. ”Kan du take den, eh, driten der bort hit?”.

Kukk, «fuck you», teikna av kamerat Jon

Ein anna plass ”drit” mykje bruka er som eit slag universelt forsterkningsord på same måte som ”kjempe”. Du kan setje ”drit” til fleire adjektiv og få ei sterkare meining ut av det nye ordet. Det er ikkje reint sjeldan ein høyrer at noko er ”dritmoro”, ”dritkult” eller kanskje ”dritkeitt”.

Seinast på flyet i går såg eg ordet som ei forsterking av eit utrykk. Jenta som skreiv det hadde i tillegg gjort ein feil, ho hadde dela ordet slik at turen til Oslo visstnok hadde vore ”drit kjekk”. ”Drit” i seg sjølv er eit negativt lada ord, så det er kanskje ikkje det luraste ordet å dele om ein fyrst skal gjere feil. Det såg ganske rart ut med den kontrasten dei to sjølvstendige orda laga; ei heilt ny meining.

”Drit” kjem, i tillegg til forsterkningsord, ofte som eit utbrot i same høve som båe ”faen”, ”helvete” og ”satan”. Når noko går galt kan ein forvente å høyre eit av dei fire orda. Elles ser ein ofte døme på bruk av ”drit” saman med dei meir sikre bannorda; til dømes ”jævla dritt!”. Det er ikkje reint lite ordet dekkjer, eg vil faktisk seie det er eit av dei viktigaste og mest bruka orda me har nett no. Så sjølv vil eg tolke det som eit bannord sidan det blir bruka som eit.

Likevel har ikkje ordet åleine same kraft som dei inngrodde religiøse tabuorda. I mitt eige stavangerske målføre brukar eg bannordet båe til einskild bannord i tillegg til å forsterke andre ord. Eg seier blant anna ”dritkult” til særs framifrå ting, medan ”dritt!” blir bruka som utropsord i rett høve. Eg legg til ein ekstra ”t” for å få eit ekstra trykk og kraft på ordet slik at det duger til eit utbrot. Utan det ekstra trykket blir ordet flatt og keitt.

Ordet har me som sagt fått frå engelsk. Det var likevel i Frankrike dei kroppslege tabuorda i fyrste omgang kom. ”Merde” tyder ”drit” og blir flittig bruka hos våre fransksnakkande vener. Det finst mange eksempel på ord som er importert, men likevel er det framleis skilje slik at me kan dele bannord inn etter geografiske sonar. Dei klassiske norske bannorda er ”faen”, ”satan” og ”helvete”, samt avleiingar av dei. Hovudvekta i Noreg ligg på religiøse tabuord, men me har fått fleire nye grunna sterk innverknad frå Amerika spesielt.

Me kan sjå på Norden som ei regional sone, der bannskapen har klåre fellestrekk. Medan dei religiøse bannorda står spesielt sterkt her, er bannskapen i andre nordlege land som England og Frankrike mykje meir konsentrert om kjønn og avføring. Me har blant anna dei kjende engelske bannorda ”shit”, ”fuck”, ”prick” og ”cunt”. I Frankrike det same med ”merde”, ”pute”, ”con” og ”conne”.

Vel me Europa som geografisk område ser me at det er eit skilje på nord og sør. Dei store linjene i nord peiker mot religiøse og seksuelle bannord, medan Sør-Europa blandar hyppig familie, religion og seksualitet. Den katolske kyrkja står veldig sterkt i sør, der jomfru Maria og difor mora er ein sentral figur. Det å snakke nedverdigande om mødrer si seksualitet blir eit tabuområde og fungerer difor utmerka til bannskap.

Desse setningane er òg komne inn i norsk, der ”mora di”/”mordi” sagt på rett måte er blitt eit vanleg utrykk for ”mora di er ei hore”. Me har truleg fått utrykka frå TV-show frå Amerika. Dei igjen har fått dei frå Søreuropeiske miljø i landet deira. Likevel er ikkje dette med ”mora di” eit ekte kraftutrykk på norsk; den kulturelle grunnpilaren utrykka lever på i katolske miljø er ikkje tilstades her i Noreg.

Lokalt i landet er det òg fleire skilje. Her ser me igjen ei spesiell deling på nord og sør, men bannskapen er litt annleis fordelt. Nordlendingar er kjend for å banne mykje, det tek ikkje lang tid før ein høyrer båe hestekukar og jævlar snike seg inn i setningane til våre vener i nord. Sørlandet, det klassiske bibelbelte i Noreg, er derimot langt meir fråhaldande med å banne direkte. Kraftutrykka blir pynta på og omgått som til dømes ”fagerten” (faen) og ”søren” (satan). Me kan fort forstå kva dei meiner når ein høyrer ”Fy fela!” sagt med trykk.

I Stavanger har me ein heil del slike ”pynteord”, sjølv om bannskapen flyt laust og ope i andre krinsar. På skulen kan ein ofte høyre avledingar av bannordet ”satan”; ord som ”sattan”, ”smattan” og ”sakkan” er ofte bruka. Det mest bruka ordet i mi krins er ”hekkan”, som høyrest ut som ei kreativ samanblanding av ”helvete” og ”satan”. Desse orda blir ofte bruka i positive høve òg – dei ekte bannorda finn ein som regel berre i sinte utbrot og kraftsalver.

Dei ”snille” omskrivingane av bannorda brukar eg ofte, dei er mykje meir akseptert i dagleg tale enn dei ekte bannorda. Om ein går rundt og bannar i Stavanger får ein låg status, dei fleste i Stavanger ser på bannskap som noko mindre utdanna folk gjer. Om nokon seier ”hekkan” er det ikkje like ille, sjølv om ordet for nokon framleis gjev assosiasjonar til Stavanger austre bydel og Storhaug.

Det er heller ikkje alle plassar ein høyrer bannskap. Me brukar bannskap forskjellig etter kva sosial krins me er i. Ord ein brukar blant vener er ikkje dei same ein vil bruke i ein familiemiddag. Ofte held ein seg vekk frå bannskap – eller brukar meir subtile ord i slike høve. Det hadde til dømes vore særs respektlaust å snakke om satan i ei gravferd, trass livssyn.

Så er bannskap bra? Det er ei sosialt tinga kommunikasjonsmetode, ein kan godt kjenne tilhøyre på grunn av bannskap som er spesiell for flokken eller gjengen. Same kva, me har sett banning i alle år – og det vil nok aldri forsvinne. Me må alltid ha ein måte å utrykke missnøye. Bannskapen vil heilt sikkert endre seg på same måte som at ”drit” no er eit veldig stort ord – noko det ikkje var før.

DUS-festival i Oslo

Lilla personer, alle oss - Odin, May-liz, Olav, Ole Christoffer, Pernille og Robert.

Oschlo. Mm. På torsdag hadde eg fyrst «Nyere historie» før eg sykla heim og kasta nokre klede i sekken av di eg skulle til Oslo. DUS-festival. Den Unge Scene. Me skulle spele stykket vårt «Lilla» to gonger på festivalen, og sjå på mange andre stykker – samt møte kjekke folk. Hyggeleg var det, sjølv om det alltid må skje ein del drit ting når Odin er på reisefot. Alltid.

I Oslo held ein seg på rommet sitt

Flyturen gjekk greitt; hax flytog, sidan drosje til hostellet. Nei, ikkje hotell. _Hos_tell, ja. Turkameratane mine var særs misnøgde med standarden. Dei har tydelegvis ikkje vore ute å reist noko særleg – kvaliteten var jo superb i høve til kva ein finn på reisefot i andre land. Problemet med staden var meir mangelen av felles samlingsplass. Noko hostell normalt har. Vel, dei hadde jo det – men med stengetid kl. 11; det er jo ikkje særleg kult.

Hostellrommet, der me budde

Rommet vårt.

I Oslo sentrum så er det ikkje mykje å gjere på kvelden. Oslo «by night» syg til dei grader spør du meg. Eg tenkjer på kva min gode ven Espen seier til meg om vald, gjenger og kriminalitet i Oslo då ein diger neger med rastafletter plutseleg mumlar noko uforståeleg. Olav, som eg går saman med, snur seg for å høyre kva han sa igjen. «Vill do ha speed eller kåla?». Eh, nei. Me treng korkje kokain eller speed.

Stoda i ungdomteaternoreg

Me har sett mange bra stykker medan me har vore her i Oslo. DUS (Den Unge Scene) er eit opplegg der me har fått fire manus, og rundt 30 grupper rundtom i Noreg har satt dei opp. 12 av desse kom til Oslo.—DUS er berre eit testprosjekt, fyrste gong dei har hatt det; eg vonar det blir meir. Men trur dette var mitt fyrste og siste (eg er trass alt ingen skodespelar, og eg trur karriera mi er ferdig no når eg skal starte å jobbe). Men eg unner sjølvsagt andre gleia av å vere med.

Me treng betre teater for ungdom. Normalt har du teater for unger og vaksne, teater for ungdom finst liksom ikkje. Ungdom flest synest at teater er teit; det har noko med dei stykkene som blir sett opp. Om ei vaksenførestilling sel dårleg, annonserar dei det som ei ungdomsførestilling; et voilà; dritt på sitt verste.

Sosialisering

Me har truffe eit par folk medan me har vore her. Veldig mange faktisk. Dei me snakka mest med, og som eg synest var særskild interessante, var teatergruppa frå Sola. Ein gjeng veldig hyggelege jenter som har take kontakt med oss fleire gonger. Kjende dei allereie igjen frå den fyrste delen av DUS festivalen, det var våre oppsettinger som gjekk vidare frå Rogaland. Det var deira stykke eg likte best av dei me såg på den regionale festivalen. Dei spelte eit stykke som heiter «Orkhons Død» – sjølv om manus ikkje var utruleg fengande så var skodespelarprestasjonane enorme.

Orkhons død, jentene bukker

Sola-jentene bukker etter «Orkhons død». Frå venstre: Ukjend, Frances (Ivan), Rebecca (Thuul), Ukjend, Siri (ikkje Hege nei, det er tvillingsystera) (Orkhon/Oskar), Ukjend, Kjersti (Yöro), ukjend, ukjend, ukjend. – Berre halve gruppa. Synest eg har vore flink å lære namn eg…

Eg hugsar godt kor positivt overraska eg blei. Skal ikkje leggje sjul på at eg ikkje hadde så store forvetningar; det såg ut som om nokon av dei kunne ha gått på barneskulen! Men, altså; veldig bra. Andre gongen eg såg det blei eg jo ikkje like overraska, då eg allereie visste dei var gode. Thuul (Rebecca, «austlendingen»), Ivan (Frances) og Orkhon (Siri) var særs flinke.

Solagruppa var på ca. 30 personer, men det var berre rundt halvparten som spela. Dette var av di dei hadde laga to versjonar av stykket – så gjekk berre ein videre frå kulturskulen, men leierane meinte alle burde vere med. Bra tanke. Viktig å take med heile gruppa.

fÆst

Etter ei stund fann me ut at desse jentene var interesserte i Olec (ikkje alle, men iallfall brorparten). Gruppeleiaren deira sa det tilogmed. På festen som var på fredagen utfordra faktisk leiaren Olec til å gå å danse med ei av jentene – slik at dei kunne ha noko å snakke om på resten av turen. Olec, som meiner han ikkje kan danse, gjorde det. Nokre få sekund seinere stod det minst 20 ungdomsskulejenter rundt han og dansa. Hahaha, kjempemoro.

Olec og Rebecca dansar

Olec og Rebecca («austlendingen») dansar :D Sjå kor moro dei har det, hihihi.

Den festen var faktisk utruleg moro. Då me fyrst kom var stemninga temmelig slapp. Eg haldt på å stupe av søvnmangel frå førdagens seinere-enn-kl-3-maraton. Me hadde vore oppe og spela kort (eg og Bjørn vann sjølvsagt (Games, keeims!)), etter det låg me i sengene og snakka. Me hadde heile gruppa vår på eit rom; meg, Olav, Olec, Pernille og May-liz. Det var visst eigentleg ikkje lov. Men sidan Pernille og May-liz klåra skremme vekk dei førre romkameratane sine var det plutseleg plass til oss. Det var ei veldig hendig løysing. Eit problem blei det likevel siste dag, då eg ville sove grunna nær føreståande eksamen – men ingen andre ville. Det blei til at eg sovna rundt 2:30. Ikkje beste tidspunktet, men det blei jo iallfall litt søvn.

Same kva, tilbake til festen. – Eg dansa jo såklart, som mange av dykk som les heimesida veit. Litt tidligare på kvelden hadde eg snakka med Pernille (som dansar ballett) og May-liz; dei trudde ikkje eg dansa på festar. Dei kunne aldri sjå det for seg. Hm. Neivel :p. Men så veit eg ikkje om det eg gjer er dansing heller, kjem vel antakeleg ann på definisjonen. Er dansing rytmisk beveging til musikk så dansar eg i høgaste grad, men om ho er teit/idiotisk eller kul/fin er ein anna diskusjon.

Austlendingen :)

Eg kjende igjen ei av jentene frå Sola spesielt godt—men klåra ikkje stadfeste ho; heilt til ho kom bort til meg og spurde om eg gjekk på Salsa. Aaaah! Yes. Så då hadde eg jo faktisk eit levande bevis på at eg ikkje var ein antidanse-person; Kristine. Dei hadde visst kalla meg «Salsa-guten». Heh. :) Me hadde kallenamn på ein person i deira gruppe òg; Rebecca har ei austlandsk dialekt, så me kalla ho like godt «austlendingen» heilt til me lærde namnet hennar. Det er litt moro at dei hadde kallenamn på meg faktisk, det tyder jo at dei har nemnd meg ein eller anna gong. Det synest eg er kult :]

Show pÃ¥ det opne teateret. Flamme-kis.Me snakka ein del om «austlendingen» av di Olav òg synest ho var flink. Olav er i tillegg utruleg enkel å mobbe. Sidan han meinte ho var flink tyda det liksom automatisk at han var forelska i ho. Eg var fan av Rebecca – men eg kan tenkje meg det ikkje er like moro å plage meg med det av di eg normalt ikkje reagerer så fælt på det. Olav gjorde det, og frå då av blei han mobba med det. At han satt seg ned for å fortelje Rebecca kor flink han syntes ho var gjorde ikkje ting betre (eg synest det var ein kjempefin ting å gjere, kudos!). Same kva; det var kjempemoro iallfall. «Sjå! Der er austlendingen Olav; gå bort til ho då! :D».

Dansing

Tilbake til festen var det eit fantastisk flamme- og akrobatshow (eg er ikkje heilt kronologisk), pluss at me åt. Etter mykje raving kom leiaren til Sola-jentene bort og gav Olec utfordringa eg skreiv om tidligare. Det fekk meg litt vaken, eg fekk lyst til å danse då eg fyrst hadde klåra dra meg inn til dansegolvet. Litt seinere dansa eg. Om enn, ikkje så mykje – eg hadde nett snakka om dansing; då blei det litt vanskelegare å gjere det. Hadde ikkje vore moro å få «Eh, kallar du det der dansing?» rett etter eg sjølv hadde påstått eg iallfall kunne danse litt :p

Men same kva, det er keitt. Ingen gidd lese meir om slikt. Spole framover; eg dansa litt med Helen og Kristine. Seinere sto me 20–30 personer i ring og dansa – eg turde ikkje danse i midten av ringen. Hadde nok litt lyst – men lell. Teatergruppa mi prøvde dra meg ut – men eg turde ikkje :p Eg elskar å danse, men eg trur eg ser så teit ut medan eg gjer det. Siste songen blei spela. Ferdig. Hm. Pernille klåra få ein song til. Ho ville tydelegvis ha meg ut, fekk med seg Rebecca; då måtte eg jo berre. Når Pernille starta med slike kreative løysinger, hahahah. Genialt Pernille. Så då dansa eg litt i ringen. Hihi. Var særs moro.

Var nokon som kommenterte dansinga mi, – positivt. :) Jess! :D Hehe. Eg fekk òg skryt av Pernille :) Men så hadde jo ikkje ho forventa noko særleg heller då ;) Same kva, det var veldig moro – og kanskje eg synest dansinga mi er litt mindre uhøveleg no.

Teaterhøgskulen

Utanfør teaterhøgskulen, KHiO - fabrikkvegg

Hm. Det skjedde utruleg mykje på den turen. Eg må drepe mykje av det for å ikkje skrive for mykje, så eg får hoppe til dagen etter; stemmeoppvarming på KHiO (Kunsthøgskulen i Oslo – teaterskulen). Flott bygg. Var med Sola-gruppa igjen (jadå – har skrive det mange gonger no, men me såg dei ofte :p ). Katrine J. Ims, kjærasten til Olec, skulle til tredjeprøve. 30 stk på tredjeprøve, berre 10 kjem inn. I år hadde teaterhøgskulen rundt 600 søkarar, som allereie er «luka vekk». Ho er allereie ein av dei 5% som har kome så langt. Utruleg dyktig. :) Eg har forresten gått i teateret med Katrine heilt sidan eg starta, me spela i Robin Hood saman.

Stemmeoppvarminga var moro, me hadde ei søt «lærarinne», Anna, som gjekk andre klasse på teaterhøgskulen. Det var veldig hyggeleg iallfall. Seinare på dagen var det ei «høyring» som var sånn ca 75% keisam, medan resten var interessant. Bjørn (sjefen for Rogaland Teater: Barne og ungdomsteateret, og instruktøren vår) sa noko om at han ynskja å sjå sterkare kvinneroller i tekstane DUS fekk levert frå forfattarane.

Kei høyring

Kei DUS høyring. Bjørn synest det er keisamt.

Rebecca kom med ein replikk der ho sa det var sterke kvinneroller i nokre av stykka og kom med døme på det. Det var den fyrste og einaste replikken med ein viss substans frå ungdom den dagen. Bjørn tok ordet heilt i slutten og retta på seg; «Rebecca, det kom feil ut, eg meinte eg ville sjå fleire sterke kvinneroller». Så gjekk han bort ho, gav ho ei rose og ein god klem. Hehe. Det var høgdepunktet på den elles keisame høyringa. For meg iallfall.

Robert hadde kome midt inne i høyringa. Han hadde ikkje vore med oss sidan han måtte spele i ein konsert i Stavanger på fredagen. Det var ikkje lenge til me skulle spele stykket vårt no. Eg var fint lite interessera i å sitje å spise lunsj; no ville eg berre dusje. Eg hadde ikkje dusja etter festen førdagen, det tyda at eg kjende meg skitten. Robert sa han ikkje lukta noko – eg overproblematiserte sikkert. Lell, eg ville ikkje snakke med folk sidan eg kjende meg så ekkel.

Open dusj

Pernille har nett stått opp, rett før me drar til KHiO.

Nede i 2U på Det Norske Teateret fann eg til slutt ein dusj. Sjølve løysinga var ganske, hm, interessant. Det var nemlig kombinert WC/do/dusj. Dei hadde faktisk gjort den fine løysinga at ein måtte kle av seg rett foran døra ut til gangen. Ein kunne jo ikkje take av seg kleda inne i dusjen, då ville ein jo bli blaut. Så det var ikkje utan spente nerver eg gjorde meg klår til å dusje. Forventa at nokon skulle opne døra kvart sekund. Eg var rask til å kle om. (U)Heldigvis kom det ingen (hehe). Dusjen hadde eit slikt ekkelt forheng som flyg mot deg medan du dusjer og fester seg til kroppen din.

Oppvarming! Yes. Litt «sipp-sipp», ein oppvarmingsleik me plar ha. Aksel Hennie (Uno og Johnny Vang (kul film)) lo visstnok av oss då me varma opp :]—Litt tidligare hadde han litt spørjande proklamert at dette var Noregs beste barneteater. Men det var feil i følgje Bjørn; Noregs beste _ungdoms_teater! Hehe ;)

Fyrste førestilling i Oslo

Olav venter på at me skal ut å spele, medan Robert stemmer gitaren.

Spenninga mot fyrste førestilling på lang tid bygde seg opp. Energien stod i taket.—Før oss var ei veldig lang førestilling, ho høyrdest ganske treig og keisam ut òg. Folk var meir eller mindre sultne på underhaldning. Meg, Olec og Robert måtte hjelpe til på skiftet for å gjere det raskast mogleg (to stykker blei spela rett etter einannan, utan pause for publikum…). Me ville ha eit ope skift, så alle fekk sjå meg då eg var ute å bar på ting og tang :p Hehe, me fekk faktisk klapp og eg høyrde Sola-jentene snakke då me kom inn; «endeleg!». Hahaha. Koseleg :p

Pernille var ikkje nøgd, – det hadde visst gått veldig dårlig. Aiai. Krise. Meg og Robert stod utanfør og gjorde oss klåre. Men publikum lo meir og meir, dei var meir og meir tilstades og det høyrdest ut som om Olav og Olec spela veldig bra. Det hadde tydelegvis take seg opp – byrja hadde vore litt haltande, men det fiksa seg. Då eg og Robert kom inn var publikum varme, så det gjekk glatt :] Førestillinga gjekk heilt supert! Då me kom ut for å bukke sto publikum allereie! Sjukaste! Det såg eg ikkje ein einaste gong andre plassar på festivalen. Heilt usannsynleg kjempemoro. :D

Eg var redd for å gå ut – det er ikkje berre enkelt å møte skryt. Det er alt for lett å virke hoven :( Eg tok på meg nokre stygge klede og hang litt rundt. Olav hadde blitt sparka i skrittet under førestillinga – Olec traff ikkje skikkeleg :p Pernille og May-liz hadde sagt det til Sola-jentene. Hehe, det lo eg godt av då dei sa det borte på den faste hengeplassen (Deli De Luca). Genialt :] Ho hadde antyda noko om at han trong klemmer :p Hihihih.—Seinere stakk alle utanom Olav. Me gjekk ned mot teateret åleine. (Ein anna gong stakk jentene vekk frå oss då dei såg «Jorun» og «Tone» som var med i «Idol». Eg har faktisk fått med meg kven det er.)

Ei, eh, annleis andre førestilling

Lilla, prøvescenen på Det Norske Teateret.

Då me var nede med Det Norske Teateret blei me overfalt; fekk mange klemmer og skryt. Hihih. Alle synast synd på Olav. Hehe. Så. Neste førestilling; rett og slett elendig. Eg hadde kopla opp forsterkaren til Olav feil (in/ut-kablane stod motsett) sidan eg ikkje kunne teste utstyret då me bar det inn. Olav klåra ikkje fikse det, og Olec turde ikkje prøve; meg og Robert forklara han korleis han skulle gjere det—men han var vel for redd for å improvisere på noko han eigentleg ikkje kunne. Eg blei eigentleg veldig skuffa av Olec der. Kunne alltids funne ut noko. Blir for dumt å late som at det ikkje er eit problem.

Same kva. Det blei ein elendig førestilling. Eg var skitsur. Lot ikkje folk få sjå det då, men eg var det. :p Hehe. Det skulle bli verre. Når du allereie kjenner deg drit plar ikkje ting bli betre med det fyrste heller. Einkvar småirritasjon blir eskalert til eit høgare nivå. Meg og Olav hadde bært ein forferdelig tung koffert til teateret, no skulle dei tilbake. Olec skulle ut med Katrine. Greitt nok. Me var framleis 5. Robert måtte bære sine eigne ting sidan han nett hadde kome, litt verre. 4 stk, 2 som er jenter. Men så bestemte dei plutseleg at meg og Olav skulle bære heile driten til hotellet, av di dei heller ville gå til byen. Eh. Kanskje ikkje me òg ville det? Hekkan eg var sur då.

Litt slik misting osb

Olav, Pernille og Olec på badet.. Trøytte fjes.

Så eg sleit meg halvt i hjel. Det er ikkje tull eingong. Armane mine var heilt pumpa då me kom fram, – dei var harde som stål. Digre. Uff. Me fekk litt pizza (dårleg pizza då, menmen). Snakka med Ben (vår amerikanske ven) og Rebecca, Frances og Kjersti. Blei i betre humør då. Etter litt lura eg på kor kamera var blitt av. Kor i all…?—TADAAAAAAAAAAAAAA. Jodå, sjølvsagt. Skapet på Det Norske Teateret. Eg tok ut pengar, låna mobilen til Olav (mobilen min var òg i skapet) og ringde. Ringde, ringde. Akk. Dei har stengd. Eg fann ut at dei ville ha stengt til::: Mondag.

Mondag. Eg tenkte; kan jo like godt berre bli igjen ein ekstra dag åleine då? Men, nei. Kva hadde eg på mondag? Jo. Eksamen. Supert. – Så, då tenkte eg ikkje stort meir på det. Fekk ordna meg med fleire kontaktnummer slik at eg kunne fikse det heile frå Stavanger. Det fungera faktisk ganske bra. Litt plaga av at eg ikkje hadde kamera vidare, men hadde god tiltru til DNT.

Masse småaktivitetar

Av andre ting eg gjorde som eg ikkje gidd utdjupe noko meir (innlegget er for langt allereie) har me byvandring åleine. Då gjekk eg innom FotoVideo.no og såg på linser og filtre til D70-kameraet. Eg blei forelska i ei Nikon 12mm f1.4-linse! :D Ho kosta rundt 16.000 kr. Eh… Eg såg òg etter eit macro-objektiv, Sigma 105mm f2.8 EX Macro DG 1:1 såg ut som eit godt kjøp for 3.400 kr. Eg må sjekke den linsa nærare. Hadde vore moro med eit 1:1 macroobjektiv.

Elles var me mykje på Deli De Luca. Olav blei forelska i eit bilete som hang der, ei fin jente jobba der, me såg Jorun og Tone frå Idol og sat i vindauge og snakka om folk som gjekk forbi. Då jentene såg Idol-jentene blei dei jo heilt ville. Ein ser kva TV har gjort med ungane… Me gjekk i byen og åt på Egon på Karl Johan ein dag òg. Ah, og så kjempegod is i fina vêre! :D

Heimatt

Eg stod opp tidlig til frukost som vanleg (denne gongen var eg åleine), og las Morgenbladet medan eg åt. Etter det fann eg ein datamaskin på hotellet vedsida av hostellet! Jess! Eg sat meg ned og skreiv “Smokeh”. Så starta eg på dette innlegget. Rebecca osb gjekk forbi og helsa nett då eg skreiv om dei – heh, det var litt stilig :] Me gjorde oss klår. Ringte taxi. Til togstasjonen? Ok… Me fekk tilbod om å sitje på til flyplassen for 1000kr, – det var jo billigare enn flytoget; så det gjorde me. Vèl framme stod me å sjekka inn, då kom Sola-gjengen. Sjølv om dei hadde starta turen lengje før oss kom dei seinare. Mohawhahw.

Eg sat v/ gate og spelde gitar. Rebecca sat rett bak Olav og såg på noko bak seg, – Bjørn sa “Sjå der!” til Olav og pekte. Olav snudde seg og såg rett på Rebecca, berre nokre cm i frå. Haaha. Det var kjempemoro, Olav blei utruleg flau, medan me lo og lo. Hihihi. Var ei kjekk heimreise. Var ein kjekk tur. Kjempemoro :) No sèt eg sluttstrek og får heller fikse eit par bilete til innlegget. Godt gjort om du er kome heilt ned hit! Det var altså turen. I korte trekk :)

Smokeh

Dress, tirsdag og onsdag gjekk eg nesten berre i dress. Neidå, det er ikkje ei radikal omvending av min politiske ståstad; eg er ikkje blitt høgre-ungdom. Dress er tøft då. Dress er “Resevoir dogs” og tørre kommentarar. Men det er berre tøft ei avgrensa periode; ikkje heile tida. Vil eg kanskje berre vere tøff i nokre dagar?

Odin, skodespelar i filmen Dagen i dag

Nei, eg spelte altså i ein film desse dagane. Filip frå UIS(Universitetet i Stavanger) trong skodespelarar til eksamensfilmen hans, så då ringte han meg og Robert (som spelte bassisten i «Lilla», for dykk som har sett det). Handlinga er lagt rett før ei begravelse; kameraten vår, som me budde saman med, har take sitt eige liv. Fillip Dominoquez (eh, eller noko - han som laga filmen, kjekk type! ;)Robert spelar ein fyr som har vanskeleg for å gje utrykk for kjenslene sine og han seier mykje dumt. Startar å seie vonde ting om Leo, kameraten som tok sjølvmord. Det heile blir slutta då lillesystera til Leo (Kristine (9) heitter ho, kjem frå teateret – flink, søt jente) kjem inn midt i høgdepunktet i «krangelen» vår. Robert forstår kva han har gjort – og det blir ein slowmotion slutt, med køyring av kamera (sikle) der me går ut saman til gravferda.

Hekkan, eg gler meg til å sjå korleis filmen blir (heiter forresten «Dagen i dag»). Kamera dei hadde var kjempestilig – biletebrikka på det må ha vore kjempestor. Dei hadde òg ei utruleg linse på det. Slikt blir det bra bilete av.—Sleit litt med ljossetting innimellom, men det blei bra trur eg. Velvel, me får sjå korleis det går. Det var kjempemoro å spele i han iallfall – trur ikkje eg gjorde ein kjempejobb, men Filip såg no nøgd ut iallfall. Filminga gjekk over to dagar, så eg håpar det ikkje er nokre digre gapande feil som gjer at det blir vanskeleg å klippe saman :)

Ein anna film eg ventar på er Johan sin “Pia mi”. (Oppdatert: Film, Pia mi er ferdig!)Der blei eg tilsett som “ljosansvarleg” og gjorde jobben etter beste evne. Har aldri hatt den rolla før – men det blei visst ganske OK, sidan me fekk skryt for ljossettinga av Noregs framste gfx-kis (gjorde effektane i Monster Torsdag, lagar omtrent alt av kule reklamar på TV2) Rune Spaas! Yeah! Det var moro det :)

Mjølk er det som eig mest!

Då eg opna kjøleskapsdøra i dag såg eg ein hyggeleg overrasking; Tine har fått nytt design på mjølka si. Ikkje berre dèt – men designet er retro, inspirert av den «gamle» mjølkekartongen. Det er retromoderne og nesten usømeleg sexy! Eg hugsar sjølv desse gamle mjølkekartongane frå den perioda rett før dei byta design, og eg slutta å drikke mjølk.

Eg Superfantatstisk Tine Mjølk!trur ikkje eg slutta å drikke mjølk av di designet forandra. Slik eg hugsar drakk eg lenge av kartongane med dei små «blomane» du finn i skogen (eg anar ikkje kva dei heiter!). Då eg gjekk på Auglend Barneskule fekk eg høveleg nok 0.33L rein heilmjølk. Det var tider. Brått blei det slutt, etter saft til middagen i nokre månader lika eg plutseleg ikkje mjølk. Det hende rundt ungdomsskulen. Lenge gjekk eg utan mjølk andre plassar enn i kornflakesen. Skal eg vere heilt ærlig hadde det ingenting med «kulheitsfaktor» å gjere. Skal eg ljuge kan eg seie at eg var under stort press frå vener og medelever om at brus var det kule. Mjølk var det berre nerdar som drakk, og eg var ingen nerd. Ljuging slutt her, tolk den siste setninga som du vil.

Men så var eg eit år i Oxford då. England. Ah. Verre sukkerland finn du ikkje. Dei putter sukker i alt, og ikkje berre det, men dei putter ueigna mykje sukker i produkta òg. Alt med sukker i smakte forferdelig i England, men ein blei jo vand til det. Ei anna side med opphaldet i England var kor usannsynleg nasjonalistiske me blei, alt som var norsk var bra, alt som var norsk var best. I Noreg var alt betre, sjølv om det var moro i England – men det var jo moro av di me hadde folk frå Noreg rundt oss. Mjølkeprodukta i Noreg er iallfall dei beste i verda, pulveriserer alt i Frankriket, England og Danmark, som er alle plassane eg har turd å prøve mjølkeprodukt. Kva er ikkje meir norsk enn Tine mjølk? Nei, akkurat, ingenting. Tine mjølk er norsk så det held. Putt nasjonalisme saman med mjølk og få ein mjølkedrikkande nasjonalist! Der var eg.

Men det var litt ljuging igjen, av di det var ikkje difor eg drakk mjølk fyrste gongen på fleire år. Ein vakker dag kom eg inn i huset etter ein slitsom dag. Eg måtte ha noko å drikke. Ikkje vatn. Eg ville ha saft. Men! Ingen saft i huset! Krise! Det stod ein mjølkekartong i kjøleskapet – vel, tenkte eg – eg er jo så tyrst så. Fyrste som slo meg var at det var kaldt. Kjempekaldt. Ikkje sånn kvasikald som vatn blir. Men skikkeleg kaldt. Det hadde ein fyldig kaldheit. Ein kaldheit som ein kjende hadde substans – han hang igjen. W00t! Trudde ikkje eg lika mjølk! Det gjorde eg visst, no iallfall. Så, etter den dagen har det nesten ikkje gått ein dag utan eit kaldt glas Tine mjølk.

Må ha det, berre _må_ ha det.

Normalt drikk eg fleire glas dagen. I dag har eg drukke 3 glas, utan at det er noko spesielt med denne dagen. Altså. Mjølk er genialt. Mjølk er godt. Mjølk er kult, mjølk er tøft og mjølk har fått nytt design som er *superduper*tøft! :D Så, lat meg slutte av med nokre visdomsord mamma aldri sa til meg (ikkje på grunn av innholdet, men formen);

Mjølk er kult, mjølk er best, mjølk er det som eig mest!

Lause låsar på parkeringsplassen

Så står eg der då. På sykkelparkeringa til Hetland. Eg tenkjer på lås-hackane eg nett såg på hackaday, ein blogg eg les kvar dag. Nokre minutt seinere står eg med ein sykkellås i handa, men det er ikkje med same måte som eg las på internett.

Hmm. Tor Eirik har ein slik «Kryptonite»-lås, berre det er ein «Biltema»-versjon. Nyfiken som eg er prøver eg å opne han. Etter eit minutt med kulepennen gjer eg opp – biltema sin er sikkert sikrere enn Kryptonite sin. Vedsia av min sykkel står ein anna sykkel med kodelås. Eg har kodelås sjølv på min sykkel, og når eg låser han snurrer eg ikkje særleg mykje på tala. Eg stod å såg på sykkelen ganske lenge og lurte på om eg kunne klare å «hacke» låsen.

Syklar i skulegarden

Eg kunne skrive ned nummeret som stod no, prøve meg litt fram – om eg ikkje klarte det kunne eg skrive ned nummeret neste dag, neste dag etter det osb. Til slutt ville eg sikkert kunne finne eit mønster eller ei rekke med høgst sannsynlege tal. Eg er ingen sykkeltyv, ingen slem person – det ville berre vere for å sjekke sikkerheiten. Fann ut at eg ville prøve. Då eg bøyde meg ned og kjende på låsen gjekk han rett opp. – Så fyren som eig sykkelen hadde faktisk ikkje snurra på koden i det heile! Snakk om sikkerheit. Låsen var berre på for å vise at han var låst, sjølv om han eigentleg ikkje var det.

Jøss. Tenk at folk tør.—Vel, i ein perfekt verden treng ein ikkje lås – men no har folk stjelt så mykje frå meg at eg faktisk har byrja låse ting. Eg missliker sterkt den negative fokuseringa heile tida, – om me går rundt å trur at alt er galt blir det iallfall ikkje betre! Men eg er stadig overraska over at nokon vil bruke kalorier på å setje låsen på – men ikkje snurre på tala. Ein av dei andre syklane stod utan lås i det heile – det er no forsåvidt greitt, av di det er kun latskap/god tiltru til folk. Men å gå mellomvegen mellom lås og ingen lås er litt rart, når ein trass alt har satt låsen klar. Menmen, kvar sin måte!

No kan eg altså den koden. Eg kan ikkje for det, eg har det med å huske koder. Eg har utruleg mange sjølv – men dei ser ikkje ut til å gje slepp. Må telje dei ein gong.

Nokia 3310

Det teknologiske gjennombruddet kom den dagen Nokia 3310 blei konstruert. Det ekje nok me at mobilen har ein superfantastisk AI, men laderen så og fulgte me ligge i ein klasse for seg sjøl. Dette e alle grunner te koffår eg elske mobilen min.

Du kan sei at den romantiske perioden starta i 2002 kor eg då fekk min fysste mobil! Nokia 3310. Mobilen va faktisk så goe at alle sprang rondt me ann, me unntage fra Jon så sprang rondt me et hotell. Någen ville kanskje kalt det for et våpen, men nok om Jon. Nokia 3310 har vært me meg gjønå forskjelligt ver, innte ann fekk husarrest for 2-3 år siå. Koffår fekk den superkule mobilen din husarrest spør du vel deg sjøl. Jo, det begynte me at mobilen min ville kjøra sitt eget løb. Ringte folk, slo ann seg av automatisk. Hadde eg happy hour me mobilen, ja då slo ann seg og av. Nå leve eg mer i den uromantiske perioden som hovedsaklig består av ein store klomp i halsen og knust hjerta. Sjøl nå sitte eg me mobilen. Men egentligt ligge mobilen på sengå og skaffe seg energi så ann får muligheden te å holda seg oppe di neste timane. Eg lade mobilen fra 14:00 te 23:00 kver dag omtrent, men forsatt, når eg våkne opp dagen derpå e ann av. Laderen synge og på det sista verset. Någe eg opplevde i dag. Det har skjedd et normbrudd me strøminntage te mobilen eller strømutgivningå fra laderen. Enten eller så hjelpe det ikkje meg. Men alligavel, e jo aldri någen så sende meldinger te meg så eg vettkje ka eg engste meg for.
Sette me invaliditeten te mobilen min i perspektiv så tjene det meg i lengden. Eg sleppe å få kreft i kjydkagene. Eg sleppe å trykka fjeset mitt neri ein mobil te uante tiår (takk for pc). 70% av tiå eg trykke fjese neri mobilskjermen e det for å se om ann vil lada seg. Eg sleppe å kjøba nye mobil kver måned for enkelt og greit e eg ikkje kresen, derav holde eg ein stødig økonomi så kan bli sløst vekk på filmar. Eg sleppe å bli ringt opp av folk så trenge meg te någe. Eg sleppe å finna gjenstander så ikkje fungere (hum?). Uansett så e mobilen min genuin, egen klasse for seg sjøl og det e nettopp derfor ann aldri har blitt bytta ud + ann trekke damer te di grader.

Den geniale skulen

Eg skal ikkje leggje sjul på det; eg er faktisk veldig glad i Hetland som skule. Nokre har fått høyre skrytet, men kva er det eigentleg eg likar med Hetland? Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men i dag kom eg heim frå ein norsktentamen på data. Eit av kjernepunkta ligg iallfall rundt det.

No er det jo rett sagt genialt at me får skrive norsktentamen (og eksamen) på data. Alle veit at eg ville falle for ein slik idè. Me skriver jo alt som er viktig på data desse dagar. Norsken, mediaen, referat, søknader, alt, alt, alt på data. Det er jo rett sagt teit å skrive tentamen på papir. Eg har vore ein motstandar av det lenge. Kvifor skal me plutseleg på den viktigaste prøven i norsk (eksamen) skrive på totalt avleggs papir? Ein kan jo ikkje endre på det ein skriv! Penn og papir-metoda har vore ei frustrasjon for meg.

Hetland skule

Men likevel, trass i kor glad eg er i å skrive tentamen på data, så er ikkje det hovudgrunnen til at eg likar denne episoda. For litt under eit halvt år sidan tenkte eg denne idèen etter ei norskprøve der eg omtrent daua av di eg ikkje fekk skrive alt eg ville på grunn av tekniske hindringer. Eg skriv ikkje raskt på papir, og det låser ein til å skrive rett fyrste gong (eller andre med kladd). På grunn av låsinga blir eg sitjande lenge å tenkje ut korleis eg skal skrive teksten – eg tapar mykje tid på det. Så, frustrert over elendige tentamenordningar la eg fram forslag i elevrådet om bruk av pc på eksamen.

Eg fekk skulen med meg etter at elevrådsrepresentantane hadde spurd i klassene sine – med det gjekk eg til rektor og la fram forslaget. Kom med argumenta og rektor stilde seg positiv til forslaget. Han visste ikkje kva han kunne få til – men han skulle prøve. Nokre månader seinare får me vite at me skal ha eksamen på data! W00t. Snakk om elevmedvirkning :] Det er ein av dei beste grunnene til å gå på Hetland, rektor Torolv Hellemo eig.

Han er veldig interessert i at elevene på skulen skal ha det godt – oppteke av miljøet på skulen. Elevene skal trivs. «Best på læringsmiljø» er mottoet til Hetland om eg ikkje tek feil. Han har gjeve elevrådet pengar til å promotere seg sjølv – me har ikkje komt så langt med det, men likevel; veldig aktiv for å skape godt miljø på skulen. Han synest elevmedvirkning er veldig viktig. Det fungerer tydelegvis òg – me har fått gjennom nokre ganske kule ting no!

Elles er det nokre kjempeflinke lærarar på Hetland, men dei finnest jo på andre skular òg. Eg liker spesielt Ingunn Alsåker, Olav Håberg og Bjørg Rosfjord. Dette er lærarar fleire ikkje likar, men det går for det meste på det personlege – det er få som stiller spørsmål med den faglige kompetansa deira. Eg synest dei er hyggelege elles òg. Av lærarar som er godt likt elles har eg Bjarne Ogne – ein utruleg dyktig og herlig gymlærar. Frode Bredesen har eg i matte, han er ganske ung (29 trur eg) – men veldig flink. Han har ikkje den same pedagogiske stabiliteten dei meir erfarne lærarane har, men eg har han i eit fag der det ikkje er så viktig. Eg trur ikkje eg ville hatt han i nyere historie, historielærarar treng ofte meir erfaring for å kunne lære vekk noko (og få det til å sittje!). Eg har lærarar eg ikkje liker noko særleg òg, men dei er båe i sterkt mindretal, dessutan er eg ikkje komfortabel med å skrive om det.

Oxfordopplegget til Hetland er jo ein fyrstesak – dei som ikkje har vore med på det veit ikkje kva det er. Året i Oxford var heilt utruleg. Men det har eg allereie kverulert nok om, de vil nok ikkje forstå med mindre de har opplevd det same ;) Samhaldet i Oxford var ekstraordinært – men sjølve skulen heime i Noreg har òg eit godt samhald. Eg liker godt å gå på skulen, det er kjempemange kjekke folk og mykje bra å gjere. Det er vondt med skulearbeid av og til, men det virker som om det er verre på andre skular. På andre skular virker heile miljøet mykje meir klikkete òg – det er ikkje like godt iallfall.

Same kva, eg har ofte snakka fint om Hetland, at det skal vere ein nedleggingstrua skule er berre tull – kvifor skal ein leggje ned den beste skulen på læringsmiljø i Rogaland? Dessutan er det jo den einaste skulen som tør å prøve nye ting – neste år er det fleire spanande forsøk på døra. Hetland var fyrst med økter istaden for skuletimar, fyrst med studieøkter, fyrst på sidemålsforsøk ( skikkeleg forsøk, der ein har sidemål den fyrste terminen, og hovudmål i den andre), tidleg med bruk av pc osbosb. Skulen blir ofte kritisert for forsøka – men etter eit år eller to begynner jo skulane som kritiserte Hetland å adoptere dei same systema! Nei, Hetland er ein super skule.

Til kamp mot fotballspråket

Norske fotballjournalistar er ikkje som andre journalistar meiner Per Egil Hegge i sitt innlegg “Til kamp mot fotballspråket”. Han forklarar det godt i ingressen; “sjølv då Spania leda 1–0 i førgårs og fortsette å rundspele eit norsk landslag, snakka fotballreporterane båe på NRK radio og TV 2 om at det framleis var mogligheiter for å kome til Portugal”.

Med ein lausriven, adjektivtung skrivestil fortel han korleis denne gruppa er lausrive frå røyndomen. Journalismen skal skildre røyndomen, men desse journalistane klarar ikkje sjå han. Dei brukar side opp og side ned med bortforklaringar i staden for å sjå kor heile problemet ligg; dei er ikkje gode nok. Korkje journalistane eller spelarane.

Noko er galt, syner Hegge, og legg ut om kor mykje spalteplass fotballjournalistane får på å skrive tull; haustens største hending var eit slagsmål i spelarbussen. Likevel skal båe spelarane og journalistane ha plass og pengar, berre ikkje kritikk. Journalistikk ligg ikkje på vitskapen sitt presisjonsnivå, men om han mistar kontakten med røyndomen blir han inkjeseiande.

Om ein ser tilbake kan ein sjå konturane av årsaksforklaring på kvifor fotballjournalismen er så inkjeseiande. Forklaringar Hegge meiner er totalt fråverande i nyare fotballjournalistikk, der utrop som ”åi- åi- åi!” blir sedd på som ein analyse og ”åi- åi- åi- åi- åi!” ein djupsindig kommentar. Før blei det skrive bøker om den norske taktikken. Nokon kalla det fotballfilosofi, trass det utrulig banale innhaldet. Denne filosofen er korkje vakker, spanande, underhaldande eller prega av glede meiner Hegge og samanliknar tekstane med seksualopplysningsbøkene frå gamledagar.

Men stadig rullar pengane inn på konto. Sjølv store og ofte seriøse aviser som Aftenposten kleiser opp digre heilsides tulleartiklar, men VG er verstingen. Marit Breivik, leiaren for handballjentene, gjekk til kamp mot fotballen. Ho ville ha mindre plass til dei bortskjemde gutane og meir plass til dei meir sympatiske jentene. Fotballjentene har, i likskap med handballjentene, anna å skyte til enn surskap og krav, meiner Hegge.

Han meiner det er grunn til å mane til kamp mot fotballjournalistikken. Han er plasskrevande og kvarstor, men verst av alt; utan kontakt med røyndomen. Til slutt seier han at Fotball-Noreg burde vere glad for tapet mot Spania. Då har dei tid til å kople seg opp mot røyndomen igjen.

Skrivestilen til Hegge sjølv er kontrastfylt, fargerik og dømmande. Han pøser på med negative adjektiv i ei retning, medan han skamroser i ei anna, denne gongen jentesporten. Han nyttar høve til å skrive nett slik fotballjournalistar gjer, med diger forenkling og eit dynamisk svart/kvit-bilete som vekslar på å vere kvit og svart i høve til situasjonen. Ein dag kan Noreg vere best i verda, medan dei neste dag er verst.

Med ord som ”utscheielsenes, … verden” lagar han eit artig ordspel på ”Arne Scheie”, og bokmålordet ”utskeielse”. Scheie er ein fotballkommentator som er kjend for skrik og skrål når det hender noko spanande på fotballbanen. Han viser kjensler og er eit godt døme på den enkle journalistikken Hegge skriver om. Han trekkjer inn litt dialekt; ”plass ska’rem ha, og penger ska’rem ha”, som høyrest ulidelig likt ut som ein viss TV-reporter hadde sagt det.

Fotball, teikning laga i Paint på skulen - medan eg skreiv stilen.

For å forstå Hegge sin fulle artikkel med den sjargongen han brukar bør ein rimelegvis ha lest ein del fotballartiklar før. Sjølve språket i artikkelen hans er eit lite ironisk spark til dei rette fotballartiklane i tillegg til det han skriv reint teknisk. Utsegn som ”måke ein høg ball lengst mogleg” er for meg ukjend, sjølv om tydinga er klar. Han har visstnok skrive til dei som allereie leser sportssidene i avisa.

Hegge skriv om eit stort problem i norsk medierøyndom. Aviser som skal vere demokratiets grunnstein; opplyse og engasjere folk, er spekka med 50% inkjevetta sportsjournalistikk. Hegge talar berre mot fotballdelen av journalistikken, men så er no den heilt klårt dominerande òg. Det har ofte førekome meg eit spørsmål; kvifor er det så stor fokus på fotball? Det er trass alt ikkje viktig.

Fotball er folk som spring etter ein ball for å plassere han i eit nett. Ein konkurranse, ja, men for kven og ikkje minst til kva nytte? Me som les avisa er ikkje del av denne konkurransen, kampane har reint praktisk ingen innverknad på lesarane av avisa. Det er spelarane som gjer jobben, lesarane er berre kjend med dei gjennom Se & Hør sin sosialpornografi.

Men kvifor sel stoffet så bra og korleis lever fotballjournalistane i si eiga verd? Sjølv lever me med ei kritisk, negativ nyheitsfokusering der positive sakar og nyheiter er sterkt ynskja. Forsking har vist at fokus på negative hendingar og problem berre skapar meir problem. På ein måte som utsegna ”vold avler vold”.

Ein institusjon gjorde eit forsøk på dette. Med å fokusere på kva som var galt blei heile bygget prega av ein aggressiv og paranoid mentalitet, problema blei verre. Medan ei positiv vinkling og fokus på kva som var bra gav ei meir open og positiv haldning, med meir lukkelege inn- og tilsette. I dette perspektivet er det sportsjournalistikken som veldig ofte er det positive i dagens verdsmedia. Heltedyrking og gledesrop er fullt lovleg innafor denne sjangeren og gjev media noko sårt etterlengta; positivitet.

Hegge snakkar om den same positiviteten, men han meiner fotballen manglar kritisk sans. Den overveldande positive haldninga har inga motstykke og alt som kjem frå journalistane si side er røyndomsfjerne ytringar. Noko ein raskt vil misse tiltru til. Kva det er å glede seg over når alt berre er tull likevel? Om ein har eit meir realistisk høve, kan positive utsegn få større tyngde.

Det må vere på grunn av positiviteten folk synest fotballen er så viktig, og journalistane difor appellerer meir til kjensler og banale framstillingar enn å lage ei skikkeleg sak. Folk vil ha helter, dei finn eit lag å halde med og stør opp om dei. Ein er tilhengar av noko som er større enn seg sjølv, eit felles større mål. Men framleis er ein ikkje direkte med på noko. Det å sitje åleine å heie på laget sitt på TV vil ikkje påverke ein nok til ei større positiv omvelting. Menneskje har ei naturleg avstand frå TV og radio, nett av di desse media ikkje er naturlege for oss.

Vener ser ofte fotball i lag, det er noko sosialt over det. Reporteren som skriker sine inste kjensler frå TV-en sett stemninga i forsamlinga. Fotball er ein orsak for menn til å gje kvarandre klemmar og vise kjensler utan å bli stempla homofil. Reporterane er med å lage stemning og forventning i heimen til tusenvis av fotballfans. Så den utruleg lette forma og den overpositive journalisten har ei oppgåve utover det ein vanleg journalist har.

Om reporteren på TV hadde begynt å bli negativ og kjefta båe på laget og kampen ville stemninga til dei som såg på endre seg. Tek ein vekk all positiviteten med å seie at det kjem til å gå dårleg blir det ikkje anna enn leit og keitt å sjå resten av kampen. I høve til vanlege journalistar har desse journalistane eit underhaldningsansvar.
Men kan eigentleg fotballjournalistar seiast å vere journalistar då? Dei har ikkje den same målsettinga om å opplyse folk om samfunnsnyttige ting, dei har ikkje eit kritisk blikk på verda rundt seg. Journalistar skal få ut det vesentlige for vanlege folk som ikkje har tid til å setje seg inn i alle slags sakar. På den måten kan det diskuterast om dei i det heile tatt høyrer heime i ei nyheitsavis – eller om det heller er eigne underhaldningsmedia dei burde halde seg til.

Fotballjournalistikken gjev oss grov forenkling og svart/kvit-maling. Subjektive og skarpe adjektiv er del av noko som blir kalla ein artikkel (som i og for seg skal vere objektiv og ikkje vise intensjonane til skribenten). Ein ser sjeldan liknande i andre nyheitsmedia, sjølv om det stundom snik seg inn eitkvart. Dessutan har ein debattsidene og innlegg i avisene, ein av demokratiets viktigaste ytringsveggar for den vanlege borgar. Dei kan ofte minne om den subjektive framstillinga fotballjournalistikken gjev.

Men likevel må debattantane grunngje sitt syn nøye for å i det heile tatt få trykkja innlegget og det må ha eit innhald som ikkje er inkjeseiande. Det finst òg likheiter andre vegen sjølvsagt. Fotballen har eit par journalistiske trekk i avis og TV – dei får fram ”kva har skjedd” og gjev kortfatta referat til dei som vil lese.

Problemet er likevel at fotballen tek så mykje plass. Han presser ut dei eventuelt andre glade sakane som kanskje appellerer til ei anna gruppe enn dei høgtskrikande fotballnerdane rundt om det ganske land. For kor mykje reel glede og positivitet kan det no liggje i fotballentusiasmen? Ei glede over å vinne over eit anna lag held ikkje evig. Fotballjournalistane flyr høgt på vinn, medan dei prøver å halde interessa oppe når det går dårleg.

Rundt jul var det ein stor katastrofe i Asia. TV 2 rydda heile nyheitssendinga til saka. Etter dei hadde take vekk all anna informasjon gjekk kamera over på Davy Watne. Ingen morosame kommentarar den dagen, men heller ei ytring om at ”sporten går likevel”. Det var inga kutt i fotballnyheitene, men dei hadde take vekk alt anna av nyheiter. Noko så uviktig som fotball måtte dei ha med, medan skikkelege sakar blei skyve vekk. Kvifor TV 2 valde inkjevetta snakk og konkurranse framføre heilt sikkert betre sakar er vanskeleg å forstå.

Ein kjend person sa ein gong at sport er for folk som ikkje kan lese, om folk som ikkje kan snakke, skrive av journalistar som ikkje kan skrive. Det er eit spark til heile kulturen. Det er ei allmenn myte at det er arbeidarklassa, dei uutdanna og uhøvelege fattige folka som er interessert i fotball. Frå gamalt av var fotball arbeidarklassa sin sport i England og mykje heng stadig igjen. Om myta er sann veit eg ikkje, men den lette forma journalistane brukar tyder iallfall eit av utsegna korrekt.

16 mai og ein hårklipp

Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)

Eg hadde med meg kameraet i dag. Det er alltid greitt med litt bilder – og sidan bilen var nær kunne eg leggje det fra meg òg. Noko eg aldri fekk gjort då – sidan eg dansa faktisk ikkje i dag. Eg fekk hårklippen ganske raskt, det lugga litt og alt var ikkje heilt bra. Men til slutt fekk eg ein staseleg hårklipp eg har hausta mykje god kritikk for. Dårleg omtale skal rettast til Anders Molland som kutta tett intill skallen – råttent gjort! Heldigvis fiksa Elisabeth Olsen det greitt opp sjølv om ho var full. Bra jobba :) No kan eg altså smykke meg med to knuter til i hatten.

HÃ¥rklipp, 16 mai.

Eg såg Elisabeth Skatvedt rett etter klippen, og gjekk bort. Ho går på same skule som meg, har same målform og stemmer same parti, likevel har eg ikkje snakka noko særleg med ho. Det er veldig synd. Heldigvis var ho like interessert i å snakke, så då fekk eg vekk den dårlige kjensla. Er ikkje moro å ikkje ha snakka med kule folk på skulen. Elisabeth er høgt oppe der blandt dei eg ser på som stilige, og difor måtte eg jo snakke med ho. Ein anna stilig ting er at eg har snakka med kjærasten hennar som bur i Oslo før eg snakka med ho! Kva er no oddsen for dèt!? :D

Me blei einige om å springe over bybrua nakne (det er trippelknute), men det blei visst ikkje noko av det. Eg prøvde å finne ho seinare, men det var vanskeleg. Trur ho drog. Same kva, eg er like lysten på å gjere det. Er ei enkel trippelknute. Er trass alt dei andre folka som ser på som får problemet – det er verre å sjå nakne folk enn å vere naken. Eller? :p Og forresten, kul sak eg ikkje fekk snakka med Elisabeth om – ho køyrer Linux! :D W00t! Det er kult! Ho er målungdom, sosialistisk ungdom, koseleg, kjekk å konversere med og ho køyrer Linux. Ærlig talt, kor kul går det ann å bli!? :D

Etter mange pølser (takk, kven no enn det var som hadde dei!) vimsa eg litt. Åt to pølser med Camilla J, det var utruleg koseleg. Etter det vimsa eg litt meir før ljoset gjekk. Musikken spelte framleis. Eg såg ikkje ein ting. Så gjekk det meir tid (eg veit ikkje heilt kor lenge) og musikken forsvann. Jaja. Då løyste det seg opp.

Gaute var mentalt vekk, drukke for mykje eller noko. Ikkje veit eg. Han satt saman med ein gut som sat å grilla buksene sine (sjå biletet). Han grilla dei av di dei var blaute sa han. Men eg trur han lika å sitje slik. Tor Eirik og gjengen hadde funne ei halvvegs dau jente og hjalp ho. Vonde folk som drikker seg så dritings. Ingen respekt til dei. Snilt av Tor Eirik å hjelpe.

Ein blåruss griller buksa si, medan Gaute er mentalt vekk foran bålet.

Eg såg Kine så vidt, prikka ho på ryggen eit par gonger; men anten så ignorerte ho det, eller så merka ho det ikkje :p Same kva, det var litt moro. Ville snakke litt med ho, men det gjekk visst ikkje. Hm. Så. Ville me dra, ja. Og det gjorde me, etter litt venting på at Teirik skulle få hjulpe jenta inn i ein taxi. Køyreturen heim var koseleg, me hadde fine diskusjoner. Tihi. – Så der var det! Eit kort resyme av kvelden. :)