1. mai!

Den store raude dagen, arbeiderenes dag. No er ikkje eg ein arbeider, men eg vil sikkert bli ein om nokre år. Sjølve toget og pikniken etter var utruleg moro.

Eg ville eigentleg skrive dette same dagen det skjedde, men sida mi var nede kl. 23–01 i går, difor må eg skrive det no. Etter eg hadde stått opp seint utpå dagen (som eg er sikker på at du kjenner deg igjen i når ein har fri) måtte eg finne ut kor tid toget gjekk. Det fann eg i gårsdagens aftenblad, – SA til reddningen. Eg fann ut at klokka var 13:30, og at toget starta på same tid. Så eg drog raskt ned, diverre gløymde eg å take med kameraet – noko eg fort kjente var lite gunstig.

Spole framover -> eg gjekk heilt bak i toget der ungdommen skulle halde til. Eg ville gå under parolen om ingen sosial dumping. Eg er veldig mot sosial dumping, utan å gå nærare inn på det (er trøytt, heng på skulen osb) :) Same kva, det var ikkje mange som sto bak den parolen. Meir presist 0 stk. Eg traff elevrådsleiar på Hetland, Maren Eriksen, saman med Cahtrine og Lene som òg er i elevrådet. Eg blei introdusert som Marens sekretær til folk rundt. Moro :)

Etter eg hadde gidd vekk eit utal russekort fann eg kamerat Kenneth Marswall (som eg har laga ei relativt flau vevside til), han stod saman med Luisa Pinzon – òg er ei veninne frå Ullandhaug. Dei er kjærester og har vore saman… Lenge. :) Kenneth er nestleiar i SU Stavanger, medan Luisa er leiar. Utruleg koselege. Stod lenge å snakka med Kenneth heilt til toget starta veldig forsinka. Parolen “Revolusjon” hadde allereie utruleg mange tilhengarar (nesten all ungdommen) – medan “Sosial dumping” hadde 0 utanom dei to som bar parolen, eg måtte jo gå der èg då.

Eg ropte saman med “Revolusjon”-parolen. Ikkje noko spesielt der. Vanlege flotte slagord ;) Veldig moro, eg gidd ikkje forklare kor kjekt det var. Anten så var du der eller ikkje (når sant skal seiast trur eg ca, 0% av dei som kjem til å lese dette var der. Så synd for dykk!). Eller, Salve var der faktisk – som han sa i kommentarane, men han såg meg ikkje, så det var ikkje så kult. Tone (i klassa) såg meg sitjande utanfor domkykja. Men ho gjekk ikkje bort til meg og hilsa! Slemt, veldig dårleg gjort, var ei slem veninne av ho (kalla «Idun») som sa ho ikkje fekk lov (seier ho iallfall. Hah!). Ikkje helse på gode kameratar fyrste mai, veit ikkje i kor god jord dèt fell. Mora til Tone er SV-politikar, så endå større grunn til at Tone burde kome opp å helse på oss. Jaja. :)

Eg har skrive meg vekk. Som sagt, eg gjekk mot «Sosial dumping», bak meg gjekk «Revolusjon»-parolen med resten av folka. Elevrådsleiaren min gjekk foran meg saman med EO og gjekk under parola mot friskulane. Dei fleste parolane i toget kunne eg godt gått bak, men det var «Sosial dumping» eg hadde sett meg ut på førehand. Eg gjekk største del av toget baklengs, sang og ropa saman med den revolusjonære gjengen bak meg. Sjølv er eg ikkje heilt oppglødd over væpna revolusjon, eg er nok litt meir sosialdemokrat der. Trur eg ligg litt mellom SU og SV, sjølv om eg kanskje heller meir mot SU i desse kapitalistiske tider.

Etter toget var det appelar. Hovudtalaren hadde ei alt for lang tale, synest eg. Jadå, det var sikkert nokre som høyrde gjennom heile og likte det godt. Dèt eg høyrde etter på (20–40% kanskje?) var jo flott, men slike tekster skal ikkje «lesast», dei skal spelast! Ein må ha innlevelse, og ein må ikkje snakke for mykje. Skrive meir konkret, samanfatte litt meir. OK, det skal eg òg gjere. Så eg tek det litt kort mot slutt her (vil sove!); etter hovudtalaren haldt Ommund ein flott tale, med engasjement! Herlig! Etter det var det piknik (eller korleis ein skriv det) utanfor domkykja på plenen. Eg snakka med eit par folk, bl.a. Thea frå Kongsgård og sjølvsagt Kenneth. Eg er forferdelig til å huske namn, men eg snakka ganske mykje med ein annan stilig kis frå Kongsgård òg, kjempekoseleg. Han ville gå i Oxford, men fekk aldri søkt, synd. Ein kan ikkje seie anna enn at sosialister er utruleg hyggelege folk, noko ein ikkje alltid kan seie om FpU og Unge Høgre (unnskuld :( ).

Eg fekk brød og pålegg, samt drikke. Kjempestas. Men eg lurer på om dei betalte noko for maten oppe på Folken, då dei åt frukost. Eg gløymde å spørje, det burde eg ha gjort (gløymde/turde ikkje). To FpU-arar sat på ein benk, nokon fekk ein god idè – og alle saman sprang bort til benken med alle dei raude flagga for å take eit bilete. :] Eit fint bilete av to sure FpU-arar med masse sosialister og raude flagg rundt som høveleg dekorasjon.

Etter dèt gjekk ein tog, i ei lang rekke gjekk gjengen etter diverse folk i byen med raude fanar. Til slutt kom det ein i dress, me klappa godt for han og smilte bredt. Det var moro. Men akk, så keisamt det er å skrive om. Ein super dag. Eit dårleg innlegg.

Folkens, kva synest de om slike innlegg som dette? Bør eg berre unngå å skrive dei og ha ein dag utan å publisere noko. Eller bør eg faktisk leggje ut det eg skriv sjølv om det er elendig? Er det verkeleg elendig? Har det ei fjern interesse? Kommentèr. Eg skriv for meg sjølv har eg sagt, men ting eg legg ut bør jo ikkje vere direkte keitt (då har eg sikkert ikkje særleg nytte av det seinere i livet heller). Så lenge eg har eit mini-publikum vil eg jo skrive for dèt. :)

4 tankar om “1. mai!

  1. Tone

    Feig omtale. det va ikkje meiningå å ignorere deg på søndag, någe eg heller ikkje gjorde!! dust:) me satt å fiska i vågen, og så va toget (bokstavlig talt nesten) gått. såg du mor mi??:p

  2. Egil

    Fortsett å skriv. ;) Alt trenge ikkje å ver liga bra.Du får jo raffinert stilen merr når du skrive. Stå på!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.