16 mai og ein hårklipp

Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)

Eg hadde med meg kameraet i dag. Det er alltid greitt med litt bilder – og sidan bilen var nær kunne eg leggje det fra meg òg. Noko eg aldri fekk gjort då – sidan eg dansa faktisk ikkje i dag. Eg fekk hårklippen ganske raskt, det lugga litt og alt var ikkje heilt bra. Men til slutt fekk eg ein staseleg hårklipp eg har hausta mykje god kritikk for. Dårleg omtale skal rettast til Anders Molland som kutta tett intill skallen – råttent gjort! Heldigvis fiksa Elisabeth Olsen det greitt opp sjølv om ho var full. Bra jobba :) No kan eg altså smykke meg med to knuter til i hatten.

HÃ¥rklipp, 16 mai.

Eg såg Elisabeth Skatvedt rett etter klippen, og gjekk bort. Ho går på same skule som meg, har same målform og stemmer same parti, likevel har eg ikkje snakka noko særleg med ho. Det er veldig synd. Heldigvis var ho like interessert i å snakke, så då fekk eg vekk den dårlige kjensla. Er ikkje moro å ikkje ha snakka med kule folk på skulen. Elisabeth er høgt oppe der blandt dei eg ser på som stilige, og difor måtte eg jo snakke med ho. Ein anna stilig ting er at eg har snakka med kjærasten hennar som bur i Oslo før eg snakka med ho! Kva er no oddsen for dèt!? :D

Me blei einige om å springe over bybrua nakne (det er trippelknute), men det blei visst ikkje noko av det. Eg prøvde å finne ho seinare, men det var vanskeleg. Trur ho drog. Same kva, eg er like lysten på å gjere det. Er ei enkel trippelknute. Er trass alt dei andre folka som ser på som får problemet – det er verre å sjå nakne folk enn å vere naken. Eller? :p Og forresten, kul sak eg ikkje fekk snakka med Elisabeth om – ho køyrer Linux! :D W00t! Det er kult! Ho er målungdom, sosialistisk ungdom, koseleg, kjekk å konversere med og ho køyrer Linux. Ærlig talt, kor kul går det ann å bli!? :D

Etter mange pølser (takk, kven no enn det var som hadde dei!) vimsa eg litt. Åt to pølser med Camilla J, det var utruleg koseleg. Etter det vimsa eg litt meir før ljoset gjekk. Musikken spelte framleis. Eg såg ikkje ein ting. Så gjekk det meir tid (eg veit ikkje heilt kor lenge) og musikken forsvann. Jaja. Då løyste det seg opp.

Gaute var mentalt vekk, drukke for mykje eller noko. Ikkje veit eg. Han satt saman med ein gut som sat å grilla buksene sine (sjå biletet). Han grilla dei av di dei var blaute sa han. Men eg trur han lika å sitje slik. Tor Eirik og gjengen hadde funne ei halvvegs dau jente og hjalp ho. Vonde folk som drikker seg så dritings. Ingen respekt til dei. Snilt av Tor Eirik å hjelpe.

Ein blåruss griller buksa si, medan Gaute er mentalt vekk foran bålet.

Eg såg Kine så vidt, prikka ho på ryggen eit par gonger; men anten så ignorerte ho det, eller så merka ho det ikkje :p Same kva, det var litt moro. Ville snakke litt med ho, men det gjekk visst ikkje. Hm. Så. Ville me dra, ja. Og det gjorde me, etter litt venting på at Teirik skulle få hjulpe jenta inn i ein taxi. Køyreturen heim var koseleg, me hadde fine diskusjoner. Tihi. – Så der var det! Eit kort resyme av kvelden. :)

19 tankar om “16 mai og ein hårklipp

  1. Teirik

    Hihi, eg e for snill inn i mellom ;) ja, me hadde ein hyggelig, til tider litt vel engasjert, samtale i bilen på vei hjem :) greit å få lufta meiningene innimellom :)

    sånn alt i alt, koss va kvelden odin?

  2. Odin

    Fin nok :) Var roleg og herlig. Ingen dansing, ingen utragerende festing. Men likevel; fin. Eg likte som sagt det å få snakka med Elisabeth Skatvedt (nynorsk) veldig godt. Men kvelden var ikkje ein spesiell «wow, huske resten av livet»-oppleving.

  3. Teirik

    Hehe, kunne vært litt merr «livat» syns eg, men ellers var an fin :) veldig rar avslutning før kjøreturen hjem, men alt tatt i betraktning, så var kvelden fin. Ja, hu er koselig :) Nja, kan ikkje sei meg enige, vil huska dette ei stund iallefall ;)

  4. Egil

    Gaute vakje vekke, han va me oss når me sto me d bedrukne tøset. Dåkkår stakk jo av når me fekk na inn i en drosje. Sløvt rett og slett.

  5. jurg

    Tor Eirik kjefte på jentå han ska hjelpa fordi hu vil legga seg ner, egil skrige at terje ikkje komme for å hente «na, gaute står ein halle meter vekke me snabben ud smekken og bare lar det renna, mens erlend og vidar ler seg halvt ihjel av gaute… oppi alt dette sto eg, og visste ikkje om eg sko le eller grina…

  6. Odin

    5, Egil: Gaute var vekk, han låg jo på bakken og klara ikkje kome seg opp. Han satt med bålet og såg med store augo på folk som gjekk forbi, nett som ein unge i ei barnegrind ser på dei vaksne rundt seg og forstår ingenting. – Var Erlend som kom med den herlige betraktningen. Og – ja, Gaute var vekk.

    Elles var berre ho jenta vond. Hennar eiga feil!

  7. Egil

    Han va vekke då jah (såg jo ud som han hadde fonne seg sjøl eller någe :p), men ikkje når me hjalp d der tøset.

    Eller, han var jo fortsatt mentalt vekke, men ikkje fysisk ;)

  8. ESH

    Må sei eg likte når Gaute satt med bålet og bare så rondt seg med store øyne. Va humor det må eg sei ;)

  9. Odin

    Normal ut. Hm. Det var slik han såg ut. Men det ser ikkje så rart ut nei, då måtte eg ha take video. Det var jo slik han såg ut. Sitter der åleine og ser, medan ein blåruss som griller buksene sine ser på han.

  10. Odin

    Nei, men som sagt: umogleg. Det var måten han oppførte seg som var «lost». ;) Dessutan var det biletet betre enn eit anna der han ser litt teitere ut. Må jo ha bilete som det er vits å vise òg – eg gidder ikkje leggje ut bilete kun for at Gaute skal sjå «lost» ut :p

    Grillinga må med veit du!

  11. Teirik

    Sant nok :) Hehehe, det e jo bare bra for Gaute det :P Snill du e :) Såklart, var en stor begivenhet :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.