Mjølk er det som eig mest!

Då eg opna kjøleskapsdøra i dag såg eg ein hyggeleg overrasking; Tine har fått nytt design på mjølka si. Ikkje berre dèt – men designet er retro, inspirert av den «gamle» mjølkekartongen. Det er retromoderne og nesten usømeleg sexy! Eg hugsar sjølv desse gamle mjølkekartongane frå den perioda rett før dei byta design, og eg slutta å drikke mjølk.

Eg Superfantatstisk Tine Mjølk!trur ikkje eg slutta å drikke mjølk av di designet forandra. Slik eg hugsar drakk eg lenge av kartongane med dei små «blomane» du finn i skogen (eg anar ikkje kva dei heiter!). Då eg gjekk på Auglend Barneskule fekk eg høveleg nok 0.33L rein heilmjølk. Det var tider. Brått blei det slutt, etter saft til middagen i nokre månader lika eg plutseleg ikkje mjølk. Det hende rundt ungdomsskulen. Lenge gjekk eg utan mjølk andre plassar enn i kornflakesen. Skal eg vere heilt ærlig hadde det ingenting med «kulheitsfaktor» å gjere. Skal eg ljuge kan eg seie at eg var under stort press frå vener og medelever om at brus var det kule. Mjølk var det berre nerdar som drakk, og eg var ingen nerd. Ljuging slutt her, tolk den siste setninga som du vil.

Men så var eg eit år i Oxford då. England. Ah. Verre sukkerland finn du ikkje. Dei putter sukker i alt, og ikkje berre det, men dei putter ueigna mykje sukker i produkta òg. Alt med sukker i smakte forferdelig i England, men ein blei jo vand til det. Ei anna side med opphaldet i England var kor usannsynleg nasjonalistiske me blei, alt som var norsk var bra, alt som var norsk var best. I Noreg var alt betre, sjølv om det var moro i England – men det var jo moro av di me hadde folk frå Noreg rundt oss. Mjølkeprodukta i Noreg er iallfall dei beste i verda, pulveriserer alt i Frankriket, England og Danmark, som er alle plassane eg har turd å prøve mjølkeprodukt. Kva er ikkje meir norsk enn Tine mjølk? Nei, akkurat, ingenting. Tine mjølk er norsk så det held. Putt nasjonalisme saman med mjølk og få ein mjølkedrikkande nasjonalist! Der var eg.

Men det var litt ljuging igjen, av di det var ikkje difor eg drakk mjølk fyrste gongen på fleire år. Ein vakker dag kom eg inn i huset etter ein slitsom dag. Eg måtte ha noko å drikke. Ikkje vatn. Eg ville ha saft. Men! Ingen saft i huset! Krise! Det stod ein mjølkekartong i kjøleskapet – vel, tenkte eg – eg er jo så tyrst så. Fyrste som slo meg var at det var kaldt. Kjempekaldt. Ikkje sånn kvasikald som vatn blir. Men skikkeleg kaldt. Det hadde ein fyldig kaldheit. Ein kaldheit som ein kjende hadde substans – han hang igjen. W00t! Trudde ikkje eg lika mjølk! Det gjorde eg visst, no iallfall. Så, etter den dagen har det nesten ikkje gått ein dag utan eit kaldt glas Tine mjølk.

Må ha det, berre _må_ ha det.

Normalt drikk eg fleire glas dagen. I dag har eg drukke 3 glas, utan at det er noko spesielt med denne dagen. Altså. Mjølk er genialt. Mjølk er godt. Mjølk er kult, mjølk er tøft og mjølk har fått nytt design som er *superduper*tøft! :D Så, lat meg slutte av med nokre visdomsord mamma aldri sa til meg (ikkje på grunn av innholdet, men formen);

Mjølk er kult, mjølk er best, mjølk er det som eig mest!

11 tankar om “Mjølk er det som eig mest!

  1. Teirik

    Hehe, har aldri vært någen særlig fan av melk :) De fåregående årene har eg vel bare drukke 3l «rein melk» per år… I år e det annerledes, though.. Grunnet at me har bytta ut treningsdietten (slapp av, slapp av, dette e bare ting me stappe i trynet rett itte trening for å bedre restitusjon, ellers spise eg normal, ungdommelig, feit fast food og annen god tradisjonellrik norsk mat som ein finne i frysedisk ol.) fra youghurt og banan til sjokolademelk og banan, så har melkeforbruket mitt økt med ufattelig mye prosent.

    Eg har allerede drukke merr melk på 2 uker enn det eg gjorde i heile fjor. Eg vett ikkje om du syns sjokomelk e «rett type melk», men melk e nå melk, og sjokomelk e godt! ;) Så tbage t emnet, eg og har begynt å drikka melk, skummelt nok ;) Isande kalle melk på såvidt over frysepunktet så sklir ner halsen og gjer deg brainfreeze rett itte ein treningsøkt e HERLIGT! Einaste e at eg snart må bli frisk, hostekulene og slimet i halsen itte melkå e ikkje stilig at det gjørr någe… Jaja, for å konkludera: Melk e godis, sålenge d e i rett form, kvanta og såklart temperatur!

  2. Odin

    Då eg var nede å registrerte at mamma og pappa sat i sofaen og kosa seg med «Desperate fruer» tenkte eg på at nokon ville snakke om #1, alternative norske mjølk-typer, og #2, temperatur på mjølk. Vel, eg har to ting å seie.

    Tine er eigd av bøndene, Tine er under statleg styring. Tine er best. For å gje Q-melk ein sjangs så har eg faktisk kjøpt mjølk frå dei fleire gonger – men eg synest ikkje den mjølka har same friskheiten som Tine har. Dessutan har Q-melk reine økonomiske mål, slik nestan alle børsnoterte verksemder har. Ikkje bra.

    Temperatur. No sa du ingenting om kva som var «rett temperatur», eg hadde forventa nokre utsegn om «varm mjølk». Same kva, varm mjølk er godt! Kald mjølk er òg godt, litt betre vil eg seie. Men eg har ein temperaturfiende i mjølkland òg – det er temperaturen «lunka»! Dét er ikkje bra! — Varm mjølk; ja takk, lunka mjølk; Nei

  3. Teirik

    Drikke jo kakao, viss det går under «varm melk» ;) Rett temperatur e såklart rett over frysepunktet! De fleste drikkene e best då :) Rektignok ska der ikkje ver iskrystaller i an! (Ja, har drukke hallfråse sjokomelk, d e problematisk å drikka pga ein «fyldig kulde» så begrense inntaket betraktelig).

    Så, kakao e godt, og 0-4° melk e og godt, men e ikkje all drikka det? ;)

  4. Jg.a

    Hadde egentlig venta at du skulle bruke et bilde av Tine mjølk og ikkje melk :P

    BTW: kjøpt melk frå dei fleire gonger !?

  5. Odin

    5, Jg.a: Ja – eg slit med å skrive «mjølk»/«melk». Det står jo «melk» på kartongen så.. Diverre bur eg i ein bokmålkommune (sjølv om Rogaland er eit nynorskfylke, med flest nynorskkommunar) og då får eg ikkje mjølka mi på den rette målforma. Men eg får berre leve med det, formene skal jo vere likestilt likevel.

  6. Karlsen

    ser at teirik skrive at han lige best melkå si rett over frysepunktet, og han lige og melkå si mellom 0-4 grader… dette får meg t å tenka litt… frysepunktet t melk e ikkje mellom 0-4 grader, sjøl om det e mange faktorer så spele inn… siden eg fysst skrive om melk her kan eg nevna någen få punkter så e viktige når det komme t melkå…

    det nøyaktige frysepunktet t melk variere litt fra ku t ku, ka type ku det e, tid på dagen / sesongen når melkå e tappa, typen av mat kuå får etc… de fleste kuer produsere melk så har et gjennomsnittlig frysepunkt på ca -0.5400 grader… ganske nøyaktig ja… grunnen t at me kan få så nøyaktige svar på korr punktet ligge e altså:

    melk e produsert i ein del hos kuå så hette någe så eg ikkje komme på (jaja, teit.. kan ikkje vida alt :P).. uansett så bruge alle pattedyr denne delen for å produsera melk… ein metode denne delen bruge e å produsera melk me same osmotiske press så blodet t pattedyret har… (vann flyte naturlig for å laga ein likevekt av det osmotiske presset. det betyr at hvis to kammer e sammenkobla sånn at vannet kan flyta gjennom de, men sammensatte væsker ikkje kan, vil vannet flyta sånn av presset e det sama på begge sider. vannet kan flyta fram og tebage mellom de, men mesteparten av stoffet så e produsert i blod/melk klare ikkje dette. vannet i melk komme direkte fra kuå sitt blod.) Osmotisk press e egentlig ein måleenhet over korr møye stoff så e renska i ein væske, så bestemme væskå sitt frysepunkt… på grunn av den viktige rollen blode spele i kroppen, jobbe kroppen veldig hardt for å holda det osmotiske presset på et fint nivå, og det ekje særlig forskjellig fra pattedyr t pattedyr… alle kuer har omtrent de same fysiologiske kravå for blodet sitt.

    det e ein interessant måte for å finna ut om melkå e utvanna ved hjelp av frysepunktet, enten med vilje av produsenten eller naturlig som et resultat av at kuå e usunn. Jo merr stoff du blande ut i vannet, blir frysepunktet lavere. melk så har blitt vanna ut inneholde merr vann og mindre blandinger, så frysepunktet e nærmere 0 grader.

    som ein konklusjon t denne teksten kan me sei at dersom melkå så tor eirik drikke, som ligge mellom 0 og 4 grader (denne lige han best, seie han), vil ver ganske så utvanna… dette kan me faktisk sei om melk generelt dersom frysepunktet e over -0.250 grader!

  7. Teirik

    Ehm, rett over frysepunktet betyr ikkje 0,0001 grad over frysepunktet altså ;) Uansett så fryse kanskje all melkå på, sei, -0,5°, men någe av vannet i an vil fremdeles krystallisera seg på -0.01°. Ergo,

    Eg sa aldri at melkå fryse på 0°

    Eg sa aldri at rett over frysepunktet betyr 0,01° over væskens frysepunkt

  8. Karlsen

    hvis me tar intervallet ditt, og tar ein test på ka du meine me rett øve, så vil vel ein 10% test kjørt over dette intervallet ver rimelige… det vil gi oss 0.4 grader, som gir -0.1400…. fortsatt under 0! du e bare vrange nå :P

  9. Simon

    Hmm, eg trur aldri eg har vore sånn kjempeglad i mjølk. Likar ikkje ettersmaken. Ellers har eg ikkje så mykje å tilføya, bortsett frå at eg er mektig imponert over framlegginga til Karlsen. Jon, du er min helt. Hihi.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.