Bannskap

Sylfest Lomheim frå språkrådet har skrive ein artikkel om bannskap, der han legg spesiell vekt på forholdet mellom geografiske sonar og bannord. Bannord er den delen av språket som er offisielt fordømt, men som likevel har eksistert så lenge me har påvist språk. Han peiker på utviklinga bannorda har hatt og avsluttar med å fortelje at bannskap er eit fagområde innan lingvistikken under språksosiologien.

Me høyrer bannskap daglig, iallfall i den sosiale gruppa der ungdom held til. Ein kort tur på butikken vil ofte avdekkje forskjellige variantar av ”faen”, ”satan” og ”helvete”. Desse orda er særs mykje bruka i Noreg. Likevel er eit av dei heilt klårt mest bruka bannorda i Stavanger ”drit”, om me i det heile tatt kan kalle det for eit bannord. ”Drit” er nemlig eit meir eller mindre akseptert lågstilord for ”avføring”. Ordet er òg veldig vanleg, det naudsynlege tabustempelet bannord helst bør ha er mindre klårt.

Den engelske meiningsslektningen ”shit” er på den andre sida eit veletablert bannord i båe England og USA. Me brukar det faktisk ganske mykje sjølv her i Noreg, på engelsk. No er det forskjellige kulturar i landa, men me har til vane å adoptere trendar og tradisjonar frå USA. ”Drit” kan difor godt vere ei oversetting av ”shit” med all den meining det originale ordet dekkjer. ”Shit” kan beskrive nesten alt; ”Can you take this shit down”, kan ein fint seie om kleda ein har i skåpet utan at det blir rart. Det er blitt nett det same på norsk. Me brukar ”drit” på same måte som ”ting”; på alt me ikkje gidder å tenkje på kva er. Og på alt me ikkje veit kva er. ”Kan du take den, eh, driten der bort hit?”.

Kukk, «fuck you», teikna av kamerat Jon

Ein anna plass ”drit” mykje bruka er som eit slag universelt forsterkningsord på same måte som ”kjempe”. Du kan setje ”drit” til fleire adjektiv og få ei sterkare meining ut av det nye ordet. Det er ikkje reint sjeldan ein høyrer at noko er ”dritmoro”, ”dritkult” eller kanskje ”dritkeitt”.

Seinast på flyet i går såg eg ordet som ei forsterking av eit utrykk. Jenta som skreiv det hadde i tillegg gjort ein feil, ho hadde dela ordet slik at turen til Oslo visstnok hadde vore ”drit kjekk”. ”Drit” i seg sjølv er eit negativt lada ord, så det er kanskje ikkje det luraste ordet å dele om ein fyrst skal gjere feil. Det såg ganske rart ut med den kontrasten dei to sjølvstendige orda laga; ei heilt ny meining.

”Drit” kjem, i tillegg til forsterkningsord, ofte som eit utbrot i same høve som båe ”faen”, ”helvete” og ”satan”. Når noko går galt kan ein forvente å høyre eit av dei fire orda. Elles ser ein ofte døme på bruk av ”drit” saman med dei meir sikre bannorda; til dømes ”jævla dritt!”. Det er ikkje reint lite ordet dekkjer, eg vil faktisk seie det er eit av dei viktigaste og mest bruka orda me har nett no. Så sjølv vil eg tolke det som eit bannord sidan det blir bruka som eit.

Likevel har ikkje ordet åleine same kraft som dei inngrodde religiøse tabuorda. I mitt eige stavangerske målføre brukar eg bannordet båe til einskild bannord i tillegg til å forsterke andre ord. Eg seier blant anna ”dritkult” til særs framifrå ting, medan ”dritt!” blir bruka som utropsord i rett høve. Eg legg til ein ekstra ”t” for å få eit ekstra trykk og kraft på ordet slik at det duger til eit utbrot. Utan det ekstra trykket blir ordet flatt og keitt.

Ordet har me som sagt fått frå engelsk. Det var likevel i Frankrike dei kroppslege tabuorda i fyrste omgang kom. ”Merde” tyder ”drit” og blir flittig bruka hos våre fransksnakkande vener. Det finst mange eksempel på ord som er importert, men likevel er det framleis skilje slik at me kan dele bannord inn etter geografiske sonar. Dei klassiske norske bannorda er ”faen”, ”satan” og ”helvete”, samt avleiingar av dei. Hovudvekta i Noreg ligg på religiøse tabuord, men me har fått fleire nye grunna sterk innverknad frå Amerika spesielt.

Me kan sjå på Norden som ei regional sone, der bannskapen har klåre fellestrekk. Medan dei religiøse bannorda står spesielt sterkt her, er bannskapen i andre nordlege land som England og Frankrike mykje meir konsentrert om kjønn og avføring. Me har blant anna dei kjende engelske bannorda ”shit”, ”fuck”, ”prick” og ”cunt”. I Frankrike det same med ”merde”, ”pute”, ”con” og ”conne”.

Vel me Europa som geografisk område ser me at det er eit skilje på nord og sør. Dei store linjene i nord peiker mot religiøse og seksuelle bannord, medan Sør-Europa blandar hyppig familie, religion og seksualitet. Den katolske kyrkja står veldig sterkt i sør, der jomfru Maria og difor mora er ein sentral figur. Det å snakke nedverdigande om mødrer si seksualitet blir eit tabuområde og fungerer difor utmerka til bannskap.

Desse setningane er òg komne inn i norsk, der ”mora di”/”mordi” sagt på rett måte er blitt eit vanleg utrykk for ”mora di er ei hore”. Me har truleg fått utrykka frå TV-show frå Amerika. Dei igjen har fått dei frå Søreuropeiske miljø i landet deira. Likevel er ikkje dette med ”mora di” eit ekte kraftutrykk på norsk; den kulturelle grunnpilaren utrykka lever på i katolske miljø er ikkje tilstades her i Noreg.

Lokalt i landet er det òg fleire skilje. Her ser me igjen ei spesiell deling på nord og sør, men bannskapen er litt annleis fordelt. Nordlendingar er kjend for å banne mykje, det tek ikkje lang tid før ein høyrer båe hestekukar og jævlar snike seg inn i setningane til våre vener i nord. Sørlandet, det klassiske bibelbelte i Noreg, er derimot langt meir fråhaldande med å banne direkte. Kraftutrykka blir pynta på og omgått som til dømes ”fagerten” (faen) og ”søren” (satan). Me kan fort forstå kva dei meiner når ein høyrer ”Fy fela!” sagt med trykk.

I Stavanger har me ein heil del slike ”pynteord”, sjølv om bannskapen flyt laust og ope i andre krinsar. På skulen kan ein ofte høyre avledingar av bannordet ”satan”; ord som ”sattan”, ”smattan” og ”sakkan” er ofte bruka. Det mest bruka ordet i mi krins er ”hekkan”, som høyrest ut som ei kreativ samanblanding av ”helvete” og ”satan”. Desse orda blir ofte bruka i positive høve òg – dei ekte bannorda finn ein som regel berre i sinte utbrot og kraftsalver.

Dei ”snille” omskrivingane av bannorda brukar eg ofte, dei er mykje meir akseptert i dagleg tale enn dei ekte bannorda. Om ein går rundt og bannar i Stavanger får ein låg status, dei fleste i Stavanger ser på bannskap som noko mindre utdanna folk gjer. Om nokon seier ”hekkan” er det ikkje like ille, sjølv om ordet for nokon framleis gjev assosiasjonar til Stavanger austre bydel og Storhaug.

Det er heller ikkje alle plassar ein høyrer bannskap. Me brukar bannskap forskjellig etter kva sosial krins me er i. Ord ein brukar blant vener er ikkje dei same ein vil bruke i ein familiemiddag. Ofte held ein seg vekk frå bannskap – eller brukar meir subtile ord i slike høve. Det hadde til dømes vore særs respektlaust å snakke om satan i ei gravferd, trass livssyn.

Så er bannskap bra? Det er ei sosialt tinga kommunikasjonsmetode, ein kan godt kjenne tilhøyre på grunn av bannskap som er spesiell for flokken eller gjengen. Same kva, me har sett banning i alle år – og det vil nok aldri forsvinne. Me må alltid ha ein måte å utrykke missnøye. Bannskapen vil heilt sikkert endre seg på same måte som at ”drit” no er eit veldig stort ord – noko det ikkje var før.

7 tankar om “Bannskap

  1. Odin

    Veit ikkje eg. Kven sin perm er det? Eg tok berre bilete av han. Blei litt av eit kunstverk til slutt synest eg! :D Hehe… — Men har du ingen kommentarar på teksten? Eg har ikkje lese korrektur på han eingong. De jo berre ha noko å seie då.

  2. jurg

    Hehehe, det va min mappa :D Jon (og Teirik) hadde det ganske kjekt i ein fysikktime… Eg vile ikkje ha mappå lenger itte det, sjokkerandes nok.

  3. Monique

    Veldig innteressant tema egentlig.Du får det vertfall fram på ein måde så jer det enkelt og kjekt å lesa=)Å selføleglig passe jo alt inn i den alderen eg e i nå,der alle «må» banna for å ver kule…Interessant og Innholdsrikt..som vanlig;)

  4. Odin

    Hehe, tusen takk for skryt. :) Eg har faktisk ikkje lese det sjølv etter eksamen. Men eg las det no. Merker det er småting eg burde ha endra på, er eit par ting som er litt uklårt. Dessutan manglar ein god del informasjon – kunne ha skrive mykje meir. Men det klåra eg ikkje då eg skreiv saka, så… :)

    Elles veldig fint at du faktisk skriv noko om teksten, som visse andre personar ikkje gjer. Sjølv om det ikkje er kritikk så er det mykje meir relevant enn dei andre har skrive/ikkje har skrive. Hehe :)

  5. Odin

    Eg fekk 5 på dette! :D

    Mot 3-er på bokmålseksamen. Bokmål har eg skrive i 11 år, nynorsk i eit halvt. Noko er galt med sensorane. Ikkje nødvendigvis nynorsksensoren, men bokmålssensoren. Han/ho må ha vore ein sur gubbe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.