Den geniale skulen

Eg skal ikkje leggje sjul på det; eg er faktisk veldig glad i Hetland som skule. Nokre har fått høyre skrytet, men kva er det eigentleg eg likar med Hetland? Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men i dag kom eg heim frå ein norsktentamen på data. Eit av kjernepunkta ligg iallfall rundt det.

No er det jo rett sagt genialt at me får skrive norsktentamen (og eksamen) på data. Alle veit at eg ville falle for ein slik idè. Me skriver jo alt som er viktig på data desse dagar. Norsken, mediaen, referat, søknader, alt, alt, alt på data. Det er jo rett sagt teit å skrive tentamen på papir. Eg har vore ein motstandar av det lenge. Kvifor skal me plutseleg på den viktigaste prøven i norsk (eksamen) skrive på totalt avleggs papir? Ein kan jo ikkje endre på det ein skriv! Penn og papir-metoda har vore ei frustrasjon for meg.

Hetland skule

Men likevel, trass i kor glad eg er i å skrive tentamen på data, så er ikkje det hovudgrunnen til at eg likar denne episoda. For litt under eit halvt år sidan tenkte eg denne idèen etter ei norskprøve der eg omtrent daua av di eg ikkje fekk skrive alt eg ville på grunn av tekniske hindringer. Eg skriv ikkje raskt på papir, og det låser ein til å skrive rett fyrste gong (eller andre med kladd). På grunn av låsinga blir eg sitjande lenge å tenkje ut korleis eg skal skrive teksten – eg tapar mykje tid på det. Så, frustrert over elendige tentamenordningar la eg fram forslag i elevrådet om bruk av pc på eksamen.

Eg fekk skulen med meg etter at elevrådsrepresentantane hadde spurd i klassene sine – med det gjekk eg til rektor og la fram forslaget. Kom med argumenta og rektor stilde seg positiv til forslaget. Han visste ikkje kva han kunne få til – men han skulle prøve. Nokre månader seinare får me vite at me skal ha eksamen på data! W00t. Snakk om elevmedvirkning :] Det er ein av dei beste grunnene til å gå på Hetland, rektor Torolv Hellemo eig.

Han er veldig interessert i at elevene på skulen skal ha det godt – oppteke av miljøet på skulen. Elevene skal trivs. «Best på læringsmiljø» er mottoet til Hetland om eg ikkje tek feil. Han har gjeve elevrådet pengar til å promotere seg sjølv – me har ikkje komt så langt med det, men likevel; veldig aktiv for å skape godt miljø på skulen. Han synest elevmedvirkning er veldig viktig. Det fungerer tydelegvis òg – me har fått gjennom nokre ganske kule ting no!

Elles er det nokre kjempeflinke lærarar på Hetland, men dei finnest jo på andre skular òg. Eg liker spesielt Ingunn Alsåker, Olav Håberg og Bjørg Rosfjord. Dette er lærarar fleire ikkje likar, men det går for det meste på det personlege – det er få som stiller spørsmål med den faglige kompetansa deira. Eg synest dei er hyggelege elles òg. Av lærarar som er godt likt elles har eg Bjarne Ogne – ein utruleg dyktig og herlig gymlærar. Frode Bredesen har eg i matte, han er ganske ung (29 trur eg) – men veldig flink. Han har ikkje den same pedagogiske stabiliteten dei meir erfarne lærarane har, men eg har han i eit fag der det ikkje er så viktig. Eg trur ikkje eg ville hatt han i nyere historie, historielærarar treng ofte meir erfaring for å kunne lære vekk noko (og få det til å sittje!). Eg har lærarar eg ikkje liker noko særleg òg, men dei er båe i sterkt mindretal, dessutan er eg ikkje komfortabel med å skrive om det.

Oxfordopplegget til Hetland er jo ein fyrstesak – dei som ikkje har vore med på det veit ikkje kva det er. Året i Oxford var heilt utruleg. Men det har eg allereie kverulert nok om, de vil nok ikkje forstå med mindre de har opplevd det same ;) Samhaldet i Oxford var ekstraordinært – men sjølve skulen heime i Noreg har òg eit godt samhald. Eg liker godt å gå på skulen, det er kjempemange kjekke folk og mykje bra å gjere. Det er vondt med skulearbeid av og til, men det virker som om det er verre på andre skular. På andre skular virker heile miljøet mykje meir klikkete òg – det er ikkje like godt iallfall.

Same kva, eg har ofte snakka fint om Hetland, at det skal vere ein nedleggingstrua skule er berre tull – kvifor skal ein leggje ned den beste skulen på læringsmiljø i Rogaland? Dessutan er det jo den einaste skulen som tør å prøve nye ting – neste år er det fleire spanande forsøk på døra. Hetland var fyrst med økter istaden for skuletimar, fyrst med studieøkter, fyrst på sidemålsforsøk ( skikkeleg forsøk, der ein har sidemål den fyrste terminen, og hovudmål i den andre), tidleg med bruk av pc osbosb. Skulen blir ofte kritisert for forsøka – men etter eit år eller to begynner jo skulane som kritiserte Hetland å adoptere dei same systema! Nei, Hetland er ein super skule.

10 tankar om “Den geniale skulen

  1. Egil

    Absolutt enige. Forstår ikkje koffor folk søge inn på konservative skolår når du kan gå på hetland og ver ein del av utviklingå. Papirfrustrasjonen kjenne eg meg så altfor godt igjen i. Når eg satt meg ner for å skriva stilen idag hadde eg ein ro som eg aldri har opplevd før på tentamen. D va liksom bare å begynna å rabla ner akkurat som eg jørr på ein hjemmestil. Digg :D. Odin, du må bare hinta litt Opensource (FF etc) te Torolv mens du ennå har sjans ;)

  2. Salve

    Heil enig. Eg har vel hatt noen småsaker med/mot skolen, men alt i alt e an flott.. så flott at eg vil verr der i 4 år :)

    Tror de fleste trives bra der, og så godt som alle lærerne eg har hatt har vert både faglig flinke og hyggelige. Rektoren vår e jo heilt klart suveren :)

    Me har også andre fargerike personligheter i administrasjonen, med diverse finurligheter og sidesprang :)

  3. Teirik

    Skolen e meget bra den, ja, masse bra lerere! Der e alltid någen idiotar av lerere, men de sleppe du ikkje unna uansett ka skole du går på :) Rektoren vår e ein av de beste vil eg sei, det går faktisk an å snakka me an.

    Forresten, de har nå fått beskjed om at Hetland får midler t å fortsetta videre fremover, de må ikkje legga ner.. De må kutta ner me ein klasse per trinn, men det trenge ikkje å ver negativt. De ska og bygga ut media og kommunikasjonslinjå, sånn at de blir Stavangers einaste skole med så bra M&K-linje.. Der va någe merr og, men d huske eg ikkje….

  4. Odin

    1: Egil: Hehe. Eg trur ikkje eg kan snakka med Torolv om dèt – han vil ikkje take nokon avgjerder på det likevel. Han overlèt nok alt til dei dataansvarlege vil eg tru. Kan ikkje tenkje meg han vil inn å styre om han ikkje har satt seg godt inn i noko.

    3: Teirik: Vel, skulen har ingen M&K-linje. Det er ein rein allmennskule. Dessutan er eg ikkje så positiv til media-faga på Hetland, ikkje det praktiske videoarbeidet iallfall. Sjølve Media4 er ikkje noko supert fag, det er mange teite ting i læreplanen og mykje av opplegget er ganske dårleg. Media3 er mykje betre, det fungerer betre som fag (for meg).

    Forresten er film tilvalg på Randaberg det beste i Rogaland ;) Det er ikkje M&K då, men det faget har no fokus på det beste av M&K – og skikkeleg produksjon med skikkeleg utstyr. Samt eit skikkeleg opplegg. Ikkje noko tull. – Ikkje berre tilfeldig at faget har fått fleire «best læringsopplegg»-priser i det siste. No for litt sidan fekk faget 50.000 kr av Rogaland Fylke bl.a.

    Eg er veldig imot privatskular faktisk, eg er mot den sekulariseringa og forskjellsbehandlinga som skjer/vil skje. Heile systemet er råttent kapitalistisk.

  5. Teirik

    Hehe, ok, då huska eg litt feil, men de ska iallefall bygga ut det tilbudet de har nå ang. media og kommunikasjon, og eg lure på om de sko få seg ei M&K linja…

  6. Karlsen

    ja hetland e fine greier.. som realfagstudent har eg ikkje mange krav utenom at eg får ta fagå eg har lysst t, og det får eg jo… ang. medialinjå vett eg heller lite om den, men har ikkje hørt så veldig møye gale om ann at det gjør någe…

  7. Simon

    Kvifor fekk ikkje me skriva eksamen/tentamen på datamaskin. Sikkert fordi «Bøgga» arbeia mot oss. Me spurde fleire gonger. Jævla møkk. Typisk at ting endrar seg når ein er ferig med det ?

    Eg får vel og legga til at eg savnar skulen. Hetland var ein fin plass :). Nyt den sista tida dåkke har igjen :).

  8. Egil

    Bjørg va faktisk ganske sjappe. hu tog d opp me klassen rett itte rektor hadde lufta d. Ikkje værst.

  9. Simon

    Urettferdig. Er sikker på at eg kunne fått betre karakter om eg hadde fått skrive på datamaskin.

  10. ESH

    Ein ting t med Hetland så eie: E kje så høgt nivå på alle elevene og dermed bler det lettere bedre karakterer :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.