Elevrådsrapport

Eg har vore sekretær for elevrådet dette året – i det høve måtte eg skrive ein rapport som sa litt om kva eg har gjort dette året. Tenkte det kunne vere interessant å ha på heimesida :p

Individuell elevrådsrapport, Odin Hørthe Omdal (sekretær)

Dette året har eg vore «tilsett» som sekretær i elevrådet i tillegg til å vere representanten for basa mi. Eg har vore på alle elevrådsmøta utanom eit, tilstades på alle styremøta. Oppgåva mi som sekretær har vore moro, oppgåva har for det meste tydd at eg har mått skrive referat etter kvart elevrådsmøte. Eg har skrive 11 publiserte referat. Sidan eg mista arbeidsboka mi i midten av året er det to referat eg ikkje fekk skrive ned. I starten hadde me hyppige møte, og eg skreiv referata fort og fekk dei ut før neste møte.

I byrja laga eg to versjoner av referata; ein til å skrive ut og ein til internett. Eg synest det er viktig å leggje slik informasjon ut i eit format alle kan lese utan å måtte betale x-antall kroner til Microsoft. Difor har eg skrive referata i HTML-form, slik at alle med ein vevmyser (nettlesar) kan lese dei. Litt seinere dabba elevrådsaktiviteten av, då slutta eg å lage den fine papir-versjonen. Andre periode (vårparten) av året blei det stadig færre elevrådsmøte. Då bruka eg mykje lengre tid på å få ut referata av den enkle grunn at det ikkje var like enkelt å hugse på.

Eg har hatt ein kort ordveksling med rektor angåande bruk av datamaskin på eksamen. Dette har vore ei hjartesak for meg, så eg tok det opp i elevrådet og fekk tilbakemelding frå basisgruppene. Dei var veldig positive. Eg fekk oppgåva med å gå videre med saka. Snakka med rektor om det, han var positiv og ville sjå kva som var mogleg. Det gjekk tydelegvis bra, – me fekk take norskeksamen på data! Eg har fått mange positive tilbakemeldingar om nett den saka. Det er noko elevane har likt godt.

Dette året har eg vore delegat for Hetland på eit Elevorganisasjonsmøte som vara ei helg. Eg skreiv kva som var tatt opp – og presenterte det for elevrådet. EO-møtet var veldig moro, eg drog åleine av di ingen ville/kunne bli med. Eg skulle eigentleg dra som observatør saman med elevrådsleiar Maren – men det var noko som kom i vegen.

Eg ville involvere dei andre i elevrådet så mykje som mogleg; så eg har prøvd å få forskjellige folk til å vere med i komitéar me har laga i elevrådet. Nett dette året har me laga særs mange komitéar istaden for å late elevrådsstyret take alt. Då berre nokre få melde seg til fotokomitéen melde eg meg på, men då det kom fleire forlot eg heller. Komitéane kan ikkje bli for store før dei blir ineffektive. Dessutan hadde eg allereie verv, betre å bruke større deler av elevrådet aktivt.

Av andre styrerelaterte ting har eg vore aktiv på møta me har hatt. Har laga ei skisse på ei elevrådsinformasjonbrosjyre (sjølv om eg ikkje har komt noko videre med ho). Eg var med på tre kristinadslyst elevrekrutteringsdagar, der eg hadde ei eigen gruppe med ungdom. Me laga biletepresentasjonar med tekst. Me hadde det veldig kjekt – eg trur dei fekk eit veldig godt intrykk av Hetland. Er ikkje sikker på om det noko stor relevans til elevrådsarbeid, men eg kjende eg var ein representant frå Hetland meir enn ein privatperson dei dagane. Elles har eg stilt opp som styremedlem i elevrådet for Hetland i Rogalands Avis angåande privatskulesaka.

Elevrådet me har hatt i år har vore særs godt. Iallfall den fyrste perioda av året. Diverre heldt ikkje klimaet heile året, det kan vere slitsomt å ha eit aktivt elevråd. Dessutan ville ein ikkje take for mykje tid frå folk med å ha unødvendige møte. Sjølv om kanskje faste, ukentlige møte hadde vore ein idè – slik me hadde i byrja av året. Ein kan heller berre gå etter 5 min om det ikkje er nokre sakar oppe. Då blir terskelen for å kome med forslag og sakar mykje mindre, sjølv om det å vere elevrådsrepresentant tek meir tid.

Eg har skrytt mykje av elevrådet på Hetland lell, – administrasjonen er særs positiv og me kjenner at me har reell makt. Forslaga me kjem med blir take til opp, og veldig ofte gjort noko med. Ei mogleg forbetring av elevrådet er å ha regler for faste møte – for eksempel at det minimum skal vere eit elevrådsmøte i månaden. Då slepper me ei slik stilleståande periode me har hatt no.

Der trur eg at eg er ferdig. Må levere rapporten no :) Tok litt lengre tid enn eg hadde trudd av di eg var oppe på UiS og hjalp Filip med filmen hans. Han skal levere han imorgon! :-o Same kva, som ei uoffisiell sidenote kan eg seie at elevråd er kult, synd eg ikkje skal fortsetje på Hetland… :)

3 tankar om “Elevrådsrapport

  1. Jg.a

    kan jo foreslå for skolen at de som er med i elevråd og deltar på møtene skal få goder tilbake(avspasering e.l.). Da vil en nok få flere interesserte i å være med og da kommer kanskje flere til å delta aktivt på møtene og ikkje være lei av at tiden forsvinner.

  2. Odin

    Eg er ikkje heilt ferdig Jg.a. — Me som er med i styret får eit gode; me får 1t «valfag» elevråd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.