Fyrste dag i kongeparken

No er klokka halv 4, eg er nett heime frå den fyrste dagen. Og eg kan ikkje sei anna enn at «Landstreff 2005» ikkje kan bli anna enn ein suksess! Wow, enormt kult. Sjølv om det regner så er det såå digg. Men kor digg hadde det vore om det ikkje regna? Nei, det veit me ikkje.

No vil eg eigentleg sove, så det kjem eg til å gjere òg. Tenkte berre eg måtte lage ein plasshaldar slik at eg på ein eller anna måte skrive bittelitt om kva eg gjorde denne dagen. Det er greitt å ha til å lese når eg blir stor ‘vøtt!

Ja, det har tatt si tid. Mykje som har skjedd. Eg skriver kort og konsist eit samandrag.

  1. Espen kom innom, me raste ned til byen
  2. Parkerte på «max 15 min»-parkering, drakk kaffi på Sting i superfart (vel, eg drakk, Espen hadde 29krs Eplemost)
  3. Drog heim, gjorde eit eller anna eg ikkje husker.
  4. Rånte bort til Jørgen Johannesen (Jg.a) – hang der med Pål og Stig. Såg på TV, åt pizza me fekk av Jørgen.
  5. Løste inn billetter i ekkelt regn.
  6. Kom inn.
  7. Såg mange kjente. Moro.
  8. Helste på Audun i bussen.
  9. Så husker eg ikkje heilt.
  10. Så.. Hm. Det var moro. Iallfall.
  11. Æsj, eg burde ikkje skrive slike ting mange dagar etter det skjedde.
  12. Eg var på ein konsert (hmm. Kva for ein??) Aahh, Phoenix. Trudde eigentleg det var dagen etter – men akk.
  13. Vel, litt før det dansa eg hardt uttafor bussene. Det var moro.
  14. Traff Kine før dèt igjen, ei veninne frå 8-klasse Ullandhaug (her går det på kronologien laus!)
  15. Hm. Så prøvde eg å treffe Fredrik. Min gamle bestevenn frå 1-klasse tilogmed 8, då han drog til Tranby/Drammen.
  16. Gjekk ikkje bra. Eg sprang fram og tilbake i regnet – var utruleg vanskeleg.
  17. Eg ville heim. Men fant ikkje Espen, fyren har ikkje operativ mobil eingong. Trine ringte, eg stakk til Audun sin buss (Kournikova – festbuss).
  18. Der var Espen, – etter det møtte me Fredrik. Sprang litt rundt.
  19. Køyrde kamerat Alexander heim, han gjekk meg og Espen i klasse med på Ullandhaug ungdomsskule.
  20. Snakka med Espen uttafor huset.
  21. Drog heim og skreiv det lille på toppen før eg sovna.

Så, no har me eit keisamt samandrag. Då veit eg iallfall sånn hallveis kva eg gjorde den dagen. :)

3 tankar om “Fyrste dag i kongeparken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.