Kviteseid tur-retur

No er det ikkje lenge til eg startar den alt for lange turen mot Kviteseid. Eg må køyre morfar heim. Det er 260km ein veg den raskaste vegen, – men trur du me tar den raskaste? Neidå. Eg køyrer 721 ville km med elendig norsk veg på under eit døgn. Falke blir heldigvis med meg, om ikkje hadde eg antakeligvis daua av keisamheit.

Turen skjer altså i dag, og for dei av dykk som er oppvakte vil det seie noko spesielt. Ja, for det er berre 2 dagar til _lands_treffet. Aha! Eg må altså køyre mot fleirfoldig tusen russ som skal til kongeparken. Imorgon ser eg kanskje endå fleire av di då er det berre ein dag igjen. Det kan jo kanskje bli interessant, eller kanskje ikkje. Kanskje eg får sett nokon ulukker på vegen? Kanskje eg får bli innvolvert i ein? Mogligheitane er mange når ein køyrer mot Kviteseid.

No kom Falke opp og lurte på om me ikkje skulle reise snart. Jodå, det skal me. Men hekkan kor trøytt eg er, og eg trur neppe 360km med køyring vil gjere det spesielt betre. Sidan me berre har kassettspelar i Opelen får eg håpe at det er noko bra på radio, og at morfar ikkje klager for mykje på vegen bort. Han kan vere ganske irritert og irriterande – får håpe han er i det gode hjørnet, då er han stilig.

«Æ dikon klare?», seier mamma. Hm, ja, jodå. Hade bra. Får sjå korleis det gjekk imorgon då. Hadebra!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.