Lang tur, ferdig

Då har eg køyrd den nette sum av 798km på under 24 timar. Snittsnøggleiken på tilbaketuren (som var 361km lang) var 76km/t. Med dette kan smarte hjerner rekne ut kor lang tid me bruka. Turen til Kviteseid var i kontrast 437km lang (76 km lengre)… Tenk litt på dèt. Elles er no morfar plassert i Telemark, og meg og Falke har fått høyrd på radio i fleire timar.

Men, … 76 km lengre til Kviteseid? Korleis går det ann? Nei, som du veit – vegen til Kviteseid er berre laga av oppoverbakkar. Om du ser på kartet så er Kviteseid høgare enn Stavanger. Difor blei det lengre.—Gjer det meining? Diverre er ikkje dette VG, så eg antek ingen gjekk på bortforklaringa mi. Nei, eg køyrde eigentleg litt feil på vegen til Kviteseid. Eg har berre køyrd over Suleskard før, men no var den vegen stengt. Så eg køyrde til Flekkefjord. Vel, eg burde ikkje køyre til Flekkefjord, det er jo feil veg.

Vikepliktskilt

Eg køyrde forbi eit skilt til Tonstad, men eg trudde me var innom Tonstad når me køyrer over Suleskard, og ikkje når me tek den lange vegen. Det var feil. – Meg og Falke blei mindre om mindre kjend. Til slutt ringte me heim. «De har køyrd feil, køyr tilbake og finn eit skilt til Tonstad, det skal vere rett bak dykk». Vel, me køyrde og køyrde. Men ingen skilt. Så snudde me igjen, «ikkje køyr den vegen likevel! Køyr til Gyland Stasjon!». Ok. Me køyrde, men hey! 200m etter den plassen me stoppa og køyrde tilbake var skiltet til Tonstad! Så me køyrde inn der, men etter me hadde lagt på vei inn der ringte pappa igjen og sa me måtte snu. Ikkje køyre der, køyre til Gyland!

Det var stress. Eg ville ikkje snu å køyre tilbake heile tida, det var dritkeisamt, turen er lang nok i seg sjølv. Men sidan det var mykje kortare via Gyland tok me den vegen. Heile dette ekstrastyret kosta altså 76km og masse tid. Men me kom jo fram til slutt, halv ett eller kva det var, békmørkt.

Tidlig morgon (kl 11) sto meg og Falke opp. Me laga mat, halvdau kaffi (vasken fekk han, verken meg eller morfar ville ha han) og stakk ned på Statoil for å fikse pølse og drikke på turen. Etter 2 timer stoppa me på Evje. Der kjøpte eg 100gr habbis og ringte Camilla J, ho sat å øvde til SK-prøve. Etter eg hadde fått verifisert at jentene frå Hovden var på veg til Stavanger, stakk me. Dei var visst ikkje særleg interesserte i å snakke. Blir moro å sjå om eg klarar å kjenne dei igjen i parken imorgon.

Eg har køyrd forbi mange bilar i dag, det har vore forbikøyringsdag #1. Men ein bil eg køyrde forbi hang seg på meg, og den siste sjettedelen av turen køyrde me saman. Han klarte å henge bak, og saman la me effektivt Rogalandsvegane bak oss. Då me kom ut på god E39-veg gjekk det seinare, då lyste òg diesel-lyset. Ai. Lite drivstoff igjen! Den neste halvtimen adopterte eg ein ny køyrestil; klutsj inn i nedoverbakkar og halde turtellernåla så lågt som mogleg elles.

Det var stress å fylle. Var på Ålgård og vimsa fram og tilbake. Då eg endelig hadde klart å få den hekkans kortautomaten til å fungere satte eg meg tilfreds bak rattet i bilen å starta å køyre igjen. Då eg svingte ut frå Smart-en såg eg eit eller anna som falt av bilen. Noko svart, lite. Eg svingte så raskt eg fekk rå, køyrde tilbake og jogga ut av bilen. Men no var han vekk! Etter eit dusin minutts intensiv leting fann eg ut at ein hekkans bil hadde klart å køyre over driten på det minuttet eg hadde brukt på å komme meg tilbake. Eg hadde funne ut kva som datt av; diesellokket, eller kva du kallar det.

Same kva. Me måtte improvisere, så Falke fann ein rund plastikk-dings, medan eg fann ein plastikkpose. Me satte plastikkdingsen foran holet og plastikkposen bak dingsen og smekka det ytre lokket igjen. Det fungerte trur eg. Var ikkje meir diesel ned langs sida av bilen enn det allereie var. Så eg må sjå om eg kan finne eit nytt slik lokk. Uff. Teite lokk!

No er eg iallfall heime. Veldig trøytt. Men heime. Var inga spektakulær reise i så måte – me såg berre 4 russebiler totalt. Veldig få. Men ein ting var kult. Radio! Radio er jo heilt genialt. I «verd å vite» fekk eg kunnskap heilt utan å gjere noko for det. Køyrande nedover dårlege vegar i Telemark høyrde eg på sexy nynorsktalande stemmer som overstrauma meg med nyttig informasjon eg kan bruke neste gong eg skal snakke med folk. Det er så keitt at me som ikkje liker fotball ikkje har det automatiske samhuget fotballfans har. Dei kan klemme vilt framande og spandere ein øl (eller brus (hihi :D)) på dei, så kan dei snakke om (noko så keitt som) fotball. Treffer eg folk kan eg ikkje snakke om fotball, då må eg ha noko anna å snakke om! Med radio får eg nett det, eg blir eit slag interessant infovitande orakel. Altså, radio er genialt.

3 tankar om “Lang tur, ferdig

  1. Salve

    Hehe, kjenne meg igjen der. Har kjørt begge veier fryktelig mange ganger. Tror dog aldri eg har kjørt feil ;)

    Radio takle eg hellår ikkje, du får jo samme nyhedene 40 ganger på ein tur… Ein gang prøvde eg å lesa ei bog i stede får radio. Det funka forsåvidt bra, men reaksjonene mine va muligens litt nersatte.

  2. Odin

    iTrip. Æsj. Eg er lei av all iPod-hypinga! Neuros hadde fm-sender integrert lenge før Apple tenkte tanken. Ser iPod-hyping overalt, og no tilogmed på heimesida mi, vondt. Kan like godt berre seie at ein kan ha radiosender frå mp3-spelaren, trenger ikkje fyre på med endå meir iPod-fanboyism. :S

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.