Lause låsar på parkeringsplassen

Så står eg der då. På sykkelparkeringa til Hetland. Eg tenkjer på lås-hackane eg nett såg på hackaday, ein blogg eg les kvar dag. Nokre minutt seinere står eg med ein sykkellås i handa, men det er ikkje med same måte som eg las på internett.

Hmm. Tor Eirik har ein slik «Kryptonite»-lås, berre det er ein «Biltema»-versjon. Nyfiken som eg er prøver eg å opne han. Etter eit minutt med kulepennen gjer eg opp – biltema sin er sikkert sikrere enn Kryptonite sin. Vedsia av min sykkel står ein anna sykkel med kodelås. Eg har kodelås sjølv på min sykkel, og når eg låser han snurrer eg ikkje særleg mykje på tala. Eg stod å såg på sykkelen ganske lenge og lurte på om eg kunne klare å «hacke» låsen.

Syklar i skulegarden

Eg kunne skrive ned nummeret som stod no, prøve meg litt fram – om eg ikkje klarte det kunne eg skrive ned nummeret neste dag, neste dag etter det osb. Til slutt ville eg sikkert kunne finne eit mønster eller ei rekke med høgst sannsynlege tal. Eg er ingen sykkeltyv, ingen slem person – det ville berre vere for å sjekke sikkerheiten. Fann ut at eg ville prøve. Då eg bøyde meg ned og kjende på låsen gjekk han rett opp. – Så fyren som eig sykkelen hadde faktisk ikkje snurra på koden i det heile! Snakk om sikkerheit. Låsen var berre på for å vise at han var låst, sjølv om han eigentleg ikkje var det.

Jøss. Tenk at folk tør.—Vel, i ein perfekt verden treng ein ikkje lås – men no har folk stjelt så mykje frå meg at eg faktisk har byrja låse ting. Eg missliker sterkt den negative fokuseringa heile tida, – om me går rundt å trur at alt er galt blir det iallfall ikkje betre! Men eg er stadig overraska over at nokon vil bruke kalorier på å setje låsen på – men ikkje snurre på tala. Ein av dei andre syklane stod utan lås i det heile – det er no forsåvidt greitt, av di det er kun latskap/god tiltru til folk. Men å gå mellomvegen mellom lås og ingen lås er litt rart, når ein trass alt har satt låsen klar. Menmen, kvar sin måte!

No kan eg altså den koden. Eg kan ikkje for det, eg har det med å huske koder. Eg har utruleg mange sjølv – men dei ser ikkje ut til å gje slepp. Må telje dei ein gong.

6 tankar om “Lause låsar på parkeringsplassen

  1. Teirik

    Heey! Prøvde du å hacka låsen min?! ;) Ka hadde du gjort viss du fekk an opp? Trenge nemlig nøkkel for å låsa an ;) Biltema e skikkelige saker ja :D HAr sjøl latt sykkelen stå ulåst itte eg måtte klippa låsen.. Gjekk nå greit. Virke som om folk på Hetland e litt mer opptatt av andre ting enn å stjela syklar. Sykkelparkeringen e sånn småavskjerma og.. Menmen, der e ein kodelås på skapet to hakk over karlsen sitt og hakket t venstre for jurg sitt… prøv deg på den du.. Garantert snurring av låsen ;)

    Vidi og pleie og la sin stå ulåst på skolen.. Han sykla rektignok ikkje idag, litt vanskelig me krykker…

  2. Egil

    Spørsmålet e: Koffor måtte du klippa låsen om an va ein skikkelig sak? Eller var d et merkevare kanskje? :p

  3. Teirik

    Hehe, eg skreiv kanskje litt uklart (og med ganske mange feil :S).. Eg hadde ein spirallås som eg knakk nøkkelen inni, og då måtte eg klippa den… Dette va forresten mens du, jurg og karlsen smikka esh og vidi sine sykkler opp i trærne ;) Itte det har eg fått fatt i ein Biltema-lås som eg nå bruke :) Tung som et lite helvette, men Odin fant jo ut at an virke ;)

  4. Simon

    Spanande. I helvette, der eg bur no. Har me kvar sine skap med hengelås på. Nokre av desse hengelåsane er kjøpt på kantina. Kostar ein del, men sug kraftig. Kan nesten riva dei opp med bare hendene. Det er heller ikkje fare om ein gløymer nøkkelen i skapet. Kan låna ein nøkkel av ein annan person, som fungerer like godt på di eiga hengelås. Teit.

    Litt av denne «ha lås, men drit i å lås»-tankegangen finn ein jo igjen i dataverda òg. Eg tenkjer på Microsoft. Kva er vitsen med å ha ein brannmur i operativsystemet om du har program som tillater automatisk lasting av merkelege skript og eksekverbar kode?

    Kjempeteit.

  5. Karlsen

    må sei eg e enig i det du skrive om folk så stjele sykler etc… sykler e ikkje billige, og sjøl konne eg ikkje klart å stjåle ein sykkel då eg tenke på stakkaren så mysste sykkelen, må ver jævla kjipt :( akkurat som når lommabogå mi blei togen i gymgarderoben, ingen penger i, men masse kort eg hadde bruk for! jaja, nok om det… syns dette me sykkelstjeling og knusing av bilruta e et godt bevis på at du befinne deg på den indre kjerne av tjensvoll, odin >:D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.