Vil nokon ha Sol?

Me hadde to kattungar, Måne fekk me gjeve bort. Så har me Sol igjen då – me trenger ein eigar til den søte lille hopusen. Ho har to mødrer, Pavarotti og Simplisitus. Simplisitus er ungen til Pavarotti. Sol er òg ungen til Pava, så Simpli og Sol er eigentleg syskjen. Måne var dotter til Simpli. Båe kattane våre hadde kattunger på likt – igjen. Mora til Pava er siameserkatte.

Katta er gjeve vekk no.

Om nokon vil ha Sol, ring oss på 9286 9286. Me bur i Stavanger, nær Mosvatnet. Katta er ein stuerein innekatt, går i kattekassa, er menneskjekjær, kosen og leiken. Skulle gjerne hatt ho framleis, men me har allereie to. Me må diverre avlive ho om ingen vil ha ho :(

Sol leker, med labben mot kamera :) Sol, fjes Sol leker, ser opp

Sjølvsagt kan de kalle katta kva de vil, men det er greitt for oss å ha namn på dei i staden for å kalle dei «Kattunge 1» og «Kattunge 2» :p

6 tankar om “Vil nokon ha Sol?

  1. Espen Aarhus Klausen

    Fine bilder jafall! Men Sol e nok udfor mine hender. Får nå bare håba at dokker ikkje ende opp me å halshogga beiste.

  2. Odin

    Halshugge Sol!? Aldri! :-o Åå, dakar pusen. — Bileta er berre fine av di katta er fin då. ;)

  3. solveig

    hallo eg ynsjar meg ein kattunge å kose med

    hilsen den som vil ha sol

  4. Edel

    Heii..Fine bilder av kattene..kunne jeg fått lov til å bruke dem på en nettside??VÆr så snill<33 (=P)

  5. Odin

    Edel: Sjølvsagt, viss du segjer korleis du fann dette innlegget og kva netsida di er :-) Kannhenda eg gidd leita fram dei mykje større originalbileti òg, viss eg finn dei…

  6. kitty karina (lillesyster)

    eg savne Sol!Eg har ikkje sett henna sia me gjidde henna bort og det er ca. 4 år siå Ååååå….=( :(

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.