Passordbeskytta del av sida?

Eg lurer på om eg skal lage ein eigen del av sida kor brukarar må vere registrerte og godkjende av meg for å kunne lese. Dette er av di det byrjer faktisk å kome ting eg vil skrive som eg ikkje kjenner meg heilt klar til å publisere for alt og alle.

Då eg var i Oxford la eg ut det meste, kun med svak sensur. På den gamle heimesida mi frå Oxford stod det:

Eg er i Oxford for tida, så heldegvis blir eg ikkje banka opp for kvar artikkel eg skriv :P

Det er faktisk noko i det. Sjølv om eg ikkje forventer å bli banka opp (det er meir ein metafor) så er alt så mykje nærare her. I Oxford var eg ein framad plass – eg starta med meir eller mindre reine kort. No er eg tilbake, og dei (få) som leser det eg skriver er rundt meg.

Sida er her for alle, og som mi dagbok

Men eg vil jo gjerne at dei skal få vite kva eg tenkjer – det er difor eg vil gje dei tilgang. Det er nemlig meir eller mindre «ukjende» rundt meg eg vil reservere meg litt mot. Har eg ein passordbeskytta del kan eg skrive om kjærleiken, utan at dei stakkars jentene vil finne noko skrive om dei fritt på nettet. – Ja, det blir sensur, eg er ikkje så glad i det. Men likevel, det er ting eg aldri hadde skrive elles likevel. Dessutan vil det vere meir ein privat del for meg. Dette er trass alt ei slags dagbok – ikkje eit offentlig dokument som mørkmaler situasjonen i helsesektoren og foreslår privatisering med ytterligere kutt for å gjere vondt verre.

Eg vil prøve å leggje så mykje som mogleg fritt tilgjengelig ut. Det er keisamt å måtte skaffe seg bruker berre for å lese noko. Mislikar det sterkt sjølv. Eg vil jo at folk skal lese det eg skriv, blir utruleg glad når folk gjer nett dèt. Men i same omgang må eg take omsyn til folka eg skriv om og til meg sjølv. Er ikkje så tøff at eg tør å skrive alt, slik at alle kan lese det. Når det gjelder andre folk så er det nok positiv omtale eg vil skjerme dei frå – slikt kan bli flaut. Eg tør liksom ikkje skrive «eg synest ho er så utruleg søt» rett på vevsida. Det blir litt for personleg til å la alle take del i. Eg synest ikkje vondt om folk og blir avskyr å lese nedrakking av andre, så slikt skal eg halde meg for god til om eg lagar eit privat område.

Offentleggjering etter ei viss periode?

Som sagt, eg vil ha mest mogleg tilgjengelig rett på nettstaden. Etter ei viss periode er gått kan eg kanskje revurdere å putte private artiklar ut – om dei ikkje er like «farlege». Dessutan kan det godt hende at eg får ein såpass stor avstand til tinga at det ikkje treng å vere privat lengre. Eg har jo masse rare ting ute på internett no, som eg kan avfeie med at eg var ung og dum då eg skreiv/laga det. Same kva, om eg får eit privat område skal det ikkje så mykje til for å få tilgang – dét skal eg love.

No startar eg å sjå etter ei løysing eg kan bruke – medan eg tenkjer vidare på om eg skal lage den private delen. Det gjer jo «dagboka» mi meir komplett, og sikkert fleire gonger meir morosam å lese når eg blir 30!

6 tankar om “Passordbeskytta del av sida?

  1. Teirik

    Eg e for ein passordbeskytta del, då dette vil gjørr at ein får ein litt merr komplett «dagbok», og at all sensitiv informasjon ikkje falle i «feil hender» :)

  2. Egil

    E up for d eg og, gitt at eg har tegang (seff :p) og du har et feed som inneholde alle artiklene (beskytta av cookies eller någe). Stress å måtte besøga siå for å sjekka om d har komt ein nye skjult artikkel.

  3. Odin

    Hehe. Bruker du RSS-feeden av sida mi? Hihihi, det er jo stilig :) – Men eg trur eg går for det om eg finn ein god plugin som gjer det. Viss ikkje kan eg skrive ein sjølv – veit korleis eg skal implementere det etter mine år med PHP CMS-koding. :) – Om RSS-feeden tek omsyn til cookies veit eg ikkje, men får sjå.

  4. Salve

    RSS-feeden din bruge nå eg og :)

    Sikkårt lurt å passordbeskytte noe, hvis du ikkje lige å dele alt me verden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.