Salsakurs ferdig

Javel! Då var 6-ukers Salsakurset ferdig for meg. Då kan eg ein god del meir salsa enn det eg kunne då eg starta ;) Moro. No gjeld det berre å finne nokon eg kan danse med – men trur ikkje det er mange. Dansing er ikkje så forferdelig populært diverre.

Det har vore 6 kjekke tirsdager – eg lurer på om eg skal fortsette på dei meir avanserte kursa (dette var forståeleg nok eit nybyrjarkurs). Faktisk var eg berre tilstades i 5 av dei, men det gjorde ikkje noko – har kome inn i det lell. Me byta dansepartner ca kvart 2–3 minutt, fungerte bra. Nokon av jentene var flinke og enkle å danse med, medan andre var så slappe i kroppen at det var heller vanskeleg å føre. Så om eg skal få meg dansande kjærast (vel, eg hadde vore glad for berre kjærast – men kan jo iallfall håpe på litt meir? :] ) må eg passe på at ho har litt muskler slik at det blir lettere å føre og danse bra. Men dei fleste har jo muskler heldigvis.

Kosta vel ein 300kr, om eg minnest rett. Og – ja, om nokon er interesserte kan eg lære dykk litt salsa no ;) Sjølv om eg ikkje forventer den store pågangen. Det er jo ikkje særleg maskulint å danse, – og såvidt eg veit er det ingen jenter som leser på denne sida, såå…

5 tankar om “Salsakurs ferdig

  1. Odin

    Hehe, seier noko der ;) — Nei, men han burde vel tåle å «låne» ho vekk til meg. Er jo ikkje nett slik at sjølv om dei er saman så skal plutseleg alle venskapsband bli kutta. Og at ting som før gjekk ann som vener blir tabu. Det ville jo berre vere dumt :)

    Så, får sjå om eg finn noko salsamusikk ein eller anna gong. Er ikkje så mykje av dèt på fester heller så, trur neppe det blir noko særleg.

  2. basic bastard

    Salsa e jo ein stilige form for svingom. Tog et kurs sjøl. GK vel å merka. Så blei det ikkje någe merr. Men det e jo det så e typisk me sånne ting. Folk tar som regel GK omigjen… akså eg gjorde på skolen. For det e ikkje adle så e klare for avansement i livet? Men når det gjelde salsa så angre eg på at eg ikkje tog skrittet videre. (Ikkje DET skritte då din løgnas)Ka va poenget? Jo Odin, eg invitere på salsakveld! Så kan me jo ble bedre fysisk kjent, å ikkje bare på dette psykisk overfladiske nett-nivå :P

  3. Odin

    Morten; Hehe, dette er no fyrste gong eg ser noko du har skrive på internett då. Så å seie at forhaldet vårt er på eit reint metafysisk internettnivå blir litt feil. :]

    Takk for invitasjonen, får berre kome med informasjon så er eg med èg! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.