Smokeh

Dress, tirsdag og onsdag gjekk eg nesten berre i dress. Neidå, det er ikkje ei radikal omvending av min politiske ståstad; eg er ikkje blitt høgre-ungdom. Dress er tøft då. Dress er “Resevoir dogs” og tørre kommentarar. Men det er berre tøft ei avgrensa periode; ikkje heile tida. Vil eg kanskje berre vere tøff i nokre dagar?

Odin, skodespelar i filmen Dagen i dag

Nei, eg spelte altså i ein film desse dagane. Filip frå UIS(Universitetet i Stavanger) trong skodespelarar til eksamensfilmen hans, så då ringte han meg og Robert (som spelte bassisten i «Lilla», for dykk som har sett det). Handlinga er lagt rett før ei begravelse; kameraten vår, som me budde saman med, har take sitt eige liv. Fillip Dominoquez (eh, eller noko - han som laga filmen, kjekk type! ;)Robert spelar ein fyr som har vanskeleg for å gje utrykk for kjenslene sine og han seier mykje dumt. Startar å seie vonde ting om Leo, kameraten som tok sjølvmord. Det heile blir slutta då lillesystera til Leo (Kristine (9) heitter ho, kjem frå teateret – flink, søt jente) kjem inn midt i høgdepunktet i «krangelen» vår. Robert forstår kva han har gjort – og det blir ein slowmotion slutt, med køyring av kamera (sikle) der me går ut saman til gravferda.

Hekkan, eg gler meg til å sjå korleis filmen blir (heiter forresten «Dagen i dag»). Kamera dei hadde var kjempestilig – biletebrikka på det må ha vore kjempestor. Dei hadde òg ei utruleg linse på det. Slikt blir det bra bilete av.—Sleit litt med ljossetting innimellom, men det blei bra trur eg. Velvel, me får sjå korleis det går. Det var kjempemoro å spele i han iallfall – trur ikkje eg gjorde ein kjempejobb, men Filip såg no nøgd ut iallfall. Filminga gjekk over to dagar, så eg håpar det ikkje er nokre digre gapande feil som gjer at det blir vanskeleg å klippe saman :)

Ein anna film eg ventar på er Johan sin “Pia mi”. (Oppdatert: Film, Pia mi er ferdig!)Der blei eg tilsett som “ljosansvarleg” og gjorde jobben etter beste evne. Har aldri hatt den rolla før – men det blei visst ganske OK, sidan me fekk skryt for ljossettinga av Noregs framste gfx-kis (gjorde effektane i Monster Torsdag, lagar omtrent alt av kule reklamar på TV2) Rune Spaas! Yeah! Det var moro det :)

3 tankar om “Smokeh

  1. ingapinga

    Tenkte jeg skulle kommentere her siden ingen hadde kommentert til dette innlegget… hehe…

    Veldig bra innlegg! Spennende åpning osv..hehe.. Og hvis en av vennene dine trenger en liten jente med blondt hår… så er jo jeg her! hehe…

  2. Odin

    Jippi! — Eg har eigentleg irritert meg litt over at ingen har kommentert her, men no fekk eg ein. Yess! :D

  3. Skjalg

    Film er kjekkt. Å spele foran kamera er ein ting – men å lage film sjøl er det optimale. Gå i gang Odin – skriv, regisser og fotografer – det er faktisk penger å hente på sånt og….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.