Til kamp mot fotballspråket

Norske fotballjournalistar er ikkje som andre journalistar meiner Per Egil Hegge i sitt innlegg “Til kamp mot fotballspråket”. Han forklarar det godt i ingressen; “sjølv då Spania leda 1–0 i førgårs og fortsette å rundspele eit norsk landslag, snakka fotballreporterane båe på NRK radio og TV 2 om at det framleis var mogligheiter for å kome til Portugal”.

Med ein lausriven, adjektivtung skrivestil fortel han korleis denne gruppa er lausrive frå røyndomen. Journalismen skal skildre røyndomen, men desse journalistane klarar ikkje sjå han. Dei brukar side opp og side ned med bortforklaringar i staden for å sjå kor heile problemet ligg; dei er ikkje gode nok. Korkje journalistane eller spelarane.

Noko er galt, syner Hegge, og legg ut om kor mykje spalteplass fotballjournalistane får på å skrive tull; haustens største hending var eit slagsmål i spelarbussen. Likevel skal båe spelarane og journalistane ha plass og pengar, berre ikkje kritikk. Journalistikk ligg ikkje på vitskapen sitt presisjonsnivå, men om han mistar kontakten med røyndomen blir han inkjeseiande.

Om ein ser tilbake kan ein sjå konturane av årsaksforklaring på kvifor fotballjournalismen er så inkjeseiande. Forklaringar Hegge meiner er totalt fråverande i nyare fotballjournalistikk, der utrop som ”åi- åi- åi!” blir sedd på som ein analyse og ”åi- åi- åi- åi- åi!” ein djupsindig kommentar. Før blei det skrive bøker om den norske taktikken. Nokon kalla det fotballfilosofi, trass det utrulig banale innhaldet. Denne filosofen er korkje vakker, spanande, underhaldande eller prega av glede meiner Hegge og samanliknar tekstane med seksualopplysningsbøkene frå gamledagar.

Men stadig rullar pengane inn på konto. Sjølv store og ofte seriøse aviser som Aftenposten kleiser opp digre heilsides tulleartiklar, men VG er verstingen. Marit Breivik, leiaren for handballjentene, gjekk til kamp mot fotballen. Ho ville ha mindre plass til dei bortskjemde gutane og meir plass til dei meir sympatiske jentene. Fotballjentene har, i likskap med handballjentene, anna å skyte til enn surskap og krav, meiner Hegge.

Han meiner det er grunn til å mane til kamp mot fotballjournalistikken. Han er plasskrevande og kvarstor, men verst av alt; utan kontakt med røyndomen. Til slutt seier han at Fotball-Noreg burde vere glad for tapet mot Spania. Då har dei tid til å kople seg opp mot røyndomen igjen.

Skrivestilen til Hegge sjølv er kontrastfylt, fargerik og dømmande. Han pøser på med negative adjektiv i ei retning, medan han skamroser i ei anna, denne gongen jentesporten. Han nyttar høve til å skrive nett slik fotballjournalistar gjer, med diger forenkling og eit dynamisk svart/kvit-bilete som vekslar på å vere kvit og svart i høve til situasjonen. Ein dag kan Noreg vere best i verda, medan dei neste dag er verst.

Med ord som ”utscheielsenes, … verden” lagar han eit artig ordspel på ”Arne Scheie”, og bokmålordet ”utskeielse”. Scheie er ein fotballkommentator som er kjend for skrik og skrål når det hender noko spanande på fotballbanen. Han viser kjensler og er eit godt døme på den enkle journalistikken Hegge skriver om. Han trekkjer inn litt dialekt; ”plass ska’rem ha, og penger ska’rem ha”, som høyrest ulidelig likt ut som ein viss TV-reporter hadde sagt det.

Fotball, teikning laga i Paint på skulen - medan eg skreiv stilen.

For å forstå Hegge sin fulle artikkel med den sjargongen han brukar bør ein rimelegvis ha lest ein del fotballartiklar før. Sjølve språket i artikkelen hans er eit lite ironisk spark til dei rette fotballartiklane i tillegg til det han skriv reint teknisk. Utsegn som ”måke ein høg ball lengst mogleg” er for meg ukjend, sjølv om tydinga er klar. Han har visstnok skrive til dei som allereie leser sportssidene i avisa.

Hegge skriv om eit stort problem i norsk medierøyndom. Aviser som skal vere demokratiets grunnstein; opplyse og engasjere folk, er spekka med 50% inkjevetta sportsjournalistikk. Hegge talar berre mot fotballdelen av journalistikken, men så er no den heilt klårt dominerande òg. Det har ofte førekome meg eit spørsmål; kvifor er det så stor fokus på fotball? Det er trass alt ikkje viktig.

Fotball er folk som spring etter ein ball for å plassere han i eit nett. Ein konkurranse, ja, men for kven og ikkje minst til kva nytte? Me som les avisa er ikkje del av denne konkurransen, kampane har reint praktisk ingen innverknad på lesarane av avisa. Det er spelarane som gjer jobben, lesarane er berre kjend med dei gjennom Se & Hør sin sosialpornografi.

Men kvifor sel stoffet så bra og korleis lever fotballjournalistane i si eiga verd? Sjølv lever me med ei kritisk, negativ nyheitsfokusering der positive sakar og nyheiter er sterkt ynskja. Forsking har vist at fokus på negative hendingar og problem berre skapar meir problem. På ein måte som utsegna ”vold avler vold”.

Ein institusjon gjorde eit forsøk på dette. Med å fokusere på kva som var galt blei heile bygget prega av ein aggressiv og paranoid mentalitet, problema blei verre. Medan ei positiv vinkling og fokus på kva som var bra gav ei meir open og positiv haldning, med meir lukkelege inn- og tilsette. I dette perspektivet er det sportsjournalistikken som veldig ofte er det positive i dagens verdsmedia. Heltedyrking og gledesrop er fullt lovleg innafor denne sjangeren og gjev media noko sårt etterlengta; positivitet.

Hegge snakkar om den same positiviteten, men han meiner fotballen manglar kritisk sans. Den overveldande positive haldninga har inga motstykke og alt som kjem frå journalistane si side er røyndomsfjerne ytringar. Noko ein raskt vil misse tiltru til. Kva det er å glede seg over når alt berre er tull likevel? Om ein har eit meir realistisk høve, kan positive utsegn få større tyngde.

Det må vere på grunn av positiviteten folk synest fotballen er så viktig, og journalistane difor appellerer meir til kjensler og banale framstillingar enn å lage ei skikkeleg sak. Folk vil ha helter, dei finn eit lag å halde med og stør opp om dei. Ein er tilhengar av noko som er større enn seg sjølv, eit felles større mål. Men framleis er ein ikkje direkte med på noko. Det å sitje åleine å heie på laget sitt på TV vil ikkje påverke ein nok til ei større positiv omvelting. Menneskje har ei naturleg avstand frå TV og radio, nett av di desse media ikkje er naturlege for oss.

Vener ser ofte fotball i lag, det er noko sosialt over det. Reporteren som skriker sine inste kjensler frå TV-en sett stemninga i forsamlinga. Fotball er ein orsak for menn til å gje kvarandre klemmar og vise kjensler utan å bli stempla homofil. Reporterane er med å lage stemning og forventning i heimen til tusenvis av fotballfans. Så den utruleg lette forma og den overpositive journalisten har ei oppgåve utover det ein vanleg journalist har.

Om reporteren på TV hadde begynt å bli negativ og kjefta båe på laget og kampen ville stemninga til dei som såg på endre seg. Tek ein vekk all positiviteten med å seie at det kjem til å gå dårleg blir det ikkje anna enn leit og keitt å sjå resten av kampen. I høve til vanlege journalistar har desse journalistane eit underhaldningsansvar.
Men kan eigentleg fotballjournalistar seiast å vere journalistar då? Dei har ikkje den same målsettinga om å opplyse folk om samfunnsnyttige ting, dei har ikkje eit kritisk blikk på verda rundt seg. Journalistar skal få ut det vesentlige for vanlege folk som ikkje har tid til å setje seg inn i alle slags sakar. På den måten kan det diskuterast om dei i det heile tatt høyrer heime i ei nyheitsavis – eller om det heller er eigne underhaldningsmedia dei burde halde seg til.

Fotballjournalistikken gjev oss grov forenkling og svart/kvit-maling. Subjektive og skarpe adjektiv er del av noko som blir kalla ein artikkel (som i og for seg skal vere objektiv og ikkje vise intensjonane til skribenten). Ein ser sjeldan liknande i andre nyheitsmedia, sjølv om det stundom snik seg inn eitkvart. Dessutan har ein debattsidene og innlegg i avisene, ein av demokratiets viktigaste ytringsveggar for den vanlege borgar. Dei kan ofte minne om den subjektive framstillinga fotballjournalistikken gjev.

Men likevel må debattantane grunngje sitt syn nøye for å i det heile tatt få trykkja innlegget og det må ha eit innhald som ikkje er inkjeseiande. Det finst òg likheiter andre vegen sjølvsagt. Fotballen har eit par journalistiske trekk i avis og TV – dei får fram ”kva har skjedd” og gjev kortfatta referat til dei som vil lese.

Problemet er likevel at fotballen tek så mykje plass. Han presser ut dei eventuelt andre glade sakane som kanskje appellerer til ei anna gruppe enn dei høgtskrikande fotballnerdane rundt om det ganske land. For kor mykje reel glede og positivitet kan det no liggje i fotballentusiasmen? Ei glede over å vinne over eit anna lag held ikkje evig. Fotballjournalistane flyr høgt på vinn, medan dei prøver å halde interessa oppe når det går dårleg.

Rundt jul var det ein stor katastrofe i Asia. TV 2 rydda heile nyheitssendinga til saka. Etter dei hadde take vekk all anna informasjon gjekk kamera over på Davy Watne. Ingen morosame kommentarar den dagen, men heller ei ytring om at ”sporten går likevel”. Det var inga kutt i fotballnyheitene, men dei hadde take vekk alt anna av nyheiter. Noko så uviktig som fotball måtte dei ha med, medan skikkelege sakar blei skyve vekk. Kvifor TV 2 valde inkjevetta snakk og konkurranse framføre heilt sikkert betre sakar er vanskeleg å forstå.

Ein kjend person sa ein gong at sport er for folk som ikkje kan lese, om folk som ikkje kan snakke, skrive av journalistar som ikkje kan skrive. Det er eit spark til heile kulturen. Det er ei allmenn myte at det er arbeidarklassa, dei uutdanna og uhøvelege fattige folka som er interessert i fotball. Frå gamalt av var fotball arbeidarklassa sin sport i England og mykje heng stadig igjen. Om myta er sann veit eg ikkje, men den lette forma journalistane brukar tyder iallfall eit av utsegna korrekt.

11 tankar om “Til kamp mot fotballspråket

  1. Odin

    Hm. Meiner du det? Eg var greitt fornøyd, men trur neppe eg for over 4, kanskje det blir 4- eller noko. Kva skreiv du om, og kvifor meiner du det?

    Elles gjekk eg litt utanfor emnet og greia var ikkje spesielt bra strukturert eller noko. Nei, om du meinte litt betre som i mykje betre så trur eg deg ikkje. Du plar jo skrive rektig bra :)

  2. Egil

    Eg skreiv same oppgaven. Syns du fekk mye bedre flyt i språket og fant merr språklige virkemidlårr enn meg. når d gjaldt kommenteringå trakk eg fram lønningene og profffotballens toeggede sverd (denne veldige pengestrømmen og oppkjøb av manu av ein amerikaner etc), lønningene opp mod utdanning og ansvar i samfunnet (sykepleiere burde tjena merr spør du meg), sensasjonsjournalismen og kjønnsforskjeller mtp at kvinnene våre e mye bedre enn mennene.

  3. Teirik

    host de e ikkje bedre enn mennene, sånn sett, egil… det e bare det at de gjør det bedre internasjonalt forde at de e bedre sett opp mot motstanden du møte. Huske ennå når et av eliteserielagå i kvinnefotball møtte et u17-guttelag (syns eg å huska d va). Det blei mildt sagt knusing…

  4. Odin

    3, Egil: Ja, veldig interessante kommentarar der, kunne ha skrive mykje om det der.

    Faktisk så ville eg skrive meir – men eg hadde klara å fått teksten inn på 2 herlige a4-sider med spalter og pt. 10 i skrift. Eg ville ikkje øydeleggje designet, så eg berre stoppa der :p — Men oppgåva var ikkje noko å hoppe i taket for, skulle hatt ei betre oppgåve no som me hadde pc! Då kunne me ha skrive mykje! :]

  5. Egil

    7, Teirik: Tror faktisk d va systerå mi som sa at jentår ikkje e bygd for å springa fort.

  6. Teirik

    Du har jo såklart rett då, eg sa ingenting på det, men der e någen så flyr i taket over sånne kommentarer ;)

  7. Eskil F

    Kæm faen såm bryr seg om d hær pisse?! Scooter 4 life,faggots

    Eskil «the way out» Fjeldstad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.