Sider
-
Siste innlegg
Nyaste innspel
Monthly Archives: June 2005
Dagstur tilbake til Split
Åh, eg er full av kake. Full av kake og kaffi. Fekk rive til meg eit digert napoleonkakestykke til 8kn, saman med ein diger espresso (dei klarar ikkje lage normal coffee her, sjølv kor mange gonger eg prøver å fortelje dei det) til kn 5. Ahh, max billig; max godt; alt for mykje for min mage.
Ikkje akkurat neger, men…
Ein lyseraud skikkelse snik seg frå skugge til skugge, hushjørne til hushjørne. Det svetter som antall virusangrep på Windowsplattformen; og hveser noko lavt, lavt liknande “<noko>-buffét”. Plutseleg smett det inn på ein internettcafè – var tydelegvis dèt han ville. Banner litt angåande smerte fororsaka av sola. Ja; eg er solbrent.
Badedag på nasjonaldag
Så skal me komprimere innhaldet litt. I dag har me bada, klokka er ikkje meir enn 4 endå, men det har me iallfall gjort i dag så langt. Stranda ligg ikkje langt frå Split sentrum, så han var ikkje spektakulær flott akkurat. Dei strendene er i øyene utanfor Split. Det er faktisk nasjonaldagen til Croatia i dag, er 14-15 år sidan dei blei uavhengige, utan at eg skal skrive meir om det.
Kroatsia andre dag; Split
Då har me reist frå Zagreb og kome oss lengre sør; Split er ein totalt forskjellig by enn Zagreb. Det blei ein ny dag der hovudinnhaldet var reising, men likevel ein moro dag. Den kroatsiske statsbanen imponerer verkeleg. I Split har me fått eigen leiligheit me bur i til 300kn natta, 100m frå gamlebyen.
Fyrste dag i Kroatsia; Zagreb
Då var me komen til hovudstaden i Kroatsia. Den største byen med nærare 800.000 innbyggarar. Det er ein relativt normal storby i mine augo; så dei store opplevingane lèt vente på seg. Me skal dra sør i landet imorgon, då blir det antakeleg meir å skrive om, men byen har sine særtrek lell. Kroatsia er ein gamal kommuniststat, noko denne byen ber fleire teikn av…
Då dreg eg til Kroatsia
Eg vil vere vekk fom. i natt til 5. juli. Eg skal til Kroatsia med familien, minus kattene (ja, dei er del av familien). Falke skal trene vannpolo i fem dagar (han er på juniorlandslaget ^^); resten skal me loffe rundt på div. billige hærberg/hostell/pensjonat. Åå, eg gler meg!
Enkeltpersonføretaket Velmont
Då var det gjort. Eg har fått registrert meg i brønnøysundregisteret (eigentleg er det fleire då). No venter eg berre på at det skal bli offisiellt, og at eg skal få organisasjonsnummer. Det heiter «Enkeltpersonsføretaket Odin Hørthe Omdal», men eg får bruke «Velmont» som firmanamn. Difor vil no «Velmont» båe vere kallenamnet og firmaet mitt.
Ein Monofunken dag
Etter hack langt til natt med Falke, skulle meg og Kitty Karina spele i Robert Vawter sin film «Monofunken». Bursdagsfesten til Tone førdagen blei diverre avlyst. Kitty Karina var hos fetter Buster så eg måtte hente ho for å dra heilt til Sandnes… Ville bli ein lang, trist dag med misting av diverse.
Kitty Karina 8 år
Den beste lillesystera eg nokon gong har hatt er blitt heile 8 år i dag. Det er 10 ½ år mellom oss. Ho blei 8 i går, 17. juni. Me var på Havanna badeland, dagen før tok eg ho med på bowling, og i dag skulle eg eigentleg ha laga ein CD til ho.
Ferdig med skulen…
Då var me ferdige. Har ei lita pølsesamling i skulegarden som alltid, men det er jo ikkje genuin skule. Dermed gjer eg ingenting feil i å sjå tilbake på 12 år med skule. Det har vore 11 utruleg kjekke år – eg har alltid vore medviten dei gode sidene til skulen. Men nå er det altså slutt…