Badedag på nasjonaldag

Så skal me komprimere innhaldet litt. I dag har me bada, klokka er ikkje meir enn 4 endå, men det har me iallfall gjort i dag så langt. Er faktisk nasjonaldagen til Croatia i dag, er 14–15 år sidan dei blei uavhengige, utan at eg skal skrive meir om det.

Etter konstant mas frå Falke og Kitty Karina skulle me altså dra å bade i dag. Den største kvinaren var nok Falke, som òg tala Helge sin sak, sa han. Dei hadde vore på ekskursjon dagen før; men den stranda var visstnok (surprise, surprise) smekkfull. – Kva forventer dei eigentleg når dei går på ei strand 5min frå sentrum i ein sydlig turistby som Split? Stranda på andre sida var forsåvidt i sama sjangeren. Det er langt i frå dei finaste strendane i området; men dei er utruleg nær sentrum.

Kommunisthotell

Kommunisthotell i Split, Kroatsia

På den fine (og varme, ugh) gåturen til stranda, etter ein fortreffelig frukost (omelett som vanleg; denne gongen med båe skinke og ost, naaammi), såg eg ein kommunistblokk. Dadaa! Jadå, finst visst kommunistblokker her i Split òg. Dette var visst eit hotel. Styggaste eg har sett på lengje; i denne byen som står på UNESCO si liste over verneverdige plassar har altså ein av dei utruleg stygge, nedslitte betongveggane av nokre slumaktige maurtuer klårt plassere seg. På ein lite plansje med inngangen til makkverket hang det tre stjerner.

Høh? Tre stjerner? Jøss, hadde eg aldri trudd. Dette vonde hotellet har klårt få tre stjerner; det må vere ein etterleving frå kommunisttida. Ein skulle lage billige hotell for allmennheita; digre og billige. Eigentleg er klassifisering ein uting der; skulle ikkje vere noko som var betre enn andre ting – så kan godt tenkast at alt fekk ”***”. Menmen, eg var ikkje inne å såg. Kan godt ha vore greiere standard inne. Men utanpå var det heslig.

Stranda

Odin i Kroatsia, Split - på stranda nær byen

Då me kom til stranda var eg ikkje akkurat imponert; stod ikkje opp til bileta eg hadde sett. Likevel tok det ikkje lange tida å sjå at det faktisk var veldig fint. Men ikkje perfekt slik det er på bileta (som er tatt andre plassar; på øyene, der det faktisk er perfekt (heehe, få me sjå iallfall ;) )). Falke og Helge gjekk og gjekk, dei fortsatte å gå då me hadde kome til stranda. Dei var tydelegvis overtydd om at dette ikkje var stranda; er jo ikkje slik det skal vere. Etter ei lang vandring over fjell og dalar kom dei tilbake. Då starta me bade.

Eg var ganske sein denne gongen. Det var ei steinstrand, så eg fekk for det fyrste vondt i føtene. Men for det andre var det ikkje steikvarmt i vatnet akkurat. No har eg bada i isvatn o.l. – men nett no var eg ikkje så hugen på kuldesjokk. Men då eg endeleg fekk mot til meg (etter Kitty Karina hadde dukka seg, eehhhh) tok det slett ikkje mange sekunda før vatnet var kjempeherlig.

Likevel er Kroatsia i “middelhavet” – og eg liker ikkje middelhavet. Kvifor? Jo, fordi det er ei salttønne. Eg missliker salt, sterkt. Det set seg i augo; eg får vondt. Salt + augo + sol + ein dæsj pollen = ein kei situasjon. Dessutan smakar ikkje vatnet særleg godt (jadå, eg veit ein ikkje skal drikkje det; men av ein eller anna grunn kjem det alltid litt vatn inn i munnen – då er det utruleg keitt med alt det hekkans saltet!).

Eg leika med Kitty Karina. Falke og Helge var rundt og stupte frå diverse klipper (små, eg gadd ikkje dra meg bort eingong). Mamma slakka oppe med kamera og dei andre verdisakane, medan pappa sveiv rundt (anar ikkje kor). Då eg skulle gå opp skar eg meg litt på ein stein, blei litt blodig – men merka det ikkje før mamma sa det. Er tåa mi det er bilete av på hovudsida (det lille biletet, ingressbilete ;) ).

La meg ned i sola og lot såret hjelpe seg sjølv – medan eg las Time Magazine. Der stod det masse moro, utan at eg skal gå så mykje nærare inn på det. Etter ferdiglest Time dusja eg i det iskalde ferskvatnet. Det var kjempekaldt, men litt herlig òg. Hihi. Så gjekk meg, Falke og Helge heim. Kjøpte is på veg til internettcafèen (5kn for ei kule med enormt god is! Er jo røvarkjøp! :D).

Endeleg ein skikkeleg nettcafè i denne byen

Eg sit og skriv på heimesida i Kroatsia, Split på ein skikkeleg nettcafe

Denne internettcafèen er som sagt flott. Eg har fått lagt ut eit par bilete, bruka Photoshop til å hacke bileta. Var litt vanskeleg å bruke i byrja, men kom inn i det. Eg føretrekk likevel Gimp, – kjem nok aldri til å gå tilbake. Einaste som var litt snasent var fargeprofilar; einaste plagsomme var at fargeprofilen var stilt heilt feil, så det såg mongoloid ut. Fann ut korleis eg fiksa det heldigvis. No har eg sitte her i nærare to timar, så det blir vel ein 30kn – bør slutte av. Får sjå kva meir eg får gjort denne dagen, men no har eg iallfall komprimert dagen litt; så blir det kanskje litt meir interessant å lese? :p Fina vêre, ser dykk seinere! :D

3 tankar om “Badedag på nasjonaldag

  1. Teirik

    Herrrlige dag, virke det som, sjøl om du ikkje e så fan av saltvann :) Billige is, sol, tgang t internettkafe, muligheter for avkjøling OG god frokost…. Det e jo nesten drømmetilværelse ;) Heldigvis har der blitt fint ver i norge og nå, har savna det, men nå har det kommt. Du sko og våre på R.E.M-konserten, sjøl om det gjerna ikkje falle 100% innen din favorittmusikk, va go stemning.. Du fekk eksamensresultatene dine? Kati e d Falke ska ver me landslagsfolkå?

  2. ESH

    Må sei at eg hålle meg alltid onna is nere i land som Kroatia…det vil sei sør i Europa. Dette pga at den isen der inneholde masse bakterier så min mage ikkje lige, derfor holde eg meg vekke fra ann. Den e meget god, men ikkje alltid i ittekant ;)

  3. Odin

    Joda, REM er tøft. Isen har eg ikkje hatt nokre problem med Erlend ;) Berre godt. Dessutan er det mange som sel for 4kn no! Plassen eg er på no er det slik :] Aaahhh…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.