Dagstur tilbake til Split

Åh, eg er full av kake. Full av kake og kaffi. Fekk rive til meg eit digert napoleonkakestykke til 8kn, saman med ein diger espresso (dei klarar ikkje lage normal coffee her, sjølv kor mange gonger eg prøver å fortelje dei det) til kn 5. Ahh, max billig; max godt; alt for mykje for min mage.

Skjalg i røyken, i Split -- restaureringsarbeid pågår

Eg er tilbake i Split, dagstur. Etter eg hadde skrive teksten i forrigår (den “ikkje akkurat neger…”-teksten) og reiste meg opp fann eg ut at eg hadde feber. Ein skikkeleg feber. Var heilt vond, svimmel og alt. Den teksten er altså skrive i feberfantasier; trur eg skreiv noko om at eg var trøytt. Etter eg reiste meg blei det mykje verre. Eg snubla meg bort til busstasjonen der eg ramla ned på eit sete nesten vedsida av ei 20–25 år gamal jente. Nokre sekund seinere var eg hallvegs i søvne. Eg sov og sov. Men kvar gong nokon bevegte seg, spratt eg opp; er bussen her!?

Dama må ha trudd eg gjekk på dop. Ho snakka med dei eldre damene som stod på busshaldeplassen. Ingen turde setje seg vedsida av meg. Kjende på meg det var stigmatisering på kroatsisk på gong. Menmen, det er vel den normale eg-veit-ikkje-kva-du-seier; det-må-vere-slemt-paranoiaen. Likevel er det ting som tyder meg rett; plutseleg kom 3 av vannpolo-jentene til busshaldeplassen; og dama byrja straks snakke med dei. Skulle dei til Split? Kanskje dei ville sitje på ein minibuss som kom? Hrmpf, ikkje meg nei. Eg snakka med jentene då; så då såg vel dei gamle damene at eg ikkje var full/dopa.

Minibussen stod og venta; var litt skeptisk, men hoppa inn. Forsto ikkje heilt kva folk sa; men skulle betale 14kn, det er altså 5kn meir enn det bussen kostar. Ikkje særleg kult. Eg hadde dritvondt i hovudet. Såg sikkert forferdeleg ut. Eg rota med pengane; mista den einaste 5-eren eg hadde igjen. For å betale måtte eg ha den. Stressa fælt med å finne han; til slutt fekk eg låne ein mobil med eit slikt tøft ljos. Eg hadde til då berre betalt 10, men trur det var nok likevel. Sjåføren såg ikkje ut til å vere bekymra. Eg ga han 5-eren min; han smilte noko sjukt og takka. Eg ga han visst tips. Heh, jaja. Versego’. Hadde no stressa i fleire minutt med å finne den drittmynten; hadde normalt drite i han om eg ikkje hadde trudd eg hadde ubetalt gjeld.

Etter eg kom heim la eg meg ned og sov. Sov og sov. Masse soving. Trur eg. Hm. Jo, sant. Datoen på denne pcen er feil. Blei forvirra der. Neste morgon var eg bittelitt betre etter feber og solbrentheit. Men eg heldt meg inne; eg var nede i skuggen på kafèen litt og teikna storyboard til Espen sitt manus – men elles var eg inne heilt til sola forsvann. Eigentleg skulle eg skrive ein tekst på papir; eg tenkte ut alt saman i dusjen – var klår til å skrive og skrive. Men så gjekk eg ned til bryggja sidan den slemme kroatsiske sola hadde stikke av. Der var det så moro at eg dreit i papirskriving; det gjer jo vont likevel.

Dusjen er jo eit kapittel i seg sjølv, var slik eg starta tenkje ut kva eg skulle skrive. Han er så håplaus elendig, då eg kom ut hadde eg forbanna han eit utal gonger allereie. Det er ca 60cm frå dusjforhenget til veggen; kjempeliten plass. Når ein lukker forhenget så sit det ikkje foran dusjen; men går tilbake i normal “hengjeposisjon”. Fungerer rett og slett ikkje. Står tett opptil blandebatteriet når ein dusjar på grunn av den lille plassen. Blandebatteriet er steikje varmt, eg kom borti det fleire gonger. Hekkan. Vondt. Men eg kjenner sjølv at det er for lengje sidan eg var i dusjen – eg har mista heile tekstforløpet. Får berre gløyme alt det der.

Har eigentleg lita tid no; meg og pappa skal snart møte mamma, Falke og Helge. Skal gå til ein vannpolobane her i Split. Skal sjå på, og trene saman med eit fyrstedivisjons vannpololag. I går var det turnering heime; etter eg hadde vore inne heile dagen gjekk eg som sagt ned. Der fekk eg sjå to utruleg morosame kampar; Stavanger vann båe. Utklassing ;] Tihi. Etter det var det festtid. Var St. Patricks-day. Fyrverkeri sto for tur. Eg sat meg nær avfyringsplass for å få stilige bilete. Eg visste sikkerheiten var langt frå norske standardar; hadde aldri vore tillatt av brannvesenet i Noreg. Det er det kanskje grunn til òg.

Fyrverkeri i Sumpetar, Kroatsia. Gjekk litt galt.

Midtveis i fyrverkeriet var det fleire batteri som falt over ende og skaut rett mot meg. Eg fekk noko “ildkuler” mot meg; ikkje slike eksplosive greier; men det som kjem ut. Har bilete av det, men har ikkje nok tid til å leggje ut. – Etter det gjekk “ungdommen” (hihi, genialt) til ei strand litt bortafor kafèen. Der sat me og snakka med dei lokale lengje.

Uhm, eg må gå. Er tilbake om to dagar eller noko. Blei kort og usamanhengjande dette :p

7 tankar om “Dagstur tilbake til Split

  1. Monique

    tenkte jeg kunne kommentere dette innlegget, siden ingen andre har. Synd at du måte bli syk da=( Håper det går over fort! Drede å være syk når du først er i et varmt land(ikke at det ikke er varmt her hjemme. 27 grader i skyggen idag=) Jeg syns ikkje det var usamenhengende egentlig=P

    Skummelt med fyrverkeri. hihi ha ein fortsatt fin ferie;)

    Klem!

  2. Odin

    Der fekk eg «americano». For noko piss. Surt så det held. Nei, espresso er jo betre. — Men aller best er norsk kokekaffi; brent av «den gyldne bønne»:http://dgb.no. Økologisk, fair-trade og ikkje minst best i verda! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.