Ein Monofunken dag

Etter langt-på-natt-hack natt med Falke, skulle meg og Kitty Karina spele i Robert Vawter sin film «Monofunken». Bursdagsfesten til Tone førdagen blei diverre avlyst. Kitty Karina var hos fetter Buster så eg måtte hente ho for å dra heilt til Sandnes… Ville bli ein lang, trist dag med misting av diverse.

Dagen før skulle eg levere Kitty Karina hos Christian, Buster og Betina. Kunne jo ikkje vere åleine når Falke var i Kristiansand, mamma og pappa i Kviteseid og eg hos Tone (før eg fann ut det ikkje var noko). Eg hadde gjeve ho løyve til å gå til butikken og kjøpe snop (fekk 200kr, fekk bruke 40, sa eg); dei måtte kome tilbake etterpå slik at me eventuelt kunne lage ny avtale. Men tida gjekk; og KK kom ikkje tilbake. Etter ein time blei eg uroleg; men visste ikkje kor ho kunne vere, dessutan var det endå 1–2 timar til avlevering. Så eg sat meg ned og venta på ho. Etter ein time starta eg leiteaksjon i nabolaget. Gjekk innom alle dei plassane eg veit ho har veninner. Eg fekk vite av far til Helene at ho hadde vore med Ida, utanfor huset deira. Han viste meg kor det var.

Mora sa dei hadde drege til Auglend skule. Av alle ting. KK hadde visstnok sagt ho ikkje skulle vere heime til nokon fast tid. Dårleg gjort, ikkje bra. Så eg gjekk opp for å hente sykkelen slik eg kunne dra bort. Etter eg hadde drikke litt gjekk eg ut igjen; og då kom akkurat KK. Ho lurte på om me skulle dra til Betina no, eg sa nei. Eg hadde venta i 3 timar på ho. Ho skulle jomen meg få vente like lengje på at eg skulle køyre ho sjølv! Så eg sat meg ned i stolen med ryggen til og mediterte i ein halvtime, ho heldt seg heilt stille. Trur ho teikna.

Eg laga mat til oss, burritoes kjøpt på Mega. Eg fortalte ho at no var det 2 ½ time igjen. Etter litt sa ho unnskuld, og meinte det. Var vel eigentleg det eg venta på; så eg sa me ville køyre med ein gong me hadde ete. Då åt me burritosane (som var kjempegode) og var gode vener igjen :) Er kjekkere slik. Sjølv om eg blir litt skuffa når ho ikkje tek det eg seier seriøst. Det er veldig slitsomt.

Sidan bilen er øydelagd kunne me ikkje køyre til Pollestad. Eigentleg trur eg ikkje han er så øydelagd, han fungerer fint når eg køyrer han. Sikkert feil bruk av mamma og pappa som er feilen (hehe)… Tog var iallfall løysinga. Det kosta 33 kr for båe to til Sandnes, ikkje alt for galt. Kostar derimot 20 kr å dra nokre få kilometer til byen med buss for ein person!

På toget møtte me Alun, som eg kjende igjen frå teateret. Eg helsa på han, då han satt seg nærast vedsida av meg. Viste seg at han var hovudpersonen i filmen. Eg har lese manus, men sikkert gløymd store deler. Scena eg spelte saman med Hege Alsaker var heilt i byrja av filmen. Me filma han tidleg januar. Eg var horekunde, medan ho var hora – filma medan ho gjekk. Eg låg i senga og tende ein røyk og ringde dotter mi (søt stemme); «Sei til mamma at eg blir litt sein; jobbar overtid… Ok… Ja… Ja… Hehe, ja… Me snakkast! Klem!». Medan eg snakkar gjer eg Hege nokre hundrelappar. – Rett og slett ekkelt.

Filmsettet på Monofunken

Robert sto og venta på oss på togstasjonen i Sandnes; me skulle hente ei skodespelar (Marion) og køyre til Pollestad der dei hadde fått lånt ein butikk. Me fekk is av Robert på vegen. Framme var me i gang med å setje opp ljosa og gjere alt klårt. Det tok si tid; slik det alltid gjer. Var mykje venting, men til slutt fekk me filma litt. Me skulle stå i ein kø i butikken og gå gjennom kassa. Hovudpersonen skulle kome bakerst; han er forelska i kassedama. Så kom Marion bak, som var forelska i hovudpersonen. Ikkje noko snakking; berre stirring på dei. Var ei forsåvidt enkel scene reint forklaringsmessig; men mange folk var involvert og eg er sikker på at kvar einaste shot var forskjellig! Eg misunner ikkje Robert når han skal klippe det saman! :-o

Kitty Karina blei lei. Ho starta å leike med sprettballen ho fekk i isen sin. Etter lang tid (4 timar på settet) filme dei at me gjekk og handla i butikken; eg som snill far (som tidligare i filmen hadde vore med prostituert…) og KK som dotter mi. Me var ferdig etter det. Heimturen stod igjen. Eg trudde eg hadde mista Bratz-en til KK (ein dyr barbi-greie; æsj) som ho fekk dagen før til bursdagsgåve. Men eg hadde visst berre lagt han bak i bilen. Det var ein ekkel situasjon; eg ringde og stressa fælt med å få han tilbake. Såg berre kor lei seg KK blei. :(

Kitty Karina sit på golvet i butikken, keier seg...

Det var veldig stress; litan tid til toget gjekk – me kom fram til Sandnes rett før. Dei sa me måtte springe. Eg sprang i førvegen for å stoppe toget slik at KK kunne kome etter. Eg sprang og sprang, såg at KK forsvann bak meg (ho spring seint, + at ho har sko med innebygde rulleskøyter (teit spør du meg, menmen)). Eg klåra kome opp til toget rett før konduktøren blåste det vidare. Eg heldt toget igjen i ein 6–7 sek, men KK kom ikkje. Toget gjekk.

Då det gjekk såg eg at det gjekk feil veg. Like greitt at eg ikkje kom på toget. Andre vegen gjekk det ekte toget. Dritt. Men kor var KK? Ho kom ikkje opp, – eg sto og venta. Sprang ned; Robert hadde køyrd opp til meg og sa eg var på feil side. Vel, kunne ikkje eg lukte. Eg som aldri tek buss eingong. Eller, forsåvidt; hadde eg bruka logikk så – men me hadde dårleg tid så gløymde tenkje etter. Eg brydde meg fint lite om det no; Kitty Karina var vekk. Eg sprang litt febrilsk rundt for å finne ho. Til eg såg ho stå borte med ein buss med to vaksne. Dei snakka med ho; gret tydeleg. Oooff. Stakkar :(((

Eg gjekk bort og sat meg ned og klemde ho. Lengje satt me der, ho hiksta litt, eg unnskulda fleire gonger. Var jo min feil; det var dumt gjort. Kjende meg dårleg då. Stakkar KK, blei mykje vondt på ein dag. Etter litt gjekk me bort og fann ein buss til Stavanger. Off. Eg vil ikkje miste Kitty Karina meir.

7 tankar om “Ein Monofunken dag

  1. Teirik

    Offdå, dakar KK :) Blei litt mye på ein gang for na tror eg, menmen, det fekk jo heldigvis ein god slutt :)

    At KK «stakk av» i begynnelsen kan ha någe me at hu e i familie me deg, Odin.. Den distrèheten din ligge vel i familien ;) Bra at du «tok hevn» og viste kor dårlig gjort det er iallefall, og at dåkkår blei venner igjen ittepå e jo ein perfekt endelse på hendelsen!

    Men, så va jo ikkje dette slutten dessverre, hu «mista» bratzen og hu forsvant jo igjen… Bratzen e jo et hendig uhell, og som sagt, den distrèheten dåkkårs gjør at det lett skjer. Egentlig så trenge det ikkje å ver den heller, folk har ein tendens t å glømma i stressa situasjoner. Å ta av for å nå toget e litt håvelaust fra din side Odin (no offense :) Men du burde ha huska at hu e over 10 år yngre enn deg, og det betyr mye tregere springehastighet og kondisjon. Å då springa et stykke for å nå toget blir då litt mye. Heldigvis e der alltid någen snille voksne ute i verden som gir ein hjelpande hånd t de trengande :) Og det gjekk jo igjen bra, sjøl om det blei litt grining. Litt sårt, men heldigvis sånn som ikkje sette for dype arr, det går over :)

    4 timer på sett e forresten mye for folk som ikkje e vant med det.. Ikkje rart hu gjekk lei egentlig :)

    Apropos busspriser, så e d alt for dyrt… Eg prise gudene for at det e billig ungdomskort, men vanlige enkeltbilletter burde vært billigere…

    Hmm, blei kanskje litt mange smilier? :s

  2. Miriam

    Uff, for en dag. Jeg hadde vært livredd. Jeg hadde sikkert satt meg ned på fortauet og grene hysterisk, men det er bare meg da:p Dette blir sikkert en dag dere kommer til å le av om noen år.

  3. Odin

    Er vel eigentleg slike ting ein gløymer fort likevel; eg tenkjer ikkje så mykje på det meir. KK gjer iallfall ikkje. No er me jo på reise i utlandet; då er det endå viktigare at me passar på kvarandre.

    Nei, le av han; det kan eg gjere allereie :) Kitty Karina kan le av han når ho blir flink nok til å lese + sett seg ned for å lese det eg har skrive på sida :p Det kan jo take si tid ;)

    Men, ååh. Tenk så moro det hadde vore om nokon hadde skrive eit par historier om meg då eg var litan. Er jo moro å lese slikt i etterkant.

  4. skjalg

    Dette var gale… Visste ikkje det var slik det gjekk te den dagen. Kitty Karina har ikkje sagt så mykje om det…

    Det får meg til å tenka på Odin som 6 1/2 år kjørte seg villt på bussen fra teateret… Han satt så opplukt av Donald-bladet sitt på bussen fra Barneteateret (eg trur han spelte i «Robin Hood og Villungane» då) at han glømte å trekka i snora på Schancheholen. Han blei med heilt te Grannes der sjåføren sa han måtte gå av (!) Her blei han stående te nokre gode naboar der fann han med tårer i augo. Dei bydde seg å kjøyra han heim – men dei ringte visst te oss heima – så mor Unni kom og henta han i bilen.

  5. Kitti katt

    hei. eg likta historia veldig gøtt. stakkars kitti karinaen. Som måtte gå gjennom alt dette med deg. Eg håpe du har grææla dørlige samvittighet. Eg hadda aldri klart å gjort nokke sånt mot Kitti Karina. Ho e ei lita due. Ei snill ei. No ska eg ha eit gøtt glas med nektarin. Og håpe alt går bra med Kitti Karina. Ynskje ho alt hell og lukka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.