Enkeltpersonføretaket Velmont

Då var det gjort. Eg har fått registrert meg i brønnøysundregisteret (eigentleg er det fleire då). No venter eg berre på at det skal bli offisiellt, og at eg skal få organisasjonsnummer. Det heiter «Enkeltpersonsføretaket Odin Hørthe Omdal», men eg får bruke «Velmont» som firmanamn. Difor vil no «Velmont» båe vere kallenamnet og firmaet mitt.

Brev/Søknad til brønnøysundregisterene

Så lurer de kanskje på kva eg skal gjere med firmaet? Eg måtte skrive firmaet sine kjerneområde i søknaden til brønnøysund. Den skal gje ei kortfatta skildring av områda.

Film- og videoproduksjon, fotografering. IT-tenester innan internett-relaterte område; heimesidedesign og -programmering.

Eg ser at eg har gløymd skrive noko om grafiske jobbar. Æsj. Jaja, får så vere. Seier det går under IT me. Eg har jo bl.a. ein jobb frå Reidar Larsen (Noreg sin blueskonge ;) ) – og eg sende nett pappa rekning for brevark og visittkort.

Med firmaet blir det lettare å take betaling for det eg gjer. Slik stoda er no gjer eg mykje gratis. Om eg gjer noko via firmaet blir alt mykje meir formelt. Med dette blir det enklare å take betaling/sende rekning.

Elles fekk eg ein jobb i dag; eg skal lage (redigere) ein episode av eit slags reiseprogram. Pat frå Canada dreg rundt med Harley-syklar i eit land sin natur og speler konsertar i storbyane (han er musiker). Så det blir innslag av mykje natur, landets kultur, musikk og anna. Han er veldig engasjert; eg gler meg til å sjå kva han har av opptak imorgon. Håper det er nok, og ikkje minst bra.

Same kva, no har eg (snart) eige firma! Eg har satt opp eigen konto til det allereie, kan nummeret i hovudet; klåra få eit enkelt eit. No blir moro å kunne fakturere ting og tang som eit firma ;)

10 tankar om “Enkeltpersonføretaket Velmont

  1. Egil

    Hendigt. Syns du bør komme me jevnlige skriv om føretaket ditt her på siå då, så me kan holda oss oppdatert på fortjeneste osv, om du ikkje vil holda alt for deg sjøl då ;)

  2. Odin

    Trur neppe det blir nokon interessant episk forteljing akkurat. Finn du noko mindre interessant å skrive om enn økonomien til firmaet mitt? Heh, – vil kanskje vere småpirrande for dykk bedriftsøkonomifolk; men elles trur eg det har lita verdi. Om eg ikkje går personleg konkurs; det hadde jo vore litt tragisk… :p

    Forresten Erlend; nei, eg har ikkje råd til slikt. ;)

  3. Egil

    Hadde vært litt stiligt om du skreiv om oppdrag du fekk, og litt tall som udgiftår og inntektår på oppdragå. :) Regnskap trenge me derimot ikkje se…..

  4. Odin

    Videokomprimering i Linux. – Eg har prøvd videoredigering i Linux, det fungerte jo; men er ikkje i nærheita av det Final Cut Pro HD er på OS X (men så igjen; programma eg brukar til Linux er gratis, FCP har me betalt masse for).

    Men all anna grafikk gjer eg i Linux med «Gimp(biletebehandlingsprogram)»:http://www.gimp.org og «Inkscape(vektorteikningsprogram)»:http://www.inkscape.org. :) Eg venter på ei skikkeleg løysing for Linux. Diverre er det ingen skikkelege program utanom for dei med digre hollywood-budsjett nett no. Ingen som vil satse skikkeleg på det heller.

  5. Terje Pedersen

    Hvilket program prøvde du? Det nærmeste gratis alternativet jeg vet om på Linux er Cinelerra. Hadde tenkt å teste det selv, men oppdaget at jeg da måtte bruke endel tid for å få det bygget på Gentoo:( FCP skulle jeg gjerne hatt det virker å være et veldig bra program. Men det ser nå ut som det skjer ting og tang når det gjelder programvare for videoeffekter som kan kjøres på Linux slik som f.eks. Gephex. Har du forresten testet Inkscape alternativet Skencil også da eller?

  6. Odin

    Eg har prøvd «Cinelerra»:http://heroinewarrior.com/cinelerra.php3 og «Kino»:http://kino.schirmacher.de/. Pluss «AviDemux2»:http://avidemux.sourceforge.net/ som eigentleg ikkje er eit videoredigeringsprogram.

    Utanom Gephex har ein EffecTV og andre ting. Skencil har eg berre sett på; men eg elskar Inkscape så mykje; treng ingen erstatning :)

    Elles er vel «Shake»:http://www.apple.com/shake/ det heilt klårt mest sexy til Linux. Alle effektane i «Ringenes Herre» blei jo satt saman med Shake i Linux ;)

  7. Tilbakeping: Sende klage på sjølvmeldingi - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.