Ferdig med skulen…

Då var me ferdige. Har ei lita pølsesamling i skulegarden som alltid, men det er jo ikkje genuin skule. Dermed gjer eg ingenting feil i å sjå tilbake på 12 år med skule. Det har vore 11 utruleg kjekke år – eg har alltid vore medviten dei gode sidene til skulen. Men no er det altså slutt…

Auglend barneskule (1–4, 6–7)

Odin, i barneskulealder.Eg starta mitt skuleliv på Auglend barneskule. Men det er kjempelenge sida, eg er for det fyrste lite interessert i å skrive så mykje om dei 6 heilt fantastike åra; for det andre er det sikkert ikkje så interessant å lese. Ah, kan seie litt. På Auglend var bestevenen min Fredrik, han budde ein 100m frå meg i luftlinje. Fredrik blei kjend med Steffen, besteveninna hans var Camilla. Difor blei me ein litt større gjeng. Fredrik var forelska i Camilla og motsett, kanskje difor me blei ein slik 4-manns gjeng? :p

Elles hang eg litt med Tor Haakon på barneskulen. Me dreiv på med mykje moro; var dei einaste som hadde vore fleire gongar på skulen sitt tak lovleg. Var det eit skodespel eller noko som skulle fiksast? Vel, teknikarane var klåre; meg og Tor Haakon. Eg hadde mitt hovudfelt video, medan «totta» (heh) tok lyd. Me laga òg ein musikkvideo på skulen, med jentene i klassa. Spice Girls cover :p—Hugsar eg var utruleg stolt for at eg var så lite i timane men ikkje fekk fråvêr for det; eg var nemlig ynskja som hjelp for skulen diverse plassar. Blei take ut frå klassa for å filme diverse prestasjonar o.l. Gode tider :)

Ullandhaug ungdomsskule (8–10)

Odin, i ungdomsskulealder.Så kom dagen me flytta. Eg var særs misnøgd; skulen hadde jo ikkje leikeapperat. Eg som hadde vore fast brukar av båe barnetv og leikeapperat skulle plutseleg leike vaksen. Men det lika eg ikkje noko særleg; må halde på det barnslege. Difor var eg utruleg heldig i den klassa eg kom i. Me var ein laussluppen gjeng som berre ville ha det moro, me brydde oss ikkje om å vere «kule» (her er det å vere «kul» noko negativt, ja). Det var ein god del teite folk på Ullandhaug, men dei såg me ikkje stort åt. Dessutan blei dei betre med tida. Jo større ein blir; jo meir mogen blir ein. Fredrik forsvann som kjend åt 9-klasse; då sto eg utan besteven. Endra skuletilvêrelsen ganske dramatisk. Fekk ein større venegjeng med svakare bånd som erstatning.

Var utruleg glad i klassa mi. – Åra på Ullandhaug var kjempekos, eg kjenner framleis eit positivt tilhøve til skulen. Dei fyrste åra blei eg tatt ut av klassen åt fleire anlendingar; for å hjelpe med videotekniske ting, for å hjelpe med heimesida til skulen eller liknande. Meg og Tor Haakon blei igjen teknisk ansvarlege for heile skulen, me laga bl.a. det beste juleballet skulen hadde hatt ;] For fyrste gong med videoprosjektor (hihih, kven stod for dèt tru?) og eit utruleg videoshow i tillegg til det vanlege. Året etter var det langt i frå like bra har eg høyrd – så eg trur framleis me har rekorden for det beste ;)

Ut av ungdomsskulen fekk eg eit flott brev der det stod framifrå ting om filminteressene mine. «Eg vonar me vil sjå meir av Odin innan dette feltet i framtida». Hihih, veit endå ikkje om det blir noko; men kanskje Aasland får rett? – Eg fekk 4.7 i snitt då eg gjekk ut frå Ullandhaug; eg kunne velje fritt i skular. Etter masse fram og tilbake mellom Randaberg Media & Kommunikasjon, Kongsgård og Hetland fall eg til slutt på Hetland. Eg sat faktisk Hetland opp som einaste skule. Visste jo eg kom inn likevel.

Hetland videregåande skule (GK)

Odin, pÃ¥ preikestolen, grunnkurs.Eg var litt missnøgd i starten av di eg kjende jo ein god del på Hetland allereie; tenkte det ville bli vanskeleg å bli kjend med nye folk då. Ville få fleire vener, større krets; difor ville eg gå på ein skule der eg ikkje kjende nokon. Heldigvis blei det ikkje noko problem og ganske snart var eg godt innrullert på Hetland. Eg starta fyrst i ein «teamklasse», som var eit forsøksprosjekt med 50 elevar i ein klasse og datamaskinar i dei 3 klasseromma som var slått saman til eit digert. Mamma ville ikkje at eg skulle vere med i noko testprosjekt som sikkert ville senkje karakterane mine, eg var einig og byta til 8E. Der gjekk eg saman med Jon, og bl.a. Camilla J som eg blei god ven med.

Meg og Jon søkte til Oxford, tenkte ikkje stort på det i byrja; men me kom jo med! Dette året for Hetland hadde eg vore delegat for heile skulen i Elevorganisasjonen; sjølv om eg ikkje var medlem i elevrådet eingong :p Eg hadde ikkje klåra kome inn i elevrådet; me hadde val same dag eg kom inn i klassa. Få kjende meg, men det var ikkje så utruleg langt opp til at eg kunne bli vald. Eg fekk 4.7 i snitt.

Oxford and Cherwell College (BTEC Media ND-First year, (VK1 for meg))

Odin, i Oxford MacDonalds, VKIWoha. Dette året var heilt enormt. Det veit vel mange allereie. Denne sida er eigentleg eit produkt av året i Oxford meir eller mindre. Han hadde vore mykje meir ein normal, kei blogg som hadde døydd innan eit år om det ikkje hadde vore for Oxford. Heile Oxford-samlinga «ligg ute på nett»:http://org.velmont.net, sjølv om eg heller kjem til å pusse opp nokre av «artiklane» og publisere dei her på ny. Så ikkje les der med mindre du har mykje tid til overs ;)

Reint skulemessig sett var det moro å få gjere mediarelatera ting. Eg likte læraren godt, av di han lot meg gjere det eg ville sidan han såg eg var på eit anna teknisk nivå enn dei andre. I Oxford var det likevel det sosiale som gjorde den store forskjellen. Eg er for alltid endra etter Oxford; var bl.a. der eg nærma meg buddhismen. Etter mykje filosofering. Mykje, mykje filosofering og sann lukke. Var eit utruleg år. Litt slakkare etter Oxford reint skulemessig; men meir lukkeleg. Snitt 4.5.

Hetland Videregåande skule (VKII, russ)

Odin, Hetland avslutting, VKIISiste året. Det har vore veldig moro. Russetida var kjempekjekk, om enn – slutta litt tidlig spør du meg. Me var jo ikkje ferdig med skulen eingong; så skulle me plutseleg feire før alt saman? Heh? Nei… Teit ;) Men same kva; perioda det varte var tøff (som i stilig). Dette året kom eg endeleg inn i elevrådet. Eg klåra bli sekretær tilogmed ;D Eg stemte sjølv på «Sissil», men fekk nærast alle dei andre stemmane sjølv. Det var koseleg :) God miljø. Mange kjekke folk. Stor omgangskrets. Siste året var bra. Er berre å lese noko av det eg har skrive tidligare for å forstå meir av dette året. Dette året har eg falt heilt ned til 4.4.

Kva papirer har eg frå skulen no?

Det har som sagt gått nedover mot slutten. Men eg fekk jo 6 på norsk munnleg eksamen, trass i at det var fare for at eg ville få 3 i munnleg standpunkt. Eg visste at spesielt norskkarakterane mine var ganske låge i forhald til det dei burde vere. – Same kva; no er det slutt. Eg veit endå ikkje kva det samla snittet blir. Eg har mange fag frå GK og VK1 som skal inn, dessutan tel eksamenane eg har hatt oppover. Det blir moro å sjå korleis vitnemålet ser ut. Men eg kan seie standpunktskarakterane eg fekk i år iallfall:

Fag Karakter
Matte 3MX 3
Norsk hovudmål 4
Norsk munnleg 4
Norsk sidemål 4
Gym 5
Religion 5
Nyere historie 5
Media 3 5
Media 4 5
Snitt 4.4

Eg er særs misnøgd med å få under 4.5. Trudde no eg iallfall skulle få over det! Menmen. Slik kan det gå. Matte-eventyret mitt med total mangel av privatist-innsats har ikkje gjeve særleg avkastning. Den trekk meg noko sjukt ned. Karakteren frå VK1 (2-er) vil eg ikkje tenkje på eingong! ÆÆææ.

Likevel; det er nokre gode karakterer frå eldre tider som skal kombinerast saman med eksamenar for å lage det samla snittet. Eg gler meg til å sjå kva det blir. Eg gidd ikkje tenkje på det sjølv. Kanskje eg reknar det ut ein gong eg kjedar meg.

7 tankar om “Ferdig med skulen…

  1. Karlsen

    «Mamma ville ikkje at eg skulle vere med i noko testprosjekt som sikkert ville senkje karakterane mine, eg var einig og byta til 8E.»… nice :)

    sånn ellers, ka e det å sei? me untak av 3 år og 1 uka har du gått i klassen min heila tiå… og seff 1. klasse… blei ikkje skikkelig venn me deg før uti ungd.skolen hvis eg ikkje huske heilt feil, og har bare blitt bedre og bedre ittepå… sjøl om me flytte kver for oss, så trenge vel ikkje dette å forsvinna, sjøl om det klart vil bli redusert… det gjelde forresten resten av folkå her inne, og ennå flerre enn de igjen… jaja, me får se ka så skjer :D

  2. Odin

    Heilt rett Jon :) Veldig fint. Du kjem med gode, ærlige ord og tankar av og til i dei rette høve, det set eg pris på. Innlegget ditt står vel eigentleg for seg sjølv; ingenting å utdjupe anna enn denne metainformasjonen.

  3. Egil

    Då var me ferdig me skolen for godt. (igjen :p) Aent enn svage (eller heller fraværende) minnår fra Buster sine bursdager så blei eg vel kjent me deg på GK Odin, og du har vært ein god venn siden. Nå stakk jo dåkkår te Oxford mens eg va igjen på VK1, men eg fekk jo besøgt dåkkår der ;) Dette siste året har jo vært meeget, men nå blir me jo igjen splitta; någen ska te Trondheim, eg ska te Oslo, du ska ver sivilarbeider her og kontakten blir jo ikkje den sama. Godt me har irc og ikkje minst den siå her. ;)

  4. Bjarte

    Sprøtt. Me har gått på nett dei same skulene, ser det ut til. Om enn ikkje samtidig, sett vek ifrå Auglend. Stemmer det forresten at du gjekk på Hetland med ein kar som heiter Audun?

  5. Odin

    Bjarte; Ja, eg såg det då eg var innom sida di. Eg gjekk med Audun M.S. i Oxford og VKII Hetland ja. Var me som fekk stipend. :)

  6. Odin

    Det same som meg. Står ikkje det på sjølve sida? – Same stipendet, altså; sjølv om me sikkert fekk det på forskjellig grunnlag :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.