Film, Pia mi

Har du nokon gong hatt ein draum så hugnadsam du var sikker på han var røynleg? Har du nokon gong hatt ei røynd så fjåg du var sikker på ho var ein draum? Eg har vore så heldig å få vere med på å lage ein kortfilm med ei søt lita historie. No er endeleg filmen ferdig.

For nokre månedar sidan var eg med Johan Nåden Dyrstad for å hjelpe med/dokumentere filmen dei laga. Han hadde gjeve rollene til Olec og Pernille frå Lilla som eg spelte saman med dei i. Johan er ein av elevane til Skjalg Omdal (pappa) på Randaberg VGS; filmkunnskap.

Pia mi, opptak; Johan, David, Odin

Det er Johan Nåden Dyrstad som står for manus, regi, foto og klipp. Så det er hans film på mange måtar. Manus er skrive ut frå ein lyrisk prosatekst av Bjarte med namn «Noen har ligget i senga mi». Johan lurte på om eg ville vere med på produksjonsdagen; det ville eg sjølvsagt – så eg kom ned med eit kamera for å take litt produksjonsvideo. Skal sjå om eg får laga ei lita snutt etter eksamen. Eg filma dei litt medan dei heldt på – medan eg kom med inspill då eg kjende for det. Då me var klår fekk eg ansvar for ljoset sidan ingen hadde erfaring. Eg hadde trass alt bittelitt + ein del teori i bakhovudet. Me sleit mykje med ljoset av di me mangla blåfilter; difor blei det forskjellig fargetemperatur på ljoset frå vindauge og det «kunstige» ljoset.

Pia mi, Pernille

Me hadde 3 digre ljoskastarar – men utan dimmar! Kunne altså ikkje gjere ljosa svakare enn dei var, dei var konstant kraftige ljosbomber. Måtte finne fleire kreative løysinger for å få bukt med dèt problemet. Masse reflektering, matpapir og anna. Fleire gonger tok matpapira fyr – og me måtte byte dei ut. Skuggar og anna var òg eit problem – men eg synest det blei ganske bra til slutt. Det var utruleg moro å få vere ljosmeistar på ein film av Johan. Endeleg fekk eg vere med bak kamera på ein film med substans! Eg har faktisk hjulpe Robert (frå Lilla) med ein film òg; men den har eg ikkje sett.

Pia mi, Olec og Pernille

Eg vil gjerne at de ser «Pia mi» (høgreklikk -> lagre som…), filmen til Johan og kjem med tilbakemeldingar. Om de blir verkeleg engasjerte så skriv gjerne ein kritikk med substansPia mi-tråden Johan laga på Det Store Dyret. Tidligare spurde Johan om stønad til fargekorrigering av filmen på forumet, og fekk hjelp av noregs beste visuelleffekt-artist Rune Spaans. Denne fyren har jobba med det meste du ser av visuelle effekter på TV2-reklamane og laga effektane til Monstertorsdag. Eit lite utklipp av det han sa om bileta Johan hadde lagt inn frå Pia mi:

Jeg gjorde ikke så mye med kontrasten i bildet, siden jeg synes den var ganske fin. Du har gjort en bra jobb med lyssettingen, det er fine graderinger i ansiktene til personene.

Heh. Ein blir mållaus av slikt :] Skryt frå Spaans. Det er kjempemoro. No var ikkje ljosjobben min åleine, men me gjorde det bra som eit team – blei like fullt glad for den kommentaren der. Så om du ikkje har gjort det allereie; last ned og sjå Pia mi!

For å sjå filmen må du ha ein MPEG4-dekoder. Har du ikkje dèt installer denne kodeken (XviD, for Windows), han er spyware/malware/reklame-fri.

Oppdatert: Det er ein anna tråd om «Pia mi» på akam forumet no. Det er nesten blitt ein Pernille-fanklubb.

Om plassen der filmen ligg er gått over grensa si, kan du laste ho ned her: Pia_mi.avi (Høgreklikk -> Lagre som…). Men prøv den andre fyrst er du snill! :)

21 tankar om “Film, Pia mi

  1. ingapinga

    Ååååh… Den var kjempefin! Veldig koselig film med søt musikk! Den beste kortfilmen (av de korteste :P) jeg har sett! Så dette var bra! Keep up the good work!!

  2. Teirik

    Eg må sei at det va ein veldig fin kortfilm, og det e desidert ein av de bedre eg har sett. Nå eige eg heller lite kunnskap om lyssetting, prestasjoner, redigering etc, men ein ser jo at filmen e bra. Musikken passa og veldig fint inn :)

    «Når eg åpna øynene neste morgen, så va hu der fortsatt«. Genialt seie bare eg :)

    E bare ein ting eg må bemerka ang. den setningen :P Som den kjekke flisespikkeren som eg e innimellom, så må eg bare kommentera at det ska ver då, ikkje når. En gang da, hver gang når (tror eg iallefall). ;)

  3. Odin

    Takk Inga, skal sende det videre! :) Musikken er laga til filmen, som du sikkert fekk med deg i rulleteksten.

    Teirik; :) Ja, det er jo forsåvidt sant. Får høyre med Johan kva han meiner om det. Flott du lika han iallfall! Vonar nokon kjem på ein idè slik at me kan lage fleire kortfilmer.

  4. Teirik

    Hihi, dette ska gå t høgare hold ja? «gjemme seg littegranne ;)Vanskelig å ikkje lika an for og sei det sånn. Og, nei, eg seie ikkje dette «bare forde du va lysmann».

    Ska någen av oss (meine oss fra ullandhaug/hetland, folk rundtforbi vett eg heller lite om :) laga manus t ein kortfilm, så ville eg satsa pengene mine på eppaen. Han e den beste av oss t å skriva vil eg tørra påstå. Einaste som han behøve, tror eg, e ein ide…. Men igjen, det e jo ofte det som e vanskelig å ha/få.

  5. Odin

    Espen skriv på manus no. — Men det er ikkje kortfilm i den forstand; han skriv ei slags dokudrama/humor-greie. Det er meir eit privat prosjekt, av di nett slik det ser ut no har det ikkje større nedslagsfelt enn at me vil lage film.

    Idèen er at det er ein fyr som vil lage eit band, så følgjer me desse tre personane litt utover. Likner kanskje litt på «Get ready to be boyzvoiced» når eg tenkjer meg om. Skal sjå om han heller kan jobbe på manuset på denne sida, slik at det blir litt meir ope.

    Filmane til Johan handlar derimot om små hendingar, og har ofte ei klårt poeng; dei er laga for eit større publikum. Noko ein òg kan sjå på kor langt filmane han har laga er komne.

  6. Teirik

    Han jobbe allerede med et manus ja? Rette maen så jobbe med det iallefall, og an står jo ganske sterkt på humor-delen :) Jojo, men hvis dette e første manuset hans, så e det jo greit å få någe erfaring i manusskriving før ein begynne på litt større prosjekter, aånn at han bler litt tryggere på det, og vett litt merr om koss ting kan gjørs.

    Hmm, trenge absolutt ikkje å ver ein dum ide :) Hadde du fått an t å utvikla manuset på denne siå så hadde det vært sjæfs, einaste som e negativt e at alle vil ha forandringer på diverse ting, og då bler det kanskje litt upersonlig og tatt litt ut av heilheten som espen har tenkt seg. Men igjen så kan ein jo oppnå å få nye impulser og ideer som det går an å spele videre på. Det e jo ein vurderingssak der ein sjøl må vurdere pros and cons.

    Nå har eg vel nesten bare sett denne filmen fra Johan, så eg har veldig lite å bygga evt påstander om, og eg har, for å ver ærlig, overhode ingen anelse på kor langt filmane hans har komt i forhold t diverse ting…

    Menmen, la oss sei det sånn, eg glede meg t å se evt sluttresultat fra dåkkår :) Forresten, eg har ennå ikkje sett den filmen du mekka i median!

  7. Karlsen

    laste ner piafilmen as we speak! filmen t espen bler gudd, spess siden eg har rolle i ann :P ikkje at eg e någen brilliant skuespeler, menmen…

  8. johandyrstad

    Har du noen gang hatt en drøm som var så bra at du var sikker på at den var virkelig? Har du noen gang hatt en virkelighet som var så bra at du var sikker på at det var en drøm?

    Sånn skal det være! Ikke nynorsk! Men men… Kjekt å se at folk liker filmen. Alltid hyggelig med positive tilbakemeldinger. Venter fremdeles på svar fra Dyret-folk (treige folk ass), men inntil da kan jeg holde meg her på «forumet» ditt Odin :]

  9. ESH

    Tror eg har sett ein kortfilm fra Dyrstad på TV-vest ein gang. Kor ann spelte sjøl. Meget stort filmtalent han derne ;)

  10. Monique

    Jeg så filmen nå nettopp. Først av alt må jeg si at lyset var HELT praktfult ;) «hehe Jeg hadde ikke lyd på filmen, men allikevel fikk jeg med meg handlingen, gjennom uttrykkene og kroppsspråket. Historien var helt genial, jeg ble rørt av hele historien =) Fikk en liten klump i halsen, så søt syntes jeg den var =)

    Kan vel si litt mer når jeg har sett filmen med lyd… Men jeg syns den var kjempebra! Har ingenting negativt å si om den, ennå ihvertfall ;) Knall bra!

  11. Monique

    Nå har jeg sett filmen med lyd også =) Og den var ikke så fantastisk som den var uten lyd… Den var BEDRE! Jeg lo og jeg gråt! Den var så fantastsik skjønn! Alle kan kjenne seg igjen i historien og jeg tror det var derfor jeg likte den så godt =)

    Andrea (var med fra Sola) syns og at den var veldig fantastisk! =) Bra jobbet Johan!! Fortsett med det! Helt genialt!! Kjempekoselig film! Fant ingenting negativt med den =)

  12. Rebecca

    Jeg simpelthen elsker denne kortfilmen! Den er utrolig søt og den var kjempegøy å se! Den har hele pakka: gode skuespillere, et godt manus, bra musikk, fin setting etc. Denne filmen er bedre enn mange kortfilmer jeg har sett på kino. Kjempebra jobba,folkens!

  13. Johan Dyrstad

    Hehe… Tøft bilde Odin! Har du flere? (Selvfølgelig har du flere, du knipset jo hele tiden!) Send meg!

    For opplysningen er det bilde av meg til venstre som regissør og fotograf, David Tangen med lyd og Odin med «behind the scene»-produksjonen sin. Hehe… Moro!

    Eller… Tusen takk til folk som liker filmen. Er utrolig gøy å få så mange positive tilbakemeldinger. Kjekt at folk liker det vi lager. Men for all del, har dere noen negative kommentarer/konstruktiv kritikk, så tar vi gjerne imot dette også :)

  14. Skjalg

    Filmen fekk en sekser i karakter. Det er den beste filmen som er laget på Randaberg vgs – og Johan og kompani sto og for en knallbra film i fjor:»Bare meg.Helt alene» Den blir nå vist i hele landet på videregående skoler som ledd i prosjektet «Psykisk helse i skolen».

    Til filmen: Hva kan jeg si, en sekser dekker jo rimelig bra de positive elementene. Merket et lite ustabilt bilde et sted. Reidar (bluesman) bemerker at musikken kunne vært syklisk – det hadde underbygget historien ytterligere. Dette var det negative…

  15. Miriam

    Fy søren! Dette var forferdelig! Bra det var forferdelig bra da :P hehe

    Det er en nydelig kortfilm, og som Monique sa; lyset er praktfullt! :P

  16. Bjarte

    Heisann! Originaltekstforfattar-Bjarte her. No har eg fått kikka på filmen, og eg tykkjer verkeleg dykk har gjort ein kjempejobb. Mykje av den stemninga som eg hadde i hovudet då eg skreiv teksta, er og tilstades i filmen. Det er godt gjort. Lyset er flott, musikken er fin, skodespelarane er flinke. Dykk har vore gode. Eg gler meg til å få filmen i posten.

  17. Odin

    Hei! Kjempekult! :D Takk-takk – hadde eit flott utgangspunkt då. :)

    Korleis fann du fram her? La link til deg frå innlegget, no som eg visste meir enn tittelen på prosateksten.

  18. Bjarte

    Eg fekk ein mail frå Hr. Regissør, med lenke til denne sida. Eit godt utgangspunkt er vel og bra, men dykk skal ha masse skryt for det dykk har gjort med det. Props.

  19. Skjalg

    Og nå er filmen nominert til «Ungdommens Oscar». Om den får pris ser me på onsdag den 5. april. Og i påsken kommer den på NRK Fjernsynet!

  20. Tilbakeping: Amandus, lillehammer - Velmont

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.