Fyrste dag i Kroatsia; Zagreb

Då var me komen til hovudstaden i Kroatsia. Den største byen med nærare 800.000 innbyggarar. Det er ein relativt normal storby i mine augo; så dei store opplevingane lèt vente på seg. Me skal dra sør i landet imorgon, då blir det antakeleg meir å skrive om, men byen har sine særtrek lell. Kroatsia er ein gamal kommuniststat, noko denne byen ber fleire teikn av…

Kroatsia har omtrent 4.5 millionar innbyggarar, så det er like mange folk som Noreg ca. Men folk bur likevel tettare (Noregs største by er ikkje over ein halv million ein gong). Heile landet er like stort som Oppland fylke trur eg. Så det vil ikkje take oss lang tid å kome til dei plassane me vil.

Turen

Eg vakna som sagt av Hege og Siri sin song; eg trur eg var vaken før han starta òg – eg fekk nemlig med meg byrja. Eg sover med øyrepropper, men eg høyrer jo litt – dessutan plar den eine fyke ut. Klokka var 4:50 trur eg, etter ti minutt sto eg opp. Litt seinere sto maxi-taxien klår, og me dro til Sola. På Sola var det faktisk ganske mange folk; eg blei overraska. Men ferien er jo nett starta, så var kanskje ikkje så rart. Eg traff Sissil, ho skulle på chartertur til Kreta saman med mora si som vanleg (trur eg :) ). Sissil skal forresten til Oxford neste år; etter at eg hadde tala så fint om det, sa ho.

Me mellomlanda i Frankfurt, og måtte vere der i fire timar. Det er ein diger flyplass. Ein diger, kei og ikkje minst gamal flyplass. Hekkan det var drit. Om nokon av de seier ”Å, men butikkane er så kjekke!”; vel. Denne flyplassen hadde nokre nedstøva butikker som kanskje hadde vore moro for nokre år sidan; men ærlig talt – dette var keitt utval! I stadenf or å ha eit par butikker med substans så hadde dei heller 2–3 like butikkar nokre hundre meter frå einannan! Ærlig talt, kor teit kan det bli!

Kitty Karina kviler på baggasjen på flyplassen i Split

Zagreb sin flyplass var mykje mindre enn Sola. Det var ein miniflyplass. Kunne eigentleg ikkje tenkje meg at dette var ein by med 800.000 bebuarar. Men det heng vel igjen frå kommunismen dèt; var ikkje så fælt mykje flyreise på den tida kan eg tenkje meg. Tognettet er derimot veldig godt bygd ut. På veg inn til byen møter me nokon av dei styggaste byggningane eg har sett. Me køyrer forbi dei digre gråe flokkane, for å berre finne ut at det kjem eit nytt magasin vonde boligblokkar ein kilometer med gras lengre nede. Desse grasslettene er merkverdig tomme; tatt i betraktning kor utruleg tett flokkane med kommunistblokker er bygd saman. Dei er heilt reine, om ein ser vekk frå dei digre reklameplakatane ein ser eit av kvar hundre meter. Slår meg kor utruleg hyperkapitalistisk slike gamle kommunistiske land vil bli; berre sjå på russland som har nokre av verdens rikaste folk.

Kroatsiske kommunistblokker i Zagreb, utanfor bykjerna.

Kroatsia har vore i krig. Mykje krig. Det er våpenkvile no, men krigen er eigentleg ikkje offisiellt ferdig. Dei er blitt eit meir eller mindre demokratisk land med parlament som strekker seg mot europa. Eg ser godt på folk her at dei ikkje er så utruleg østeuropeiske som eg trudde dei skulle vere; dei unge virker endå meir kopla frå verkelegheita enn me i det tradisjonelle vesten er. Dei har bevega seg frå ei ekstrem side (kommunsimen) og nærmar seg ei anna (kapitalismen). Kvifor ikkje halde seg i midten (vel, litt meir mot venstre ;) ) der det er best? :p Hihihih.

Byvandring

Det fyrste dagen har vore reising for det meste. Me kom fram til eit OK herberg og fekk lagt tinga frå oss. Så har me gått rundt i Zagreb og myst på livet og andre underfundige greier. Zagreb er ein storby så han er eigentleg ikkje noko spesiellt å vere i; mange storbyar er så like. Likevel har han sine særtrekk; er trass alt ein gamal kommunistby. Trikkane dei har her er heilt supre! Eldre skranglebøtter skal du leite lenge etter; men dei er stilige slik.

Byvandring i Zagreb

Temperaturen er utruleg. Det er enormt varmt, men det visste vel eigentleg alle. Skal vere ein hetebølgje over Europa i desse dagar; så me får sjå om temperaturen fortsett å stige. Valutaen her heitter “Kuna” (kn), minner litt om “kroner” eigentleg :p Dei er ganske like i verdi òg, ein får 100 kuna for 89 NOK. Difor rekner eg berre 1:1, slik at 15 kuna = 15 kroner. Åt nett ein diger, herleg is. Den kosta 16 kuna, det seier litt om prisnivået her. Veldig lavt. Trur det blir litt høgare når me kjem ned til turistplassane i sør (Split o.l). Eg har snart take 200 bilete, men eg tok ikkje med meg minnelesaren då eg gjekk ut no. Får leggje ut nokre bilete neste gong. Eg vonar eg har meir å fortelje òg då. Ikkje berre vanlege keisamne byhistoriar.

Har altså ikkje vore dei store opplevingane endå; det hadde eg ikkje forventa heller. Eg veit folk venter på noko litt meir spanande enn dette her, men i dag er det heller lite. Imorgon dreg me som sagt ut av byen. Sør i landet med nasjonalparkar og utruleg natur. Eg trur det vil bli mykje meir spanande når me er ute av byen! Er trass alt ikkje byar som er moro…

Ein tanke om “Fyrste dag i Kroatsia; Zagreb

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.