Gimping, Katrine

Litt kjapp gimping til Robert. Han skal ha eit bilete til ein postmodernistisk film han lagar («Monofunk», eg spelar faktisk i han) av hovudpersonen. Han viste meg bileta; dei var kjempeflotte. Så eg leika litt med dei.

No er for det fyrste Katrine ei så vakker og fotogen jente at ho tek seg kjempebra ut på bilete utan nokon hjelp. Dessutan er bileta Robert kom med teknisk veldig fine òg. Så kvifor eg sit og pusser på så flotte bilete er litt rart. Eg har lura på det sjølv. Men likevel, eg ville teste litt i dei små timar mot avslutningsfesten på skulen imorgon.

Bilete

Gimpa Katrine

  1. Dette er originalbilete. Som de ser; veldig bra. Kryssreferer alle bileta med dette.
  2. Her har eg berre skarpa det opp, og justert levels bittelitt. Dette er noko eg gjer med dei fleste bilete eg viser til folk. Veldig standard bileteredigering. Tek meg ca 1 min å gjere dette. Eigentleg treng eg ikkje gjere meir enn dèt med biletet. Er nemlig fint allereie her. Dette er biletet eg synest er best. Men testing, testing.
  3. Dette laga eg for lenge sidan. Eg skulle prøve å mjuke biletet opp. No ser eg jo at det ser forferdeleg ut :S Uff. Heh. Jaja.
  4. Laga på same måte som det til venstre, veldig enkel overlay med blur, og screen justert åt eit høveleg nivå. Elles har eg laga eit eige lag der eg har maska ut augo; laga meir smell i blåfargen og bruka «color» som blendingmode. Dette er noko eg gjer ofte med bilete, sidan det gjer greie resultat på kort tid.
  5. Hehe. Eg liker dette. Særs enkelt laga. Var det fyrste eg gjorde; berre enkel testing eigentleg. Men eg likar kontrast og utheva trekk. Kanskje eit litt spesielt bilete.
  6. Rubberstamping; flekking, eller kva ein kallar det. Noko eg ikkje likar gjere. Eg har gjort det for mykje på dette biletet òg – sidan skyggen som gjer form til nasa med augo er vekk. Difor ser ho litt annleis ut. Burde lagt på litt skugge der. Men det gidder eg ikkje. – Det du ser her er noko dei gjer i alle moteblad o.l. Som du ser er Katrine særs glatt (og kei, spør du meg) i fjeset no.

Burde eigentleg vist litt betre, men eg tek heller det eg allereie har. Så slepp eg jobbe så mykje ;) Nokre forslag? Kven likar de best og kvifor?

3 tankar om “Gimping, Katrine

  1. Johan Dyrstad

    rHallo på deg! Flere bra versjoner, men det blir vanskelig å avgjøre så lenge vi ikke vet hva det skal brukes til… Så hva skal Robert bruke bildet til?

  2. Odin

    Hehe, det er berre testing. Dei er forsåvidt ikkje laga til noko spesielt. Men han skal bruke det som eit bilete ein fyr har av ho. Eit flott modellbilete om eg hugsar rett. Så det skal ikkje vere anna enn eit bra bilete av ei fin jente. Ho er med i filmen òg – så det er jo greitt om folk kjenner ho igjen :p

  3. Egil

    Det femte bildet var jo stiligst. D framheva merr at selve bildet va stiligt enn at d bare viste et motiv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.