Hack-a-(whole)-day

Nesten iallfall. Eg har hacka store delar av dagen iallfall. Hacka på denne heimesida. Snurrer i hovudet, eg er svimmel. Likar ikkje sitje inne så lenge foran datamaskina. Men er trass alt desse dagane eg får endra på datasystemet.

De vil merke eit par endringar rundt på sida. Eit par eg fekk tid til å gjere i dag. Eg brukte særs mykje tid på å skrive om på ein WordPress plugin slik at eg kunne vise ant. timer eller dagar sidan sist oppdatering. Eg vil at sida skal vere enkel å bruke – og eg har aldri lika datoer spesielt sjølv. Om nokon heller kan fortelje meg ca. kor lenge sidan noko skjedde, så er det mykje enklare. Treng ikkje vere så nøyaktig, berre sånn ca.

No skal det altså bli mykje lettere å sjå at eg har oppdatert ting inne i innlegga. Eg gjer ofte det nemlig. Nokre gonger små endringer, andre gonger legg eg til bilete – ny tekst, og omstrukturerer til store gullmedalja. Elles har eg fått vekk «Russ05» frå headeren, eg har lagt til «streker» på kommentarane. Eg har fått ein eigen farge på min strek (mørkast) slik at de veldig lett kan sjå kva eg har skrive. Med det vonar eg min dag ikkje var sløst heilt vekk! Vonar nokon får bruk for det :)

Redigert: Slik, Egil – no har eg lagt til comment-tracking. Trur ikkje eg vil ha meir i sidebaren no. Hm, må eventuelt kutte litt ned då heller. Eg testa søkjefunksjonen i dag forresten. Han fungerer ganske greitt,—det er berre å skrive /2000, eller eit anna årstal som ikkje finst i arkivet så kan du søkje. Elles kan du berre trykkje herHei frå framtida, det fungerer ikkje lengre. Eg trur ikkje nokon vil bruke søkjefunksjonen då – så difor gøymer eg han…

2 tankar om “Hack-a-(whole)-day

  1. Egil

    Bra oppdateringer Odin. Stå på!

    Ganske hendig å se de siste endringane sånn. Regne me at andre wordpress-brugårre og vil konne dra nytte av denne hendige funksjonen? Mye vil ha mer, og mange vil ha fler, så et feed me både tittel og antall timer/dager ville vært kjekt!

  2. Odin

    Vel. Foreløpig er hack-en så hack-ish at han er laga spesielt for mi side (dvs. hardkoda nynorsk, hardkoda «threshold» på omrekning av timar osb), sjølv om eg har lagt alt inn i ein eigen funksjon.

    Skulle vel eigentleg ikkje take lange tida å lage ein patch eller «proof of concept» til å sende til fyren slik at han eventuelt kan implementere det skikkeleg sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.