Karakterarane byrjar å demre

Etter ei eksamensforbereding til media4 med Kåre kunne ein få vite kva karakter ein ville få i faget. I byrja var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle spørje; eg ville jo sjå han om nokre veker likevel. For å seie det slik, eg var glad for at eg spurde.

For ei veke sidan fekk eg ei melding frå Ingunn Alsåker; eg hadde fått 5-er i Nyere Historie! Wohoo! :D Ein femmer sikra, det var no endeleg bra. Det var eit lyspunkt i det året eg har kjend at alt har gått rett vest. Det som er så vondt med dette året er at det er standpunkt, det er siste viktige innspurten. Eg har ikkje fått nokre klåre signalar frå lærarar om kva eg ligg på. Men av ei eller anna grunn vonar eg det er dårleg.

Mange svingkarakterar

Bjørg Rosfjord (Religion) seier eg ligg mellom 4–5, eg har fått ein 4, ein 4/5 og ein 5, trur eg. Ho ville kunne setje 5-er om eg gjorde det bra no i sluttinnspurten. Det veit eg ikkje heilt om eg har gjort diverre – eg prøvde, men gløymde det fort. Eg har vore normalt aktiv i timane, eg vonar det held. Sjølv om eg realistisk sett trur på 4. Olav Håberg (Media3) har sagt eg ligg frå 4–6. Om eg arbeider med ei oppgåve får eg 6, medan halvtimearbeidet får eg 4 på. Som denne oppgåva eg skreiv særs raskt ein hektisk dag rett før innlevering:

Dette fekk eg røska saman mellom skule, teater, mat, og no – leggjetid. Ikkje ein episk forteljing akuratt – men det er då noko :)

Kor Olav svara;

Normalt ville ei innlevering i dette omfanget gitt kararkteren to – uferdig som det er i form og innhald. Du viser igjen at du forstår meir film enn dei aller fleste. I litt for korte glimt gir du ei sjølvstendig og god vurdering av filmen, og viser at du forstår både bølgefilmens og modernismens ide godt.

Den dagen du prioriterer arbeidet får du betalt. Enn så lenge held eg igjen på toppkarakterane.

Eg vonar eg får 5 i media3, sjølv om 4-eren ligg og skremmer meg. Eg vil ikkje ha 4 i det faget, av di eg veit eg kunne lett ha fiksa 5 i det. Media3 er eit kjempekjekt fag, spesielt av di Olav er ein utruleg flink lærar. Eg har skrive gode ord om alle desse lærarane tidligare – og det er ikkje ubegrunna. Får eg 4 i Media3 så er det ikkje anna enn fortent – då har eg ikkje vist betre reint faglig og kan difor ikkje forvente meir. Eg stoler på Olav. Eg har tiltru til at karakterane han sett er rett, det er verre med andre lærarar:

Den dårlege norsken

Den store syndebukken er norsken. Norsken. Off. Norsken. – Eg snakka nett med Victoria Stensø om det; ho får ikkje meir enn 4 i norsk! Det er jo heilt sjukt. Victoria er kjempeflink i norskfaget og eg kan ikkje forstå kvifor ho ikkje får 5. Janne burde ikkje få noko anna enn 6-er, men ho får 5. Kva får så eg, som alltid har hatt 5-er? Jo, eg får 3… 3 i norsk. At det går ann. Korleis kan ein få 3? 3 får ein når ein er slakk og ikkje gjer noko. Bruk eit kvarter på norsken i uka og få 4. – Eg har bruka meir enn eit kvarter i uka – eg har jo hatt 5-er som mål!

Eg har hatt norsk i 12 lange år no. Og dei siste 3 åra (før dette) har eg hatt 5. Nynorsken min har vore på 4, med innslag av 3-ere som eg normalt har fiksa på slutten av året. No som eg har byta hovudmål, og har mitt gamle 5-er mål bokmål til sidemål får eg 3. Eh. 3? 5 som hovudmål, 3 som sidemål? Nei, noko må vere feil. Det var det òg. Eg fekk faktisk fiksa den karakteren til 4. Betre, men likevel dårleg.—Grunnen var at eg ikkje hadde nok tekstgrunnlag, og at eg gjorde ei dårleg heildagsprøve. Forsåvidt er eg einig der. Men problemet stikk djupare. Karakterane eg hadde fått før det har vore for lave (meiner eg) – eg fekk 3 i nynorsk, og 4 på ein bokmålsstil. Denne stilen blei lese opp for klassa, som lo seg halvt i hjel (var eit kåseri, då er leing bra , altså :p); kor læraren prestera å seie:

Å, han var visst litt morosam lell, denne stilen

Eeeeehh! Kva tyder det folkens?—Jo. At då ho las han åleine synest ho ikkje han var morosam. Eit kåseri som ikkje er morosamt er eit dårleg kåseri. Ho synest altså kåseriet mitt var dårleg. Ho satt 4 på det. Eg var særs missnøgd med 4, dette var då iallfall ein 5-er stil i “gamledagar”! Eit problem er jo at ho ikkje sto fast på meininga si om at kåseriet ikkje var morosamt, – men endra meining. Etter ho hadde sett karakteren. Kvifor skal eg bli straffa om læraren ikkje forstår kåseriet når ho les det åleine, men forstår det fyrst når det blir syna fram for klassa? Off. Det der var vondt. Det øydela ein god del av den lille velvilja eg hadde att til norskfaget etter ho hadde keia det ned til eit eksistensiellt nivå.

Kåseriet var om “ikke-verbal kommunikasjon”, og eg fekk kritikk for å forenkle. Hm. La meg tenkje. Kva skal du gjere i eit kåseri? Jo! Forenkle! Ærh. Nei. Det er berre teit å tenkje på slikt, får akseptere 3 og 4-erane mine. Eg har kanskje berre vore heldig dei andre åra. – Det er altså norsken som har øydelagd særs mykje av skulevilja mi det siste året. Victoria meinte nett det same. Ho som normalt sett er så engasjert og skriv så utruleg bra. Norsken er syndaren!

Oppdatering: Eg har fått konfirmert norsk-karakterane. Eg får 4, 4, 4. Normalt ville eg hatt 5 (hovudmål), 5 (munnleg), 4 (sidemål). Originalt låg eg ann til 4, 3, 3 – men eg fekk heldigvis fiksa munnleg karakter og sidemål. Synest det er synd å få 4 i munnleg norsk. Det er jo noko eg kjenner eg kan ganske godt. Faktisk så hadde eg fått 5 om eg ikkje hadde lidd av stress i den perioda då eg hadde særemnet. Skule/fritid og spesielt norsk gjorde at eg blei sjuk. Veldig sjuk. Eg gjekk til legen, som konstanterte at eg lei av stress. Ho trakk meg frå 5 til 4 på særemnet eg hadde jobba særs mykje med av di eg ikkje hadde framsyninga midt i den perioda eg var sjuk (då eg originalt skulle ha det)… Vel. Litt råttent gjort synest eg. Menmen.

Utdjuping av ingress

Kva meinte eg eigentleg med det eg skreiv i ingress då? No er det nødig ein ingress eg har skrive, men meir eit par linjer for å få folk til å lese innlegget. Eg må lokkje folk slik at dei gidd lese. Kan ikkje vere berre moro å sjå gjennom såpass mykje tekst. Difor sett eg òg ofte bilete inn i teksten for å gjere det enklare og meir sannsynleg at folk les. Så eg prøver meir og meir å la usvara spørsmål stå i starten slik at folk må lese heile teksten for å få svar :p Hehe. Utspekulert.

Men så til sakas kjerne. Tidlig stod eg opp i dag for å kome meg til skulen; eksamenforbereding. Det var visst ikkje obligatorisk sa Kåre – noko eg òg kunne sjå på antall frammøtte. Heh. Få. På slutten av forberedinga kunne me få vite karakterane; eg gjekk som sagt inn. “Veeel, du fekk no berre 4-er på heildagsprøva! Eg hadde førrveintta meirr!”, seier han på “tromsøsk” eller kva det no er. Så. Ein gruppekarakter = 5 frå termin 1, ingen prøve i fyrste termin av di eg var vekk. Eg hadde sagt ifrå om det, og blei litt sint då eg fekk “0” på den prøva. Etter mykje stress fekk eg til slutt “5” i standpunkt i termin 1.

Kåre sa eg låg midt mellom 4 og 5. Og etter ei del ressonnering frå hans side (eg heldt meg for det meste stille) kom han fram til at han skulle “la tvilen kome tiltalte tilgode”, som han sa det. Han sa at viss han ga meg ei prøve med forberedingstid ville eg glatt dra i land 5 der. Så difor ga han meg 5.—Ahh, takk Kåre. Godnyheit. Hadde eg ikkje gått inn for å vite karakteren, rynka på nesa då eg fekk høyre “4” (+ at Kåre visste jo eg gjerne ville ha 5) og stått og høyrd på hadde eg ikkje fått satt opp karakteren. Men det fekk eg altså no. Wohoo! :D 2 sikra 5-ere. Yess. Kanskje avgangsåret ikkje blir så elendig som eg hadde trudd. :)

13 tankar om “Karakterarane byrjar å demre

  1. Jg.a

    Hehe, tør ikkje tenke på karakterene mine eingang :S Ser at du hvertfall har jobbet mer enn meg med fagene. Off! Det er jo sant at når en føtst blir takla ned i en dårlig karakter i et fag en takle så miste en mye av lysten til å kjempe videre.

    Det er ofte slikt at når en står foran de og diskuterer karaktereren så lar de tvilen komme tilgode og vipper den litt opp. Kanskje det har noe med å gjøre at det kan virke som om en kjemper for karakteren når en møter opp slik.

    Uansett lykke til videre og gi ikkje opp så fort ;)

  2. Egil

    Eg må sei meg enige me d om norsken; d e difinitivt d minst motiveranes og kjedeligste faget. Ein ting e for oss som har ei skikkelige lerårr i d, men for deg må d jo ver ennå værre. Ole hadde ein lignande erfaring som deg ein gang han leverte ein stil på gk. Lerårren han hadde på ungdomsskolen forsto an fint, men hu? Nei.

    Norsken har jo hatt sine lysponktårr d og, men d blir et altfor tungt fag. Samtlige andre fag har ein eller flerne interessante sidår, men at han og han skreiv sånt, hu skreiv sånt, og så skjedde d sånt me språget og så plutselig kom dår sånt og så ska me analysera d og skriva d på et språk me aldri har fått skikkelig undervisning i fordi blablablab…..

  3. Odin

    Sant, sant Egil :) – Men ein ting eg ikkje har skrive om er at ho klåra miste norskmappa mi! Det er jo maks krise. – Men eg fekk jo karakter likevel, så det gjekk vel. Håper berre ikkje ein idiotisk sensor trekk meg i karakter av di ho mista mappa.

  4. Odin

    Ja. Eg skreiv det saman med eit ark eg ga med. Skreiv at mappa forsvann, eg leverte ho, – men ho er vekk no. Så eg la ikkje skuld på nokon. Det kan eg heller ikkje gjere utan bevis, så :p

  5. Odin

    Sant nok. Det eg alltid seier til mamma. — Er jo berre karakterar. Dei har ikkje mykje å seie. Ein kan få til alt så lenge ein vil det.

    Eg lar ikkje karakterane gå inn på meg reint psykisk – men likevel er jo karakterar eit diskusjonsemne i slutten av tredje. :)

  6. Karlsen

    joda sant det.. heller gode enn dårlige.. men har hatt stor mangel på motivasjon i år… merka det seinast på eksamen :P

  7. Skjalg

    Som lærer på Randaberg vgs (og i høst også på Hetland) så må jeg jo si meg enig i Odins kommentarer. Hetland er i en særstilling – kompakt skole med godt læringsmiljø! Måtte den leve lenge!

  8. Bjarte

    Reidun kjenner eg ikkje til. Men eg hadde i si tid eit lit anstrengt forhold til Bjørg. Ho var klasseforstandaren vår i to år. Det var to år for mykje for mange av oss.

  9. andreas

    Har selv hatt olav som lærer. En fantastisk lærer som er en av grunnene til at jeg nå studerer medievitenskap ved uib. Olav er uten tvil en av de aller beste lærerne på Hetland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.