Kitty Karina 8 år

Den beste lillesystera eg nokon gong har hatt er blitt heile 8 år i dag. Det er 10 ½ år mellom oss. Ho blei 8 i går, 17. juni. Me var på Havanna badeland, dagen før tok eg ho med på bowling, og i dag skulle eg eigentleg ha laga ein CD til ho.

Bowling

Malen på bowling!

Meg, Espen, Kitty Karina (KK) og Malén var på «Åsen Bowling». KK eigde alle, og vann båe rundane. Eg kom på ant siste og siste plass. Sjølv var eg òg den einaste som klåra å få 0 poeng, fekk det tilogmed to gonger. Elles fekk eg fleire gonger berre ein kjegle ned o.l. – Kan eigentleg konkludere med at eg ikkje er nokon stor bowlingspelar. Men det var slett ikkje lenge sidan eg slo til med 3x X (strike, i Frankriket) i starten av eit spel. Etter det trudde eg vel plutseleg at eg kunne spele bowling; og prestasjonane gjekk deretter (dårleg). Her er lista over poeng:

Namn Runde 1 Runde 2 X og /
Kitty Karina 111 100 2 / 4
Malén 67 87 0 / 1
Espen 101 98 2 / 4
Odin 96 71 1 / 5

Espen var altså ikkje så utruleg langt vekke, medan eg måtte sloss meir med Malén om plassen min. Når sant skal seiast så gulla Espen noko sjukt mot slutten. Eg leda over han største delen av fyrste runde ;)

Havanna badeland

Kitty Karina, munnen open

Eg var ikkje heilt lysten på å dra for mi eiga del. Magien med slike plassar er diverre ganske fråvêrande no. Hugsar kor glad eg var i badeland i gamle dagar. Men var KK sin bursdag trass alt, så eg kunne jo gå for hennar del. Var eigentleg ikkje noko stort problem; men eg måtte dra meg opp frå stolen :p Me reiste til Sandnes og såg etter ein matstad. Til slutt havna me på NBSD i Vågen. Steikje dyrt. Men god mat. Kitty Karina fekk heimlaga is av di ho hadde bursdag. Utruleg god is.

Havanna såg ikkje ut til å ha vore gjort noko med på lenge. Same gamle plassen, berre mykje meir forfallen enn kva han var sist eg var der. Det kan godt vere det berre er eg som er blitt eldre og klårar sjå plassen heilskapleg. Skitne veggar. Slitte golv. Mangel av ljos fleire plassar; blått, mørkt og kaldt. Dei har tilsett tre utruleg flotte jenter til å jobbe – kanskje for «pynte» opp på ein enkel måte? Men det hjelper ikkje noko stort når heile stemninga på plassen er laber og ikkje særleg lystbetont. Med berre nokre få ringar til den store vannsklia må ein stå i kø for å få ein.

Vel, ting var strengt take ikkje skitne – det virka slik. Meg og Falke gjekk ned i romerbadet. Det er jo 18—års grense der, så eg hadde aldri vore der før. Det var ein rolig plass som var mykje større enn det eg hadde trudd. Plassen var prega av fordums storskap; men dagens forfall. Likte meg iallfall ganske greitt der, var kaldare – og roleg. Var ein kald stamp, herleg å take ein dukkert i. Me snakka, sat i boblebad og tok det roleg. Før me gjekk ut igjen og leika i skliene med Mariann og Kitty Karina. Det gjekk utruleg fort, var ganske moro faktisk. Mariann datt ut fyrste gongen; eg visste ikkje det ville gå så fort :p Men sidan eg er så tjukk går det tydelegvis raskare.

CD?

Eg må få laga den CDen til Kitty Karina. Eg gjer ho alltid det. Får lage han imorgon tidlig. Det som er mest stress er jo alltid å finne ut kva eg skal leggje på. Her er ei foreløpig liste:

  • Akon – Lonely
  • Cloroform – Imaginary Girlfriend
  • David – Wild at heart
  • Christian Walz – Wonderchild
  • Gavin DeGraw – I Don’t Want to Be
  • Jorun Stiansen – This Is The Night
  • Maria Arredondo – Mona Lisa Eyes
  • WigWam – In My Dreams
  • Ronan Keating – If Tomorrow Never Comes
  • Kent – Max 500
  • Kurt Nilsen – A Part Of Me
  • Brian McFadden – Real To Me (Oppdatert, nedover her er nye songar)
  • Ravi og Dj Løv – Dødssøt
  • Westlife – Mandy
  • Fool’s Garden – Lemon Tree
  • Gaute – Miss you when you’re gone
  • Margaret Berger – This is perfect
  • Chesney Hawks – The One and Only
  • Kaada – That’s Life O-Oh
  • Jostein Hasselgård – I’m Not Afraid To Move On
  • Lolly – Mickey (frå Monique)

Speletid: 80 min

Gjerne kom med kommentarar på denne lista! Eg har alle Absolute Music 0–47, så lurar på om eg berre skal brenne heile plate 47 ut som ein ekstra bonus. Der er det jo masse musikk ho vil ha. Eg har take med noko bra musikk (Cloroform, Kent og Kurt Nilsen (som eg òg trur ho likar)) og noko litt eldre. Men eigentleg er alt inne for triksing og miksing; einaste songen eg ikkje tek vekk er Imaginary Girlfriend. Den står. Så, skyt laus!

14 tankar om “Kitty Karina 8 år

  1. Hege

    Fint skreve om dagen din på havanna åg bowling :P..og eg likte at du Kritiserte havanna ganske møye , der e me begge enige om någe :D heheh ;)

  2. Teirik

    Både du og Espen skuffe litt på bowlingen, Odin :) Syns nå du va bedre enn dette i 9. med finnene :)

    Off, havanna… kapittel for seg sjøl det.. Lenge siå eg har vært der, og håpe det e lenge t eg ska der. Den lille underliggande mistroen t havanna har bare blitt forsterka i dette skriveriet her :S Litt synd egentlig, stavanger burde jo hatt et ganske fint badeanlegg…

    Angåande cd’en, hmm, musikk t 8-åringer e ikkje så lett som ein burde tro.. Tror du velge klokt når du velge absolute music ;)

  3. Monique

    Kan jo ikke akkurat si at jeg har peiling på hva slags musikk lillesøsteren din høre på,men du kan alltids prøve å ta med noe av Hilary Duff,Jessica Simpson,Lindsay Lohan,MGP jr. Hits for kids(finner alltid noe de liker der=) det er hvertfall det lillesøsteren min hørte på når hun var i den alderen. Idol folkene slår alltid an;)Men listen din ser bra ut så langt! Ellers håper jeg søsteren din hadde en fin bursdag=) Hu ligne på deg;)

  4. Odin

    Hege, hei! ;D Moro å sjå at de er innom regelmessig. Det er forresten to forskjellige dagar, etter einannan. Eg fekk kanskje ikkje det klårt nok fram?

    Teirik, altså – Absolute Music 47 er berre ein ekstrating. Det er ikkje den normale «up-to-date» cd-en eg plar gje ho.

    jurg, hihih. :) Må jo samle på Absolute Music. Er jo kulturarven vår!

    Monique, me kjøpte MGP jr. saman for litt sidan. Den har ho. Eg har Hits for kids 4 og 6, men eg gidd ikkje kjøpe slik drittmusikk meir. Lastar ned dårleg musikk; det held å kjøpe bra.

    Er berre unge pene jenter du har lista opp av namn der; men med dårleg musikk (trur eg). Får leite etter dei og sjå om eg finn noko av dei på nett. Diverre er det vanskeleg å finne dårleg musikk på nett; finn for det meste mindre, men betre band.

  5. Teirik

    Odin, eg ska se om eg finne någen sanger sånn pronto…

    Apropo den kommentaren t monique, så tar du å generalisere unge pene jenter veldig.. någen av de kan faktisk synga.. ;)

  6. Odin

    I kommentaren til Monique seier eg dei jentene har dårleg musikk. Altså; ikkje snakk om jenter på generell basis; og ikkje snakk om songstemme. Så alt feil Teirik.

    Elles har eg funne ut at den lista der er 44 min, – så det er plass til nærast 36 min ekstra!

  7. Monique

    hehe,etter min erfaring så er det disse såkalte «unge,pene jentene» så jenter like å høre på. Trenger ikke være særlig talentfulle,men sangene slår jo an;) Disney musikk er også et alternativ! ellers er det en sang som jeg likte før «Lolly-Mickey»,i tilfelle du hadde lyst til å prøve den;) lykke til med å lage CDen=)

  8. Odin

    Jorun? Ja. – Det er til Kitty Karina; ho fulgte med på Idol. I motsetning til meg som omtrent ikkje veit kven det er. Anna enn at ho vann og har ein rar dialekt frå nær-kristiandsand. Ho vil vere glad for den keie songen :)

    Eg har forresten oppdatera lista. – Fekk ein song tilsendt frå Monique; så den puttar eg på CDen. No mo eg take vekk songar om eg skal leggje nye til. Om nokon vil kome med nye forslag må de altså finne songar å erstatte. – Skal gjere det Johan :)

  9. Espen Aarhus Klausen

    «Når sant skal seiast så gulla Espen noko sjukt mot slutten.». Ska du fysst skriva om meg, sei at eg suge, på ein indirekte måde :( Ellers tror eg at ballen va besatt, pleie som regel å få 190 plystre

  10. Miriam

    Jeg må bare si at den siste sangen (Mickey) er veldig viktig i en jentes oppvekst. Neida:P hehe, kjempekult at du lager cd til henne. Skulle ønske jeg hadde hatt en storebror som hadde gjort sånn til mag da jeg var liten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.