Kroatsia andre dag; Split

Då har me reist frå Zagreb og kome oss lengre sør; Split er ein totalt forskjellig by enn Zagreb. Det blei ein ny dag der hovudinnhaldet var reising, men likevel ein moro dag. Den kroatsiske statsbanen imponerer verkeleg. I Split har me fått eigen leiligheit me bur i til 300kn natta, 100m frå gamlebyen.

Byen her er ganskje forskjellig frå Zagreb som sagt; men før eg keier dykk med det så skal eg skrive litt om kva me har gjort i dag. Eg har stukke frå familien, som ligg i leiligheita me har skaffa, og sprunge inn i byen for å finne ein internettcafé. Diverre var han ikkje særleg stilig denne her; dataoppsettet er fiksa på. Eg kan ikkje gjere ein drit. Er inne i eit eige “webcaféprogram” der eg ikkje kan forandre tastaturoppsett eller sjå minnekortet eg har med. Kan med andre ord ikkje gjere andre ting enn å surfe. Dei skrytte av at dei hadde 1.5mbit linje. Vel, me har 2–4mbit heime; og dessutan verka dette meir som modem om eg skal vere heilt ærleg. Same kva, eg får skrive litt medan eg her og det kostar pengar. (20 kuna timen, altså 8 kuna meir enn den flotte plassen i Zagreb)

Oppdatert: Eg har funne eit betre cafè (dette er dagen etter, så eg har fiksa litt på æøå osb), skal sjå om eg kan hacke nokre bilete inn òg.

Eg vakna kl 06, det gjorde båe mamma, pappa og Falke óg. Rommet var særs bråkete, så det var sikkert ein diger bil eller noko som køyrde forbi kl 06, sidan så mange vakna då. Me hadde diskutert om me skulle take tog eller buss. Tog er mykje herligare, medan buss visstnok skulle vere båe raskare og billigare. Etter ein frukost der eg hadde omelett og sjokoladepannekake dro me til togstasjonen berre for å sjekke. Det viste seg at det blei billigare enn buss; så me gjekk der.

Toget var særs fint; eg hadde forventa noko verre, eigentleg. Den statlege statsbanen overraska allereie der. Me sat oss ned; og etter litt kom dei med kaffi. Gratis! Woow. Greitt nok at me hadde betalt for turen, men det var ikkje særleg dyrt – dessutan får me aldri slike frynsegoder med NSB. Toget glei videre av sted medan me snakka om stort og smått; mamma og pappa las Espen sitt manus. Eg teikna ein av scenane til det, start av scene 2 trur eg.

Kitty Karina og Odin på toget frå Zagreb til Split

Plutseleg kom dei med “sandwitch” til oss. Mamma trudde som vanleg at me måtte betale og stressa med å dra fram lommeboka; men det var til lita nytte. Gratis ;) Hihih. Cola måtte ein derimot betale for; men skulle berre mangle. Toget tok ein 5–6 timar, sjølv om det ikkje kjendes slik. Var eit flott tog; og fin natur utanfor. Mange hus som var øydelagde etter den siste krigen. Eg las litt i bøkene me hadde med om Kroatsia, så eg har litt betre peiling på landet no. Veldig interessant eigentleg.

Me drog frå Zagreb, som ligg nord i landet, midt inni på ein måte. Zagreb er påverka av Europeisk (Tysk og Nederlandsk) kultur – og dei verker utruleg like oss. Ein anna ting eg ikkje fekk skrive om i går var uteliggere og tiggere. Kva ser ein i Oslo? Jo masse tiggarar. Kor mange såg eg i Zagreb? Ingen. Det forbausa meg; ingen. Men med den kapitalistiske ekspansjonen me ser no; og faktum at dei vil inn i EU gjer nok mykje med den situasjonen framover.

Split, som me er i no, er derimot påverka av søreuropeisk kultur. Denne staden har fleire likheitstrekk med Hellas, Italia o.l. Arkitekturen er forskjellig; folk er forskjellig. Medan dei er “norske” reint sosialt i nord, er desse folka mykje “friare”. Alle veit italienerane er bråkete og veiver med armene som nokre andre ballerinaer; slik er det her. Stemninga er utruleg annleis frå Zagreb; annleis frå Noreg.

Byggning i Kroatsia, Split - typisk for denne byen

Då me kom til togstasjonen blei me rent over av privatfolk som ville hjelpe oss med plass å bu. Mamma og Pappa starta snakke med nokon, og fekk ein leilegheit. Dei hadde plass til 3 originalt; men sa dei hadde eit ekstra rom. Dette rommet var inni huset deira, det var veldig lite koseleg. Me flekka heller inn to madrasser, så kunne me sove på golvet.

Denne byen er som sagt rend over av turistar; medan me ikkje såg stort andre enn dei svenske jentene i Zagreb skal ein ikkje gå særleg langt her før ein høyrer norske stemmer. Det gjer jo òg noko med prisnivået, som er nokre hakk høgare enn tilfellet i Zagreb.

Eg lurer på kvifor ingen kommenterer; men eg har ei viss peiling. Sidan eg skriv på internettcafèar i kei referatform er det sikkert ikkje særleg interessant å lese. Medan eg heime brukar mykje meir tid på det eg skriv (eg les faktisk gjennom det eit par gongen før eg publiserer), så går alt rett ut her. Innhaldet er antakeleg for bredt og lite spesifikt til at det blir plass til detaljar. Hadde nok vore betre å skrive om små hendingar i staden for å presse for mykje inn på for lita plass. Men det er litt vanskeleg :) Same kva, skal få sjå om eg kan få opp nokre bilete no iallfall. Eg sov forsåvidt veldig godt den natta – øyreproppane fungera skikkeleg her i Split (eg hadde problemer med dei i Zagreb; trur det var noko rart med luftfuktigheten).

11 tankar om “Kroatsia andre dag; Split

  1. jurg

    Joda, gudd å lesa dette Odin… hørres ud som om du har det rimelig gøy :) Gøy me bilder og, post flerr!

  2. Odin

    Flott å vite at det ikkje er heilt ubrukeleg av meg å bruke pengar på å hacke midt i fina vêre :p Denne internettcafèen var flott då; kjem til å bruke denne så lengje eg er i Split.

  3. Teirik

    Ser vakkert ut, og det høres veldig gøy ut :) Fint vær? Sjæfs, men du hadde ikkje trengt å dratt heilt t kroatsia for å få det ;) E blitt fint ver her og :) Hadde du vært i Norge, så hadde du vært gledelig invitert t fotball tidligere idag :P

  4. Odin

    Nja, vêr er ikkje alt. Det er reisinga, stemninga, problemane, stresset, avslappinga, menneskja, plassane, naturen, opplevingane osb som er viktig ;)

    Ahh. Er seriøst herlig her. Kjempeflott. Eg har det utruleg moro. Sjølv om eg er solbrent.

  5. Teirik

    Hehe, sant nok, du lere jo ganske mye om ein aen kultur når du reise t sånne plasser.

  6. Egil

    Teirik: Fint ver i Kroatia overgår d i Norge som d holde. Når solen steige der nere så ska eg lova deg at d blir hett. Då e d bare å hoppa i vannet, ta ein is i skyggen (isen e sykt goe der nere. Ein iskula koste 4kn bare :D) eller stikka inn i et rom me aircondition. Ein av dagane var me så varme at me hang i lobbyen på et fremmed hotell me medbrakt drikka og kjølte oss ner. :p

  7. Teirik

    Hehe, hørres herlig ut egil :) Gøy i Kroatsia for deg og? Du e ikkje lika brun som ein brannbil eller? :P

  8. Egil

    Va gudd jah. Nei, eg e faktisk tilnærma liga kvide som eg va når eg reiste. Lønne seg å smøra seg gudd me solkrem ;) Har lært gjennom mange år me brente hud :p

  9. Teirik

    Hehe, sjøl om du e del-inder, så e du krittkvit t vanlig jo… merkelig :) Jaja, godt du tar forhåndsregler, men litt farge hadde du hatt godt av ^^

  10. Egil

    Sant, men ikkje rosa ;) Hehe, sjøl pappa e jo krittkvide te vanligt. Bare Fredrik som har någe farge.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.