Då dreg eg til Kroatsia

Eg vil vere vekk fom. i natt til 5. juli. Eg skal til Kroatsia med familien, minus kattene (ja, dei er del av familien). Falke skal trene vannpolo i fem dagar (han er på juniorlandslaget ^^); resten skal me loffe rundt på div. billige hærberg/hostell/pensjonat. Åå, eg gler meg!

No er det ganske lenge sidan eg har reist utanlands. Sist gong var då eg kom frå Oxford trur eg. Det vil seie eit heilt år! Sjukt. Men økonomien har vore slunken etter den to månadar lange Kina/Vietnam-turen som familien, minus meg og kattene, tok. No er det altså klårt til tur igjen! YEAH! Det blir supert!

Kroatsia er blitt eit heitt reisemål. Kamerat Egil reiste nett ned, og skal vere der i to ukar. Eg er altså ikkje åleine; sjølv om eg ikkje trur me skal innom byen han heng i.

Kattene er heime åleine; Søren Christian (naboen) skal lukke opp døra for dei ein gong kvar morgon og kveld. Så får dei gå ut, eller inn slik dei vil.

Reise

Me reiser imorgon kl 6, då går flyet. Så me må stå opp 5, eg set sjølvsagt pcen til vekking; startar med Siri og Hege som syng «Distance» (som vanleg), resten av musikken kjem tilfeldig. Er den beste måten å stå opp på; trur ikkje det skal bli eit stort problem. Eg har endå ikkje pakka, men det er ikkje noko problem. Er berre nokre få ting eg skal ha med;
* Sandalar (på ved avreise)
* Klede
** Bukse, t-skjorte, skjorte og undertøy (på ved avreise)
** Shorts
** 2 t-skjorter
** 1 skjorte
** 2 sett undertøy (bokser, sokker)
** Badebukse
** Lett jakke (?, på ved avreise)
* 1 Nikon D70 kamera (med kit-linsa)
** Fotobag
** 2 minnebrikker (1 GB kvar)
** 70–300mm linsa
** Kortlesar
** Batteriladar
* Lommebok
* Supert reisehumør (treng eigentleg ikkje hugse dèt; kjem automagisk ;) )

Resten satsar eg på at andre har med; eller at eg finn det i Kroatsia (handkle osb). Må reise lett, eg synest sjølv 2 klessett er litt mykje, men kjenner eg mamma rett må eg vel.

Internettcafè og oppdateringar

Ja, eg skal prøve å få lagt ut reisebrev. Eg veit ikkje korleis internettstoda er der nede; men eg antek det er eit par nettcafèar rundtom. Plar nemleg vere det (var tilogmed i Kina og Vietnam, så…). Om de er verkeleg heldige så kan eg kanskje få lagt ut nokre bilete òg. Det blir isåfall utan dei flotte skuggane, har ikkje tilgang til Gimp der nede.

Jørgen (Jg.a) er i «syden» som det så fint heitter. Eg har gjeve han løyve til å leggje ut reisebrev om han har lyst. Så kan godt hende det kjem eit eller anna frå han òg. Eg tenkjer det vil vere greitt med slike gjestebidrag i stille perioder og spesielle høve.

Mamma og Pappa stresser noko sjukt. Eg forstår ikkje kvifor. Plagsomt. Plagar meg, «gjer ditt, gjer datt». No har eg nett rydda opp etter KK sin familiebursdag; som om ikkje det var nok. «Pakk no, pakk no»; eg klårar fint pakke seinere. Er ikkje slik at det er vanskeleg å pakke – det tek nokre få minutt. Menmen, eg får pakke då. Elles gler eg meg til turen; ser dykk igjen om 12 dagar! ;D Ha det moro medan eg er vekk, og ikkje gjer alt for mykje tull! Klem ;p

9 tankar om “Då dreg eg til Kroatsia

  1. Miriam

    Kult at du legger ut liste av hva du skal ha med deg. Litt overraska over at du ikke har pakka ennå, men, men :P Du får ha det superkjekt og kose deg masse! Kommer til å svane deg, vettu:) Klem fra Miriam:P

  2. Teirik

    2 klessett e vel akkurat perfekt ;) Håpe på oppdatering fra kroatsia då, e jo ein liten stund du e vekke, og der e nok flust av ting som skjer i kroatsia :)

    Hmm, hadde ikkje vært domt å våkna t den musikken nei.. einaste e at pcen står i stuå og eg sove på rommet…

    Uansett: Du må ha god tur og kosa deg, skjøl om eg ikkje tror det blir någe problem.. Så får du hilsa falke og, og ønska an lykke t ;)

  3. Espen Aarhus Klausen

    Klassisk Odin å pakka i siste sekund! Såve du ikkje me øyrepropper på? :P Eller går du mentalt te verks og stille håve te vekking fem minutt før fem, sånn at du kan forbereda deg te denne magiske sangen (som eg aldri har hørt). Ellers avhenge vel resten litt på ka slags volum det blir starta på, hvis du sko ha propper i øyrene.

    Men alligavel, ha det superfantastisk i Kroatsien, bli brune, ta bilder, kjøb is, spre kommunistisk propaganda. Ha ein fin tur :)

  4. Odin

    Spreier nok heller lite kommunistisk propaganda :p Eg er ikkje for kommunismen slik han har utarta seg med sovjet o.l. (sjølv om det ikkje var ekte kommunisme då, det var jo eit diktatur).

    Elles høyrer eg faktisk litt gjennom øyrepluggane; så det er ikkje noko problem. Som eg skreiv i det nye innlegget så vakna eg fint av det flotte songen til Siri og Hege. Du kan jo forsåvidt laste han ned (er jo linka til han i innlegget!). :)

  5. Simon

    Jeg vil bare minne om at «automagisk» ikke står i bokmåls- eller nynorskordboka. :)

    Ellers god tur.

  6. Egil

    Tetag å ha me så lide kler då. Må jo vaska heile tiå. Eg hadde vel me meg 10 sett me undertøy og tsjortårr og alle blei brukt iløbe av den eine ugå eg var der. I den varmen holde ikkje klernå seg.

  7. Odin

    Pøh. Eg går i dei same kleda i fleire dagar som ein skikkeleg mann. Dessutan går ein jo så mykje i berre badeshortsen at det ikkje gjer stort… :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.