Lukke.

Lidenskapleg Utruleg Kult. Kollossalt Elskeleg.

Eller berre Heilt. Utruleg. :D

Odin, lukke, Hetland avslutting, med glas

Hetland gjer ut stipend. Eit til beste elev. To til to elevar som har bidratt spesielt til skulen; mtp. sosialt miljø o.l. Den beste eleven er ikkje vanskeleg å trekkje; det er mattematikk. Det andre stipendet er vurdert. Lærarar kjem med innstilling, ein høyrer rundt kva lærarane synest om eleven; og til slutt finn dei ut kven som har bidratt spesielt positivt til skulen.

Eg drøymde om stipendet. Det er ein ting eg ville ha satt utruleg stor pris på; å få høyre at ein blir sett pris på, og at nokon synest ein er viktig vil vere det ultimate. Det ultimate. Ingenting er viktigere for meg enn andre. Ein kan vere så mykje åleine ein vil; men ein blir ikkje lukkeleg av det. Eg blir ikkje lukkeleg av det. Aller beste er å vere med andre, hjelpe andre, gjere andre glad. Å gjere andre glad gjer meg glad. Det er diverre ein klisjè, men akk så sant lell. – Å få høyre frå skulen at ein gjer andre glad? … Supert. Fantastisk.

Skulen meiner eg har vore viktig for dei. Dei meiner eg har gjort ein god innsats for miljøet på Hetland. Dei vil gje meg spesiell ære for det. Eg vil få papir på det. I tillegg kjem 10.000 kr. Dei er tilstades for å legitimere og gje utmerkinga substans. 10.000 kr er ikkje lite pengar. Det er veldig mykje. Særs mykje. Likevel er dei i seg sjølv berre pengar. Men dei er symbol på noko større. Rolla dei spelar, slik eg ser det, er å vise at utmerkinga ikkje berre er ord; ho har verd. Det er knytt arbeid i overført tyding (pengar) til æra. Dei kan ikkje gje slikt til alle; det er sterkt einskilde midler. Noko spesielt, noko med substans.

Difor eg er glad. Med tyngde har Hetland offisiellt sagt takk Odin. Eg er glad eg skreiv om kor glad eg var i skulen før eg fekk høyre det tilbake. Eg er glad de leste det; då er det ingen tvil om min habilitet. Ooh. Eg er berre så lukkeleg :D Ekte lukke. Ekte, ekte. Dette er ikkje lotto-lukke. Dette er sannferdig basislukke. Ikkje noko eg direkte har gjort meg fortent til (det har eg ikkje), men noko andre har meint. Uavhengig av meg har dei sagt noko om meg, uavhengig takka. Eg klårar ikkje formidle halvparten av kva eg kjenner; men WOW! :D Det er ein god kjensle.

Haha. Eg har vore heilt rar i dag etter dette! :D Eg måtte skrike i bilen på veg til Folken; eg har syngje, eg har glist uhøveleg mykje. Det er noko av det finaste eg nokon gong har fått oppleve. Eg har hatt det kjempemoro på Hetland; og dei takkar meg tilogmed for det! Ååå! TAKK! :D Takk alle som les det eg skriv. Spesielt takk til Tor Eirik, som er heilt klårt ein av hovudgrunnane til at eg har denne sida. Det kiler inni meg. – Eg er så glad for dei eg går på skule med; utan dei hadde ikkje prisen tydd noko. Denne sida er òg utruleg viktig, eg kjenner meg verdsett. Det er de som gjer det viktig for meg. Hadde de ikkje tydd noko for meg hadde eg ikkje kjend meg slik eg gjer no. Er nemlig de som har gjeve meg lukka; er dykkar ære. Det er så synd; eg klårar ikkje formidle kjensler – det blir platt og klisjè. Eg er ein ekte postmodernist; ord har inga tyding. Men prøv likevel å forstå; eg meiner det.

12 tankar om “Lukke.

  1. Teirik

    Det e bra at du e gla, for dette e ein pris du virkelig fortjene :) Ingen andre på skolen va eingang i nærheten av å yte så mye som du ytte, og det beste va jo at du ikkje ein gang tenkte på evt. stipend når du hjalp hetland på de måtene du gjor. At du (og Audun, me må ikkje glemma han heller på dette punktet) steppa inn som medialerår uten et knyst når Kåre va syk, e jo bare fantastisk i seg sjøl. I tillegg fekk du skryt av elevene (de eg snakka me iallefall) om arbeidet du gjor, at du va go som lerår, at du lerte de ting. I tillegg t å ver medialerår har du jo gjort merr. Du har promotert Hetland på forskjellige vis. Når Kr.lyst sko ver på Hetland for å se koss ting va, kem va det som stillte opp? Jo, det va deg, Odin. Kem e det som alltid har kommt med sine positive meininger om Hetland når han har blitt spurt? Jo, det e deg, Odin. Kem e det som har vært mest i media i VK2? Eg e sikker på at det og e deg, Odin ;)

    Du har fortjent denne prisen! Ingen har vært i nærheten av deg eingang på dette området. Og ja, på tirsdag seie Hetland Vgs. offisielt takk. Foran ~300-400 elever (e ikkje sikker på det antallet, men satse på at de fleste stille opp iallefall)!

    Eg må bare sei: Dette e stort! Me gratulere Erlend med 5000,- i stipend for beste elev, som og e ein ufattelig stor prestasjon, men det e likevel ikkje av disse dimensjoner (No offense Erlend, eg misunne deg for den prisen, det e sjæfs å få, og fytte katta for ein prestasjon). Du har vært uegoistisk, promotert og hjulpe hetland i ei vanskelig tid, og på tirsdag seie de offisielt takk! Du har all rett t å ta dette t deg!

    «hihi, Teirik e gla på Odin, Audun og Erlend sine vegne :D Stolt av å kjenna dåkkår folkens, dette e ein prestasjon uten like! Nå vett eg ialleflal at eg har vanka i de rette kretser ;)

  2. Egil

    Eg får føya te i T’Eirik sin lista at me heller ikkje hadde skreve norsk tentamen og eksamen på pc uden hjelp fra Odin, så d ekje bare media-elever og småtroll fra Kr.lyst som har fått gleden av hans arbeid ;) Odin e et prakteksempel av ein elev i Hetlands visjon; best på læremiljø!

  3. Teirik

    Eg visste der va et punkt eg glemte :) Odin ska ha æren for den og, og dette va ein virkelig banebrytende ide. At han i tillegg argumenterte seg fram t at me sko få ha det på eksamen, synes eg e ein flott prestasjon så eg vett mange sette pris på. Såklart e der någen motstandere og, men de fleste synes dette va ein veldig positiv ting!

    Eg holde med Egil i den siste setningen hans:

    bq. Odin e et prakteksempel av ein elev i Hetlands visjon; best på læremiljø!

  4. jurg

    Teirik og Egil har sagt det me alle syns og føle, så for å føya te min egen meining: Odin, det har vært ein ære å få gå i klasse me deg i to år :)

  5. Odin

    Åhh. Hih. «Sjå ned, det var då stort då. «Rødme. Blei litt mykje dette :p Veldig glad for det :D Takk! :D

    Eg fekk snakka med rektor om det; dei skal ha datamaskin neste år òg. Eg snakka jo saken for heile skulen, eg var klår på dèt. Difor blei eg veldig glad då Torolv sa dei ville fortsette med det slik at neste års elever får ha same eksamen. Kanskje dei kan ha sidemålet òg på data? Det får neste års studenter fikse – eg veit ikkje om det går automatikk der ;)

    Same kva, det er langt ifrå berre min ære det med datamaskin på eksamen; utan ein skule som sett pris på elevarbeid og utan elevrådet (som gjekk i alle basisgruppane og høyrde om folk ville ha det) hadde det ikkje kome særleg langt. Det er Hetland som gjer det mogleg. :)

    Men det er uverkeleg endå :D Eg har fått ei utmerking på grunnlag av oppførselen min! Trudde me berre blei straffa for den i dagens Noreg eg… :p

  6. ESH

    Grattis Odin. Velfortjent så det holde. Spesielt den der PC-skrivingen syns eg va bra nå i ittekant (då åg). Dette va stort for deg, va kje vanskeligt å se ;)

  7. Hege

    eg e velldi stolte øve deg fordi du har fått dette stipendet og du e nå øverst oppe på » mitt-forbiilde-listå» åg eg e glae eg skreiv email te deg :P hehe sånn !!

  8. Skjalg

    Som stolt far må eg jo gratulera! Odin har vore med på å styrka skulen sitt omdømme og har vore en flott amabassadør for ein skule som eg synes fortjener møje skrøyd…. Rektor Hellemo kjenner eg som ein framsynt mann som tar elevane sine på alvor!

  9. Rebecca

    Heia! Hihi, jeg vet nesten ikke hva jeg skal si; alt har blitt sagt allerede:P Vil bare si at jeg er kjempestolt av deg, Odin!! Grattis!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.