Medan me venter…

Vente, vente. Det har vore ein sterk del av dagen i dag. Eg sat faktisk nett å venta på å kunne skrive dette. Eg ville så gjerne skrive litt, men eg kjende at eg ikkje kunne tillate meg det. Men no gjer eg det lell. HAH! Ta den dumme samvit! Så la meg fortelje deg kva eg og samvitet mitt har gjort i dag…

Eller. Faktisk. Lat meg starte me kva me ikkje har gjort; det er nemlig det heile denne dagen spinner rundt. I dag har me altså ikkje lest til matte. Imorgon har eg 3MX-eksamen (sånn mattematikk veit du), og eg er ikkje like god som eg ein gong var i matte. Diverre. Medan mattedelen av meg har endra seg til det verre, har latskapsdelen vore ganske stabil. Eg er fortsatt like hekkans lat og tiltakslaus som eg alltid har vore. Æsj.

Eg har altså ikkje sitte inne heile dagen å lese matte. Eg har sitte inne heile dagen å ikkje lese matte. Har altså sitte inne likevel. Kvifor har eg gjort dette? Jo, – viss eg går ut vil eg jo iallfall ikkje kunne lese matte. Difor var eg inne. Ærh. At eg ikkje kjenner meg sjølv godt nok. Sjølvsagt vil eg jo ikkje lese noko likevel, kvifor ikkje berre gje opp og stikke ut i fine vêret like godt? Men, neidå. Eg har sitte inne og kjend meg dårleg av di eg ikkje leser, medan eg har vore spikra fast til stolen av nett same grunn. Snakk om dobbeltsanksjonering.

Ein dag med «småskriving» (æsj; «chatting» då)

Men eg har ikkje gjort ingenting medan eg har sitte her. Neidå, min gamle ven datamaskinen står jo alltid der så innbydane og vil halda meg underhaldt. Hadde eg i det minste berre sitte der åleine og ikkje gjort noko; då hadde eg Meg, Odin, glad pÃ¥ kilden :)kanskje kjeda meg så mykje til slutt at det å lese matte hadde vore reddninga, men akk. Eg har nett fått x-antall nye folk på MSN Messenger-lista mi, etter Oslo-turen. Hyggelege alle saman, alt for hyggelege :p Så hyggelege at eg glemmer alt anna og sit og skriv med dei istaden for å tenkje på kor dum eg er som ikkje les til matte. Når eg då prøver å reise meg opp for å gå ut, kjem eg i hug matten; sett meg ned; «småpratar» vidare. Kronisk.

Eg har skrive mykje med Hege frå Sola. Lagt opp eit par bilete til ho for å supplere samtaleemne osb :P Eg fann bl.a. ut at eg har sett ho og systera syngje i konfirmasjonsseremonien til Falke, borgarleg konfirmasjon. Eg hugsar dei godt, to bunadkledde tvillinger som skulle syngje på konfen. Dei turde ikkje sjå opp medan dei sang, berre når systera gjorde det. Hehe, søtt. :) Dei var kjempeflinke – hugsar eg klappa skikkeleg for dei :) Ganske moro at eg klåra kome på dèt. Visste eg hadde sett dei ein plass før. Eg har òg snakka (vel, skrive) med Rebecca og Kristine. Så har eg fått fleire nye Sola-jente-kontaktar på lista; Siri (tvillingsyster til Hege), Miriam (syster til Rebecca) og Monique. Då har eg ein, to, mange kontaktar. Det vil ikkje vil gjere eventuelle andre matteeksamenar noko særleg lettare.

No skal det jo seiast at eg ikkje har hatt det så galt i dag. Det har vore kjempemoro å skrive med dei. Men eg har som sagt sitte inne heile dagen; og det er ikkje bra. Så frå eg stod (seint) opp til eg åt middag til det lei på kveld hadde eg sitte inne, og venta. Venta. Sette på «Lou Reed – Beautiful Day» for å auke moralen/humøret. Venta, venta og venta. – Venta på å lese matte.

Sånn Oslo-kamera

Det er ikkje berre matten eg har venta på då. Eg fekk mail frå Åse Berit frå Det Norske Teateret. Pakka med kamera og mobilen min var sendt i går – eg fekk sporingsnummeret! Ah, sporingsnummer. Eg fyra opp sida til posten… Hmm. Framleis i Oslo. Jaja. Får vente på den då (vente er nøkkelord om du ikkje forsto det). Masse skriving. Blablabla. Stadig oppdatering av posten si sporingsside.—W00t. Pakka mi er på Forus! Jess! Det var før middag. Eg var veldig interessert i å få kamera tilbake. Så eg sat og venta. Venta på kamera som hadde take seg ein ekstra Oslo-tur.

Medan eg snakka med alle desse jentene oppdaterte eg stadig sporingssida. Så; plutseleg kl 17:59 stod det: Ankommet postkontor (HILLEVÅG). W00t!. Genialt. Eg blei gira på å hente kamera. Sjølvsagt. Pluss mogligheita for å take seg ein tur ut. Eg skynde meg ned i dusjen (eg lukta li… eh, mykje), dusja. Så fann eg ut at Kitty Karina hadde stukke av. Arh. Gidd. Eg skulle liksom passe på ho, barnevakt og greier. Er så rart – kvar einaste gong eg er barnevakt så forsvinn ho rett før leggjetid. Same kva, eg stressa litt med det før eg fann nye klede. Så satt eg meg inn i bilen og starta på turen mot Kilden.

Uhøveleg glad

I superduperfart og med ei ruvande stemme song eg høgt på «Perfect day» (genial song). Eg var superglad og køyrde litt annleis enn eg normalt gjer (men sjølvsagt med sikkerheiten i føresetet som alltid, ungar! Aldri køyr uforsiktig, hugs det). Så kom eg meg ut av bilen, hoppa bort til postkontoret med eit framifrå glis over nedre del av fjeset. Augo skein som to glade diamantar. Eg fekk pakka mot 166 kr som eg betala meir enn gledelig; riv av papiret (det var MASSE, Åse Berit må vere noregsmeister i å pakke inn ting – tinga mine låg i eit halvt tonn bobleplast! (Wohoo!) :D). Yess! Kamera! Yess!

Innpakkinga til kamera og mobil frå Oslo

Så kom eg på; det er eksamen imorgon. Kva treng ein på eksamen? Jo, masse snop slik at ein kan få skikkeleg vondt i magen og få brukt dei små pausane ein får til noko fornuftig. Så eg dansa ned til Ica. På vegen såg eg nabo Eivind J. Eg helsa fint :] På Ica kjøpte eg:

  1. Farris
  2. Ingefærøl (ja, det er brus)
  3. Boller
  4. Snickers Big one
  5. Blåbærmuffin
  6. Twix King Size
  7. Dumle

Mat til eksamen

Så rusla eg opp igjen dei kjekke rulle-bakkane dei har på Kilden. Eg gjekk opp til Evinid og Imri for å snakke med dei. Det var moro. Fyrste folka eg snakka med i dag (utanom familie og tilsette på Kilden, men dei tel jo ikkje ;) ). Eg sa ganske mykje. Eg var jo kjempeglad. Hugser ikkje halvparten. Men dei sa iallfall noko om at det var «difor eg var så glad». – Eg hadde nett henta kamera, og då eg fortalde dèt forsto dei visst kvifor eg verka så rar :)) Hehe.

Framtidsutsikter?

Vèl heime var eg framleis i godt humør. Sjølv om eg hadde kome tilbake til det «forbanna» rommet (ooh). Eg skreiv litt med Rebecca. Klårte faktisk å opne matteboka – sjølv om eg ikkje såg i ho. Innsatsen fortente litt godteri, så eg opna Dumle-pakka… No har eg eit fjell av Dumle-papir foran meg. Vel. Har framleis litt igjen. No er klokka mykje. Eg ville leggje meg tidlig. Men istadenfor har eg sløst vekk store delar av dagen, for å så bruke det lille som er igjen på å skrive på heimesida. Akk og ve, og ve og akk. Dagen før eksamen, nær inga aktivitet, ein diger haug med godteripapir, lut i ryggen og Avril Lavigne frå høgtalarane; kva skal det bli av meg?

11 tankar om “Medan me venter…

  1. Egil

    Prioritering e ein fine ting. Skaff deg et script som bytte root-passord, deaktivere sudo og kjøre ner nettverket i et par timår så ska du se d går fint å øva ;)

  2. Odin

    Hehehe. Det der er diktatorisk! :| Eg har hatt eit slikt skript på datamaskina ein gong, men hekkan – dei er farlige. Eg som deaktiverer «ta ein pause»-programmet heile tida («Workrave»:http://workrave.org om nokon vil prøve det. Ja, – det fungerer tilogmed til Windows!).

    Hehe, det er ein god tanke Egil. Men det er skummelt, skummelt. Kva skal eg gjere om eg kjeder meg? Heheheh.. ;) Nei, – kanskje eg skal gjere det der neste gong ja.

  3. Teirik

    Hehe, e nok ikkje alltid sjøldisiplinen det går på, e nok merr motivasjonen… Kjenne t det sama problemet (tenke på de siste heildagsprøvene). Heldigvis gredde eg å ta meg i nakken før eksamen :)

    Må ver någe så har gått meg hus forbi her, men odin; koffor fekk du tesendt kamera og mobil? glømte du di?

  4. Monique

    Va ikkje meiningå å forstyra matteprøven din..men du klarte dg nå vertfall fint=) litt pauser må man jo ha og;)

  5. Odin

    Hehe, heile dagen var ein lang pause – så tok eg ein pause frå pausa i slutten då eg dro til Kilden. ;)

  6. Hege

    Hei ! :P dette va ein skøy side :) d va kjekt å lesa ..( sjøøl om d va lenge siden du lagte denne sidne :P thihihi) du har vert velldi kjekke å skriva te og kver gang eg snakke me deg lere eg någe nytt..( om d e nynorsk ellr om data:P) kooz

  7. Skjalg

    Odin! Du er flink å skrive – men det er synd du ikke klarer å gjør mer av det du burde gjøre -jobbe litt mer med de svakeste fagene dine…. Og litt mindre på datamaskinen! Hilsen bekymret far….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.