Norsk munnleg; postmodernisme

Javel, då fekk eg vite kva eg kom opp i. Eg skal ha om perioda 1945–2005 og skal ha ei 15 min framsyning om postmodernisme. Etter det skal eg kunne prate om språkhistoria i denne perioda i rundt endå eit kvarter. Postmodernismen er ei heller vanskeleg periode, av di det er den me er i no – og difor er det vanskeleg å sjå korleis han er/blir. Han er ikkje fast definert nemlig.

Så kva er eigentleg postmodernismen spør du heilt sikkert. – Eg veit eigentleg ikkje heilt eg heller; sjølv om eg faktisk valde den oppgåva. Eg kunne velgje problemstilling i eit litterært emne innanfor 45–05; men Niklas tok det beste emnet med ein gong; politisk+bøker. Ooh, den hadde vore kul – med dei raude 60—åra osb! Sosialisme og solidaritet, hadde vore eit supert emne! :D Men var altså ikkje det eg fekk. Eg kunne jo like godt take noko vanskeleg då – for å så kunne lere noko nytt. Veit jo fint lite om postmodernismen slik det er no; men til tirsdag bør eg kunne noko.

Liksom-lese perioda startar

Vel. No kjem eg til den delen eg fryktar; normalt klarar eg ikkje lese til eksamenar/prøver o.l. Her startar den perioda då alle andre sit og les, medan eg latar som om eg les. Eg sit inne heile dagane og gjer; vel. Ingenting eigentleg. Eg sit og chattar, kastar tida vekk :) MEN. Eg skal prøve å unngå det. Sjølvsagt må eg take pauser, og eg kjem antakeleg ikkje til å sitje mykje med det. Eg vil nemlig heller vere ute og gå tur enn å sitje inne og plage meg over at eg ikkje får lese.

Til framsyninga kan eg lage ein data-presentasjon; det vil eg ant. bruke. Så eg må få laga det òg. Sjølv om eg trur det vil hjelpe meg sidan då må eg strukturere meg. Same kva, alt går bra til slutt: eg har alltid den holdninga. Det ordnar seg. For å vere heilt ærlig så siktar eg på femmer, sjølv om eg sikkert vil seie eg er nøgd med fire. Rett før eksamenen vil eg klage på at eg ikkje har gjort noko særleg;

Dette luktar 3-er, eg er nøgd om eg får 4!

Så, etter eksamen vil eg kanskje vere litt meir positiv, og ha eit von for 5-er, sjølv om alle dei fornuftige trådane i meg vil seie 4. Eg vonar på 5. 5. 5.—Så kjem eg inn til sensor og får høyre;

Du får 4.

Jaja. Det var den eksamenen. Slik trur eg det går.—Så som sagt, eg trur relistisk på 4, vonar på 5. Eg vil prøve å jobbe mot 5, sjølv om eg veit at eg vil antakeleg lande på 4. Eg kjem jo ikkje til å jobbe likevel. Veit jo eg får 4; så då er det jo ikkje vits å leggje 5-er arbeid inn i det? Heh. Det er tankerekka mi, om du klåre følgje ho. Ikkje bra iallfall :p

Kva veit eg om postmodernismen?

Som sagt veit eg ikkje noko stort om han. Me har ikkje hatt noko om han på skulen av di det ikkje står noko i læreboka. Difor vil eg her kome med det eg trur eg kan om han. For all del, ikkje bruk dette i skulesamanheng og ikkje ta det for god fisk! Det kan vere veldig feil. Det er det lille eg veit om postmodernismen, utan at eg har satt meg inn i han. Eg vil skrive meir om han seinere rundt eksamenstider, då bør eg vere ekspert i stilen. Men same kva, lat meg fortelje deg kva eg veit/trur eg veit om postmodernismen.

Postmodernismen (1980—)

Postmodernismen er vanskeleg å snakkje om av di det er tida me er i no. Me veit endå ikkje om me skal kalle postmodernismen eit brot eller ei videreføring av modernismen. Høgst sannsynleg trur eg på eit brot, han har vore såpass mykje diskutera og bruka at det fortener å vere ein eigen frittståande stil. Likevel er det fleire forfattarar som beveger seg mellom modernismen og postmodernismen på grunn av likheiter i stilane. Tingen med postmodernismen er at han er eit digert rot; ei diger samasetning av altslag forskjellig. Han eksperimenterar med stil og innhald, ofte med eit eller fleire metanivå. Til grunn ligg det at ingenting er bestemt «rett». Absolutt alt er relativt.

Det postmoderne er karakterisera av at det er eit stort mangfald. Me snakkar ofte om det postmoderne samfunnet, som er den vestlige kulturen meir eller mindre. Postmodernismen er gått vekk frå den totalitære tanktegangen, gått vekk frå den overordna ideologien for eit samfunn. Han meiner det alltid er store skil i eit samfunn, og at samfunnet satt saman av enkeltindivid er hyperkomplisert. Difor er ein rein ideologi for eit samfunn umogleg.

I det store og det heile meiner postmodernistene (dei innafor filosofien/sosiologien) at alt er så avansert at det ikkje er høveleg å forklare det. Me kan sjå utrykk for dette i litteraturen, der dei postmoderne bøkene ikkje slår fast noko men istaden ofte syner prosess og endring. Eit emne kan bli skrive om på eit grunn- og eit metanivå; ei sjølvgransking til det ein skriv. Med dette meiner eg for eksempel ei bok om ein person som les ei bok—og at me og får lese denne boka saman med personen. Då vil det personen føretek seg og tenkjer vere eit metanivå.

Andre utrykk går motsett veg, mot det naivistiske. Sidan alt er så komplisera kan løysinga vere forenkling og slutte å prøve å forstå dei store problemstillingane. Postmodernistane meiner me ikkje kan forklara det hyperkomplisera samfunnet med enkel psykologi o.l. Sidan me ikkje kan gripe om dette emnet vil det vere betre å kome til si eiga løysing på eit lågare nivå. Finne svaret inni ein sjølv; ikkje i samfunnet. Slik eg ser det er postmodernismen særs oppteke av individet og at det er forskjellig.

Eigentleg er denne bloggen min postmodernistisk. Eg går nemlig inn og ut av emne og skriv ofte om korleis eg sjølv gjer ting. Eg hopper frå emne til emne og talar nokre gonger direkte til publikum, andre gonger som eit referat. Viss eg skriv:

Ho var kjempehyggeleg. :) Eg skulle reise meg opp for å hente is. Utan at eg hadde merka det hadde ein ransel forvilla seg rundt beina mine. Eg prøvde å reise meg; elegant. Sekund seinere var det rett før eg tryna beint ned i bakken. Kjempeflaut! :p Er veldig moro å dumme seg ut foran vener, men foran folk eg nett har truffe blir det litt flauare. Kunne gjerne ha venta litt lengre med snubleepisoder spør du meg.

Det vil eg kalle postmodernistisk på grunn av blandinga referat og tankar, den «ukorrekte» norsken (setningsoppbygging o.l.) og det enkle språket. Kan du sjå fleire moglege trekk? Same kva, no vil eg søkje på postmodernismen og prøve å lese noko om han. Eg vonar eg kan skrive ein mykje betre tekst om postmodernismen på sida mi seinere. Sjølv om eg veit det er eit keitt emne for dykk som leser sida, men de kan trengje litt norskkunnskap rundt dette emnet de òg! :p

Ein tanke om “Norsk munnleg; postmodernisme

  1. Skjalg

    Ikke mange kommentarer her. Det er tungt stoff, men den analysen du har av egne tekster er jo interessant – du skriver faktisk i en postmodernisitisk stil. Og det blir ofte en mer levende og engasjert form spør du meg. Jeg tror ungdom liker den postmodernistiske stilen … am I right folks?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.