Nyskaffa album

Eg var i byen med nokre jenter frå Sola for litt sidan. Då tenkte eg på noko eg nett høyrde; Cloroform skal visstnok ha kome ut med ein ny CD! Det hadde dei sanneleg. Litt seinare var eg i byen igjen med Kitty Karina, då fann eg det like godt å snuse litt meir på Platekompaniet.

Så eg vil altså trykkje litt av min musikksmak over på dykk. Som kjend likar eg all musikk, men det er ikkje det eg skal skrive om. Eg kjøper nemlig ikkje all type musikk. Når eit band er særs bra og eg kjenner eg vil stø dei kan eg kjøpe ein CD – eller når dei er lokale og ikkje så store. Same kva, eg vil berre seie litt om CD-ane eg nett kjøpte.

Cloroform – Cracked Wide Open

Cloroform - Cracked Wide OpenDenne kjøpte eg altså då eg var i byen med Helen, Anette og Kristine. Det var fyrste gong eg var på Platekompaniet på lenge og det var ein CD eg hadde kjøpt med ein gong nokon hadde vist meg han. Eg lette i butikken, men fann han ikkje. Til slutt spurde eg dei i kassa; dei hadde ein del under skranka – så då fekk eg ein av dei. Yeah! Gudd CD :D Då me såg litt meir rundt på andre CD-ar (i inngangspartiet, der dei populære CD-ane er) fann eg Cloroform-cden. Han hadde si eiga rekkje i framparten av butikken! Genialt! Kanskje fleire vil plukke opp denne flotte CD-en då? Han har jo fått sjukt «gode omtalar»:http://www.kaada.no/albums/disco-CL-cracked-reviews.html, ikkje rart heller. Cloroform eig jo! Berre 5-arar og positive ord så langt eg ser… :)

Razorlight – Up All Night

Razorlight - Up All NightVel, for å vere ærlig så anar eg ikkje kva denne CD-en er. Berre ei veninne (Inga) som anbefala bandet så fælt. Då eg var nede med Kitty Karina for å kjøpe Melodi Grand Prix Junior 2005-cden tenkte eg at eg kunne sjå om dei hadde ein CD frå dette bandet. Det hadde dei, så eg kjøpte han. Det lille eg har høyrd minner om Strokes. Så det kan sjå meget bra ut dette her ;) Eg får kanskje leggje litt meir til når eg faktisk har høyrd på CD-en. :p

Jim Stärk – Ten Songs and Hey Hey

Jim Stärk - Ten Songs and Hey, HeyAnar ikkje kvifor eg kjøpte denne CD-en. Men dei fleste gode CD-ane eg har er kjøpt på innstinkt (eg har båe band som NOXAGT, Queens Of The Stone Age og Kings of Convenience på den «lista»). Eg har jo høyrd mykje bra om Jim Stärk – og eg skulle jo eigentleg på konsert. Men så ville jo ingen av kameratane mine utanom Tor Eirik som klåra forsove seg… (hrmpf). Dette var då same dagen, så var høgst sannsynleg difor eg kjøpte CD-en. Om eg ikkje kunne vere på konserten kunne eg iallfall få litt av musikken deira. No har eg endå ikkje opna den CD-en eingong då – så eg må få gjort det.

Ikkje-nye album eg vil trekkje fram

For nokre år sidan gjekk eg i ein platebutikk og såg på CD-ar. Plutseleg såg eg ein cd av Cloroform; «Do the Crawl». Bendik (ein på ungdomskulen) hadde snakka om dette bandet, og eg kjøpte mirakuløst nok CD-en. Det har eg ikkje angra på. Cloroform er eit band eg liker særs godt. Det er ikkje for noko at eg kjøper kvar CD eg ser dei har. Seinast las eg i Aftenbladet der Kjetil Wold skreiv om ei forbisett plate;

Cloroform – Hey You, Let’s Kiss

Cloroform - Hey You, Let\'s KissDenne kjøpte eg for to månader sidan. Ein fantastisk kul CD (som alltid) – ikkje like god som «Do the Crawl» (endå iallfall), men heilt klårt kul :] Eg anbefalar alle denne CD-en. Eg må høyre litt meir på han, så blir eg sikkert nett like forelska i denne som «Do the Crawl».

Cloroform – Do the Crawl

Cloroform - Do the CrawlGenial. Berre. Genial. Har referert til denne CD-en mange gonger :) Var vel forsåvidt min fyrste ekte CD òg då (altså, eg meiner; ikkje samlealbum og ikkje listemusikk). Mange av songane frå denne plata blir òg bruka i div. filmar og på TV. Bl.a. brukar «Mongoland»:http://mongoland.no mange av desse songane. Kaada, som speler i Cloroform var nemlig lydmann på den filmen. :) Som bringer meg til neste geniale cd;

Kaada – MECD

Kaada - MECDDenne kjøpte eg av di eg kjende «Kaada»:http://www.kaada.no sitt namn frå Cloroform. Eg måtte jo høyre korleis solo-artisten var. Det var ikkje kortare enn kjempebra. Liker spesielt «That’s Life O-oh». Ja, og «Do You Feel It?». For å ikkje gløyme «All-rigthr»!. Hm, faktisk så digger eg alle songane på denne CD-en. — Eg kjøpte faktisk ein til instruktøren min/barneteatersjefen min Bjørn. Men han hadde allereie CD-en, difor ga eg han til Katrine J.I. til bursdagen hennar. Eg var særs glad for å bli invitert, så då kunne ho jo like godt få ein av verdas beste CD-er i presang ;)

3 tankar om “Nyskaffa album

  1. Egil

    bump Nå har jo eg og blitt ein heldig eier av «Cloroform – Cracked Wide Open» :D Tusen takk Odin! stolt av å ver din venn

    Sitte å hørre på cden nuh. Hørres meget gudd ud sålangt. Bare starta an me «cdcd» så eg harkje peiling kor på albummet eg e, men ska rippa an så eg kan hørra godt gjennom an på turen. Gudd gudd gudd :D

  2. Monique

    Nå har eg og skaffa meg «cracked wide open» av Cloroform etter at Odin har skrytt så voldsomt av di :) Eg syns det va ein voldsomt bra CD! Veldig avslappende! Anbefale alle t å ta ein kikk på denne platå! :D

  3. Teirik

    Hih, eg fekk den av Odin på skoleavslutningå på Hetland ^^ Med skrift på an og alt, så nå står an på hedersplassen på hyllå over pcen :D

    Bra cd, mange bra sanger, variert album med sanger for de fleste smaker, likte skjøl best de mest «pop’a» sangane. Nais album anyways, takk igjen Odin :D Va ufattelig kjekkt at eg fekk an :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.