Sjuefira tima i døine

Etter ei suksessrik vekking i dag vil eg prøve å gjere som så mange andre; ha datamaskina mi på 24/7. Acona (vevtenaren min) bråkerHovuddatamaskina mi; Aiax meir enn hovudpcen likevel. Og eg sover jo med øyreplugger, så det skulle ikkje vere noko problem med støy. Fordelene er;

  1. Slepper å vente dei 40 sekundene det tek å starte opp (vel, det har ikkje så mykje å seie)
  2. Alltid tilgjengelig (vel, det er òg ei sanning m/ modifikasjonar, eg vil ikkje sitje på pcen 24/7)
  3. Eg kan setje pcen til å minne meg på avtalar o.l.
  4. Eg kan få ned fleire av torrentsa eg lastar ned
  5. Eg kan få pcen til å vekkje meg om morgonen

Det siste er det eg likar best. I dag satt eg pcen til å vekkje meg 07:15–45 (med gradvis auking av volumet, speler A Metal Tribute To Abba). The wonders of Linux! Eg skal lage eit avansert skript som skal take seg av vekkinga, og eg skal lage ein eigen «stå-opp» speleliste. Foreløpig kunne eg ha noko som:

  1. Madrugada – Ramona
  2. Robert Miles – Fable (Dream version)
  3. Coldplay – Speed of sound
  4. Elvis Presley – Jailhouse rock
  5. Schnappi – Ein lama in Yokohama
  6. Lou Reed – Perfect day (høgt! :D)

Eg er heilt open for forslag (utanom den siste!) – eg tok berre eit par songer som låg ope i spelelista no. Så har du ein vekkelåt eg burde byte ut, kom med han! :) Eg har ikkje tenkt så mykje på det sjølv, må få ei god liste. Kan tenkje eg kjem til å alternere han kvar uke for å unngå å bli kei av musikken.

Oppdateringer

[13:34:33] < @Velmont> No har eg fått mekka mÆx hÆx mpc-fade-script slik at eg kan stå opp til *smooth* oppfadanes musikk :D

Speleliste

  1. Madrugada – Ramona
  2. Coldplay – Speed of sound
  3. Schnappi – Ein lama in Yokohama
  4. DJ Dream – Hoppesangen
  5. Lou Reed – Perfect day

Speletid: ca 17 min. Då set eg han til å starte å vekkje meg frå kl 07:28, med 10 minutters fade frå 0% volum til 80%. Med andre ord vil eg køyre denne kommandoen i ein terminal:

echo “mpcfade.sh 0 80 600” | at 07:28

15 tankar om “Sjuefira tima i døine

  1. Egil

    Punkt 4 og 5 kan vel Acona jørr? Eg bruge hvertfall Sigvald te å lasta ner torrents døgnet rundt me btlauncmanycurses i screen. Meget hendig. Eg giddesje sova me øyreplugger, så eg slår min heller av :p

  2. Odin

    Acona har ikkje eit heftig anlegg og masse bra musikk. Acona kan gjere 4, – men ho har så lita harddisk diverre. Eg har tenkt å «skrote» Alfons, og berre ha Acona – gje ho større HD og fikse den jævla vifta hennar.

    Dessutan, som sagt; Acona bråkar meir enn Aiax (hovudpcen), så difor gjer det ingenting om eg har Aiax på. Høyrer ikkje forskjell lell!

  3. Teirik

    Syns heller at du ska kjøra madrugada – riverbed … den e stilig! Ellers så ser det meget bra ut, hadde ikkje vært dumt med sånn skjøl, problemet ligge i at eg kjøre windows, samt at eg ikkje har pcen på rommet ;)

  4. Odin

    Eg har ikkje den Teirik. — Men har de andre forslag? Kanskje eg burde ha litt meir up-beat musikk? Kanskje Perfect day ikkje bør vere sist, men heller ant sist?

  5. Teirik

    Har du ikkje den? Skuff! Den du få fatt i, e ein av de beste madrugada sangene, sjøl om an e ulik de fleste sangene dis. Andre forslag? «Hoppesangen» e ein up-beat sang, søg på an på hw.no sitt forum. Coldplay – Fix you e og good.. Ellers så kan du for min del ta vekk schnappi og elvis, og heller kanskje ta inn josefine – sofus ;)

  6. Odin

    Coldplay har eg allereie ein song frå. Dessutan var «Fix you» veldig «ååh, sove videre». Kanskje grei å starte med. Hm. Hoppesangen ja, kanskje eg skal byte ut Schnappi med den. – Josefine, ååh, ja. Men eg kan liksom ikkje ha for mange tullesangar heller. :)

  7. Odin

    Forresten, eg tek berre heile album inn på pcen (for det meste iallfall). Så eg vil ikkje ha enkeltfiler. Eg likar album :p

  8. Teirik

    Sant nok, fix you e ein veldig rolig sang.. då e vel speed of sound bedre. Hoppesangen e itte min meining mye bedre enn schnappi, du får tross alt futt av hoppesangen, og får ikkje lyst t å gjemma håvet under putå t den stygge sange går vekk :P Joda, kan ha me ein del tullesangar, så lenge d e futt i de :) Kan du tenka deg å våkna t f.eks Kalle Klovn? :D

  9. Odin

    Har du eigentleg høyrd «Ein lama in Yokohama»? Eg lover deg. Det er kvalitet :]

    No har eg laga ei oppdatert liste. :] Eg må rekne ut kor lang tid det vil ta, og evt. leggje til fleire sangar. — Men no skal eg ned å ete!

  10. Teirik

    Hmm, har faktisk ikkje hørt an «tenke tenke Rammstein – feuer frei e jo good sang ;) Dschinghis Khan – Moskau e og ein sang du hørra ;) Evt. kan du hørra Dschinghis Khan – Dschinghis Khan, grei nok sang den og ;) 5th ELEMENT – Diva’s Opera kan ver grei å våkna t…

    Denne e et must: Anton Aus Tirol Feat. DJ Ötzi – Anton Aus Tirol

  11. Jg.a

    Robert Miles e maxx^^ E vel egentlig ikkje den beste musikken t å vokne t, heller sovne, men de bygge seg opp omtrent i samme stadier som en våkne om morgenen.

    BTW Morgenstemning e vel en god melodi å våkne til, spess om sommeren ;)

  12. ESH

    Perfect Day eie! «Ohhh…such a perfect day. Drink sangria in the park»

  13. jurg

    Journey – Don’t Stop Believing må ver den besta sangen å vågna te… rolige piano intro, som så bler ein fullstendige 80-talls pop/rock sang :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.