Slakk eksamentrening

Eg vakna så fint i dag. Det hadde ein grunn. Sjølv om eg gjerne skulle ha stått tidleg opp berre for å stå tidleg opp, så gjer eg normalt sett ikkje det. Men i dag hadde eg ein plan. Eg skulle på munnleg matteeksamentrening. Men det er ikkje alltid ting går slik ein trur, iallfall ikkje rett før sommarferien.

Då eg sykla ned til sykkelparkeringa i dag stod Tor Eirik der med sykkelen sin, – eg hadde skrive bittelitt med han ein time før på IRC. Han skulle ha ITB-trening. Eg fann rommet; 203. Hang der litt. Var då utruleg få tilstades? Eg sjekka lista over eksamentrening igjen; ja, det er i dag, på dette tidspunkt eksamenstreninga skal vere.

Slakke ungdom tenkte eg og gjekk bort til Tor Eirik og Pål som stod å venta på læraren. “Bare to stykk?”, sa han då han kom. Vel, dobbelt så få i min time. Etter nokre minutt ringde eg Frode; ”Øhh, … FrodÆ”. “Kor er alle saman? Me har jo eksamentrening?”, sa eg. Var ikkje det kl 12 lura Frode. Nei, det er den andre matteklassa. ØØhh. Så, ja. Frode trudde det var kl. 12. Og berre eg hadde komt til den originale timen. Då berre kanselerer me det då? Ja, var ikkje mykje vits å ha eksamentrening i grupper o.l. med ein elev.

Etter litt meir snakking om eksamen o.l. kom eg på at eg hadde hatt matte skriftlig; då kjem eg jo ikkje opp i matte munnleg likevel, så eg var faktisk ein av dei få som eigentleg ikkje trong møte. Det hadde ikkje eg tenkt på før. Så då stod eg der då, la på med Frode og valsa nedover trappane. Det var jo endå ein innhaldsrik skuledag rett før sommarferien.

Eg sit på studieverkstaden no, ventar til kl 9:30 slik at eg kan få vite kva dag eg kjem opp i munnleg. Det er anten neste tirsdag (15) eller onsdag (16). Eg får kome tilbake når eg veit det. Elles fekk eg nett ei melding frå Tor Eirik om kva han synest om situasjonen der han sit i IT eksamentrening;

Gøy :s dårlig av frode :p vår gruppa har kl 12…

Vel. Ein ting er sikkert. Eksamentrening er slakkaste tida på skulen.

Oppdatert: Eg kjem opp på tirsdag, – då er det altså heilt sikkert at eg ikkje kjem opp i Media4.

5 tankar om “Slakk eksamentrening

  1. jurg

    Du kan fortsatt komma opp i matte muntlig… bare ein like liten sjanse for det som et aent fag.

  2. Odin

    Hm? Å. Det har ikkje folk sagt meg. Frode seier tilogmed at eg ikkje kjem opp i matte om eg hadde det skriftleg… Fleire har sagt at du ikkje kjem opp i same fag, at det skjer utruleg sjeldan isåfall.

  3. Teirik

    enig, sjansen e teoretisk til stede… i praksis e det jo litt annerledes, men sjansen e eksisterendes :) Fant ut ein ting idag, iaff…. matte e et fag eg ikkje vil opp i.. Ska forresten og opp på tirsdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.