Ein km forureining
I dag gjorde eg det. Har tenkt på det mange gongar, men det gode i meg har alltid vunne. I dag var det annleis. Køyrde åt Brustadbua for å kjøpe mjølk. Kjenner meg skitten og vond :(
4 innspelI dag gjorde eg det. Har tenkt på det mange gongar, men det gode i meg har alltid vunne. I dag var det annleis. Køyrde åt Brustadbua for å kjøpe mjølk. Kjenner meg skitten og vond :(
4 innspelArh, eg forstår ikkje kvifor folk sit oppe til 3-4 på natta nærast kvar natt. Kan jo spørje; «kvifor?», men det er ikkje vits; eg er ein av dei…
4 innspelNo dro folka me har hatt på vitjing dei siste dagane. Eg har ikkje hatt tilgang til pcen min på kveldstid desse dagane, men det har vel vore til det betre. Trur neppe nokon merka noko likevel. Dreg no til Kviteseid (Telemark) for nokre dagar.
0 innspel :(
Eg har meldt meg på eit fotomaraton på “Storedyret”:http://www.storedyret.com/ og i den anledning skulle eg take eit bilete med tema «alene». Sidan eg var vond i hovudet tenkte eg at eg skulle take ein tur ut, mosvatne passa bra.
Eg skriv Dvorak no, nett byta. Difor skriv eg veldig seint for tida. Dvorak er eit annleis tastaturoppsett enn det mykje meir bruka Qwerty (som du, med stor sjangs brukar) difor vil det take litt tid å få farta på skrivinga opp igjen.
5 innspel
Me har kjøpt nytt hus! Det ligg i austre bydel der óg leilegheita vår ligg. Etter ein spanande bodrunde mot slutten vann me. Finn ut om eg skal skrive under som eigar for å gjere evt. overtaking lettare, pluss skattefordelar o.l.
Javel, då har eg vore å hente vitnemålet mitt frå Hetland. Det ser greitt ut, men har ein liten feil (trur eg). Elles er det synd å sjå kor mykje mattematikken øydela for snittet. Det som eg trudde ville vere lett match (kvifor gjer dei 1MX ultralett og 2- og 3MX dritvanskeleg!?)
Dagen starta som ein elles normal dag. Pappa kom opp å hylte diverse tilfeldige ord medan han la inn diverse høvelege konspirasjonsteorier for å krydre opp. Denne gongen var det noko med 6000 kr, mat og kjellar. Eg hadde lagt meg 1 førdagen, veldig tidlig med andre ord. Likevel var det ikkje heilt greitt å stå opp; moro korleis dagen ville utvikle seg frå den elles normale starten.
Regn! Zagreb låg der like grå som kommunistblokkene utanfor den mykje meir hugnadsamne bykjerna. Dei halvshabby trikkane utanfor leilegheita hadde vekka pappa i 6-tida, trass dei orange øyreproppane stappa langt inn i øyrekanalen.
Vanskeleg å finne ut kor ein skal vere. Kor? Om eg finn det blir det iallfall utruleg moro. Masse kjekke folk eg ikkje har sett på lengje. Vonar eg finn det. Elles har meg og Espen tulla til to scener av De Metakognitive. Best dei kjem i den ferdige filmen!
eitt innspel