Andre dusjforsøk

Eg trør grasiøst inn i dusjen. Badebuksa er slengt av på golvet nokre centimeer frå sluken; ho kjem åt bli dassblaut. Dusjen er litt lavt stilt inn og står mot veggen. Kanskje like greitt sidan dusjforhenget rett og slett ikkje fungerar. Vatnstrålane skvett ut av dusjen og dannar fort eit svakt trykk mot handa mi.

Kaldt vatn. Lite trykk. Eg dreg spaken åt maksimalt trykk – men likevel like lite. Kaldt vatn. Hmm. Det plar jo vere for varmt for meg med standardinstillinga. Dreier spaken, lunka. Hekkan; ikkje meir varmtvatn igjen tydlegvis. Hovudet heng under dusjen. Eg drit i dusjforhenget – prøvde “patenten min” med å klistre det til veggen. Etter litt glei det ned. Ikkje nok vatn på det sikkert. Gjer ingenting eigentleg, trykket er så lavt lell.

Det renn i strie staumar frå håret. Kaldt vatn i Kroatsia er ikkje det same som kaldt vatn i Noreg. Eg blir fort vant åt det.

Hallooo…

…kjem det frå gangen. Eg svarar det same med ein ultralav basstemme. Opera tenor; akustikken i det lille badet er enorm. Litt tidligare hadde eg beundra det halvflassa solbrente fjeset mitt i speiglen medan eg tromma hardt og rytmisk på brystet. Eg elskar å leike trommemaskin, det er superkos.

Ei lys stemme kling med eit god rimandde svar på hallo-et;

Halloo, på dooo

Eg sprang opp før pappa og Kitty karina som òg skulle dusje før middagen. Dusjen blir kaldare – seier det til dei. Trykket minskar ytterligare, eg ser strålane flyttar seg nærare veggen. Skvetter litt sjampo i håret.

Det er utruleg kor mykje inspirasjonen skiftar; nokre gonger skriv eg av di eg “må”, nokre gonger av di deg vil. Innlegget før dette er skrive av di eg “måtte”. Byrja av dette innlegget er av di eg ville, medan resten her er motsett… For ordens skuld kan eg fortelje at dei siste 2–3 paragrafane er skrive 3–4 timar etter dusjen og inspirasjonen.

Ungdomsgjengen stakk til Omiš på byen/fest. Eg ville vere med – men har ikkje sko, dessutan hadde eg tinga ei pannekake m/ is. Han var enormt god. Imorgon dreg me frå Sumpetar. Skal til Hvar – ei øy utanfor Split. Det blei altså ikkje Dubrovni?, slik Falke ville, eller nasjonalparkane, slik eg ville.

Siluetter mot sola i Sumpetar, Kroatsia

Me har hatt det utruleg fint her, sjølv om det har vore litt slappt strandliv for det meste. Vannpololaget blei nett eigd av eit profflag, det var moro å sjå kor utruleg dyktige dei var. Dagen før spelte Stavanger-jentene mot eit profft jentelag i Split; men tapte ikkje meir enn 12–9 eller noko. Ganske imponerande. Var utruleg slitne og forslåtte i slutten då, Split-jentene var ikkje særleg snille.

Vannpololaget i Sumpetar. Guttene.

Neste dag

Dette er altså neste dag. Dette er ikkje skrive på papir, no er eg på nettcafè. Me skal som sagt dra til Hvar, har fiksa billett. Blei litt tull, men trur det går. Det over har ikkje mykje substans; eg veit. Men blei berre så demotivert av å prøve å skrive noko eg hadde tenkt for lengje sidan sist gong eg var på nettcafè. Så sjølv om det ikkje blei like stort som dusjhistoria eigentleg var, så var det herlig å få det ut av vegen. Hadde ikkje ei anna rolle. Dessutan gjekk den originale dusjhistoria mykje lengre “ut på viddene” og snakka om altslags ting; ikkje alt like konkret. Men han er sikkert betre no når eg har gløymd han enn det han eigentleg var :p Hihihih.

No mista eg faktisk internett; folka her stresser med å dra ut kablar o.l. Utruleg plagsomt. Kanskje eg ikkje får lagt dette ut; det hadde vore keitt. Bør ikkje betale for denne tida. Hm. Kanskje eg skal hacke nokre bilete imens…?

– Gjer det.

2 tankar om “Andre dusjforsøk

  1. Rebecca

    Hei Odin! Høres ut som du har det fint i Kroatsia bortsett fra dårlig dusj og solbrenthet:P Jeg må bare si at det bildet av solnedgangen er helt nyyyyyyyydelig! Helt utrolig:D Jaja, du får kose deg masse videre! Kos og klem:)

  2. Odin

    Hehe, takktakk :) No er det heimtur imorgon. Får sjå om eg får hatt det moro til slutten av dagen. :]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.