De metakognitive, scene 01

I dag har meg og Espen starta filminga av «De metakognitive». Eg har sitte oppe til kl. 3 og redigert, komprimert og lagt på musikk. Det er ikkje lange biten; og det er ingen handling. Kan godt hende byrja ikkje ser slik ut i den endelege filmen i det heile tatt! Likevel skal de få sjå kva me har gjort så langt; difor kan de laste ned videoklippet.

De Metakognitive Scene 1

For å sjå filmen må du som vanleg ha XviD installert (den øvste fila skal du installere om du brukar Windows), til lyd har eg bruka vanleg mp3; det kan alle køyre.

Videosnutten er ganske kraftig fargekorrigert, hadde vore moro å vist de korleis han ser ut utan fargekorrigering. Kanskje eg gidd lage det imorgon. Skrik ut om det er noko dykk døyr etter å sjå. Kom gjerne med tilbakemeldingar; sjølv om det er eit «produkt» under mykje omarbeiing allereie. Men eg skal slutte å jabbe, last heller ned;

Oppdatert

I går gjorde meg og Espen eit par endringar, i samband med Tor Eirik som såg introen. Eit par av endringane;

  • Måkelyd nokre plassar
  • Mjuke titlar på skodespelarnamna (sjå kommentaren til Teirik)
  • Endra tittelen «De metakognitive», no er han lettare å lese
  • Endring av fargetemp på bladane med Espen sitt namn
  • Masse småfiksing

Scene 06 08 ferdig

Scene 08, De metakognitive, Arnfinn, Torlaus og Belinda

Me har filma heile scene 06 08, og redigert han. Espen tok ein sjefsavgjerd og sa at denne scena ikkje ville bli lagt ut på nettet før heile filmen er ferdig.—Han ville ikkje gje vekk alt før folk kunne sjå filmen i heilheit. Etter me hadde filma scena var eg ganske redd for korleis resultatet ville bli. Eg kjende eg ikkje heilt hadde roen. Blei litt betre etter me hadde redigert det; var nemlig eit poeng som blei ganske moro;

Tor Eirik speler tilfeldig forbipasserande (ein rolle han gjer veldig bra) som ser på desse rare folka som står med vatnkanten og skrik. Det fungerer kjempebra! Den der redda heile scena for min del ;) Så kan dykk alle saman glede dykk til å sjå heile filmen! :D Eg vonar mange ler av den situasjonen der!—Eg bruka masse tid på å fargekorrigere (og blurre bakgrunnar) på den scenen, han er veldig gul. Eg berre tuller rundt; men Espen tek ingen regiavgjerd så…

Scene 02

I dag har meg og Espen filma nokre bilete til Scene 02. Blokka der Belinda bor, samt avisleveringa til den blokka. Då fekk me gjort bittelitt i dag. Har redigert det òg. Er lite, men litt. Har endå ikkje fått fargekorrigert det; kan gjere det imorgon. Er berre 3 klipp, så… :p

Avisutklipp

I filmen skal me filme aviser to gonger. Ein gong i annonsa, og ein gong frå ein artikkel. I dag prøvde meg og Espen å lage annonsane; printa det ut – filma det og la det inn i Final Cut Pro (videoredigeringsprogrammet). Blei positivt overraska; det så knallbra ut! Eg trudde me ville få digre problemer med å få det til å sjå ut som ei avis; men eg synest det fungerte bra. Det er fullt mogleg å sjå at det ikkje er Stavanger Aftenblad; men trur ikkje folk kjem til å leggje merke til det. Ikkje så godt iallfall. Herlig! :D Så då er dèt problemet ute av verda.

10 tankar om “De metakognitive, scene 01

  1. Miriam

    Det var en kjempesøt begynnelse. Jeg likte den kjempemasse! Gleder meg til filmen er ferdig!;)

  2. Teirik

    Fin innledning, men som eg sa under scene 6, teksten kom litt brått på passte bedre me sånn som «presenterer» dukka opp, blei litt mer soft, og ikkje så hardt), og eg synes at bildene gjerna kunne gli litt mildare inn i kverandre… men sånn ellers så va d thumbs up :)

  3. Teirik

    Hehe, tenkte meg egentlig det, spess itte d skjalg kommenterte igår :) glede meg t å se resultat :D

  4. Joey

    Gleder meg tıl dette. Sıtter for oyeblıkket paa en nettcafe ı varmeste Tyrıka, saa det faar droye tıl jeg kommer meg hjem paa mandag. Men saann ellers… skulle du trenge hjelp med ınnspıllıngen maa du bare sporre. Lykke tıl vıdere!

  5. Odin

    Som sagt tidligere, – det er ikkje noko episk forteljing. Er meir ein film «shot from the hip» som berre har den eigenskapen at han har fått eit manus. Sjølv om eg vonar han blir betre enn sist film eg laga; «Onsdag». Den var elendig.

    Treng kanskje ei kritisk røst når me er ferdig med filmen; for å kanskje luke ut eit par ting som me har blitt alt for glad i sjølv. Men, er moro å endeleg gjere noko :)

  6. Karlsen

    hm, det såg jo proft ut, damn ;) meen korr e navnet mitt? :'( jaja, komme vel på slutten av filmen! når ska me begynna å filma me litt acting?

  7. Joey

    Utrolig fin stemning i introen din! Jeg tror jeg elsker de første sekundene her. Måten musikken starter på, kombinert med det fine morgenbildet av Mosvannet. Men har jo alltid litt småplukk å komme med :)

    Synes overgangene mellom bildene ikke fungerer helt. Det blir liksom for hardt, og brutalt i forhold til stemningen. Prøvd med en liten svak overgang? Evnt. en liten «ton ut i svart – ton inn på neste bilde»? Det samme gjelder også tekstene. Jeg synes de bør være mer like. Slik det er når er nesten hver tekst forskjellig. Nr. 1 toner inn, men slutter brått ved bildeslutt. Nr. 2 står gjennom hele bildet. Nr. 3 toner inn og toner ut igjen osv… Med på tanken? Tror også jeg ville gjort noe med varigheten på de forskjellige bildene/tekstene. Det går fra å være veldig rolig til å liksom haste seg gjennom skuespillerene.

    Gleder meg til å se fortsettelsen. Keep it coming! Å brekk et beint på veien!

  8. Odin

    Javel. Takk Johan! Det er fiksa på. Skal få ut ein oppdatert intro, slik at folk kan sjå endringane om litt. – Introen kan vere «open», slik at alle han sjå han. Espen vil halde andre delar i røynd, slik at det blir større overrasking :p

    Elles kan eg seie at me har filma heile scene 08, heile 07, snart heile 02, nesten heile 01. Kan seie me har filma 4/16 scener, og filmen er så langt 8min! Jøss, kan godt hende han blir opp i halvtimen denne filmen. Så lang film har eg ikkje laga sidan 9-klasse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.