Eg skriv Dvorak!

Eg skriv Dvorak no, nett byta. Difor skriv eg veldig seint for tida. Dvorak er eit annleis tastaturoppsett enn det mykje meir bruka Qwerty (som du, med stor sjangs brukar) difor vil det take litt tid å få farta på skrivinga opp igjen.

Men kanskje det er like greitt sett i ljos av kor store innlegg eg har skrive i det siste. For å gjere dette innlegget litt lengre enn det forrige, legg eg med litt info frå wikipedia.

Det mest brukte Qwerty-oppsettet var laga 60 år tidlegare for å unngå at skrivemaskinane hang seg opp. Men Qwerty-oppsettet var ikkje særleg effektivt å skrive med, difor starta Dvorak og Dealey med sitt arbeid. Dei gjorde undersøkinger av det engelske språket slik at dei kunne lage eit meir effektivt tastaturoppsett; «Simplified keyboard», seinare omdøypt til «dvorak».

Dvorak

Det norske dvorakoppsettet har tatt det engelske og endra det slik at me som skriv norsk skal kunne skrive raskast mogleg. Ein treng ikkje flytte fingrane så mykje når ein bruker dvorak, naturlege fingerrørsler gjev rolegare og meir behageleg skriving i tillegg til at det går raskare. Ein kan skrive med fleire tastaturoppsett på same måte som ein kan snakke fleire språk.

Så innlegga mine vil vere små ei stund før dei gradvis blir lengre. :) Ovanfor ser du oppsettet. Bilete henta frå Roffes Norske Dvorak-side

5 tankar om “Eg skriv Dvorak!

  1. ingapinga

    Aaaaah!! hehe… Nå forstår jeg! Uff, selv om jeg ikke skriver touch, virka det vanskelig å venne seg til! For jeg vet jo hvor bokstavene er sånn ca! Stakar deg…Men «keep up the good work»!

  2. objorkum

    Må seie det er sterkt gjort å byte tastaturoppsett! Trur aldri eg hadde klart det.

  3. Tilbakeping: (sb)log - DVORAK

  4. Odin

    Det gaar saers godt! Eg skriv betre Dvorak enn Qwerty no fann eg ut her i Frankriket. Sqvnqr Dvorak :(((

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.